Lovatnet i skodde, Loen
For turoperatørar, agentar og incoming-byråFor tour operators, agents and incoming agencies

Turoperatør.Travel trade.

Nordfjord strekkjer seg frå Stadhavet i vest til Jostedalsbreen i aust — hav, fjord og bre på under to timars køyring. Her finn du korleis gjestene dine kjem hit, kva du kan setje saman og kven du snakkar med hos oss.Nordfjord runs from the open Stad Sea in the west to the Jostedalsbreen glacier in the east — ocean, fjord and glacier within a two-hour drive. Here is how your guests get here, what you can put together and who to talk to.

Foto: Visit Nordfjord
Kvifor NordfjordWhy Nordfjord

Kysten, fjorden og breen — i same reiserute.Coast, fjord and glacier — in one itinerary.

Det som skil Nordfjord frå dei fleste fjordregionane, er avstanden mellom ytterpunkta. Ein gjest kan stå på Vestkapp om morgonen og sjå på blåisen om ettermiddagen. Det gjer regionen uvanleg lett å byggje program i — også for korte opphald.What sets Nordfjord apart from most fjord regions is how close the extremes are. A guest can stand at Vestkapp in the morning and look at blue glacier ice the same afternoon. That makes the region unusually easy to build programmes around — short stays included.

106 km
Frå hav til breOcean to glacier
Stadhavet i vest, Jostedalsbreen i aust.The Stad Sea west, Jostedalsbreen east.
4
KommunarMunicipalities
Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn med medlemmer òg i nærliggande kommunar.Bremanger, Gloppen, Stad and Stryn, with members in neighbouring municipalities too.
2025
Merket for berekraftig reisemålSustainable Destination label
Eit av berre fire nye reisemål i Noreg det året.One of only four new destinations in Norway that year.
5
AnløpsstaderCall locations
Kaianløp i Olden, Måløy og Nordfjordeid. Loen og Sandane tek tender.Alongside berths at Olden, Måløy and Nordfjordeid. Loen and Sandane take tenders.
Kart & reiseMap & travel

Slik kjem gjestene dine hit.How your guests get here.

Nordfjord ligg midt i Fjord Norge med gode samband via veg, buss, båt og fly. For dei fleste marknadene er Bergen eller Ålesund naturleg inn- og utreise.Nordfjord sits in the heart of Fjord Norway, well connected by road, bus, boat and air. For most markets Bergen or Ålesund is the natural gateway.

Oversiktskart og ikkje i målestokk. Pilene peikar i retning av stader utanfor regionen med køyreavstand frå Stryn. Vel eit område for å lese meir om det.Overview map, not to scale. The arrows point towards places outside the region, with driving distance from Stryn. Choose an area to read more about it.

FlyAir

  • Sandane (SDN)Sandane (SDN)Midt i Nordfjord. Widerøe flyg dagleg til Oslo og Sogndal.In the heart of Nordfjord. Widerøe flies daily to Oslo and Sogndal.
  • Ørsta–Volda (HOV)Ørsta–Volda (HOV)Ca. 50 minutt frå Nordfjordeid. Fem daglege avgangar til Oslo.About 50 minutes from Nordfjordeid. Five daily departures to Oslo.
  • Ålesund (AES)Ålesund (AES)Internasjonale ruter ca. 2,5–3 timar unna. Òg Florø (FRO) og Bergen (BGO).International routes, about 2.5–3 hours away. Also Florø (FRO) and Bergen (BGO).
Rutetider: avinor.no ↗Timetables: avinor.no ↗

BåtSea

  • Ekspressbåt frå BergenExpress boat from BergenSkyss rute 190 med stopp i m.a. Florø, Smørhamn, Måløy og Selje.Skyss route 190, calling at Florø, Smørhamn, Måløy and Selje among others.
  • KystrutaThe coastal routeHurtigruten og Havila har dagleg avgang. Måløy er næraste hamn; elles Florø, Torvik og Ålesund.Hurtigruten and Havila sail daily. Måløy is the nearest port; otherwise Florø, Torvik and Ålesund.
  • Ferje over fjordenFerries across the fjordAnda–Lote på E39, Stårheim–Isane på fv. 614 og Oldeide–Måløy. Inga bru kryssar Nordfjorden.Anda–Lote on the E39, Stårheim–Isane on county road 614 and Oldeide–Måløy. No bridge crosses the Nordfjord.
Rutetider: skyss.no ↗Timetables: skyss.no ↗

BussCoach

  • VY146VY146Oslo–Oslo lufthamn–Otta–Lom–Stryn–Nordfjordeid–Måløy. Oslo–Stryn tek knappe åtte timar.Oslo–Oslo Airport–Otta–Lom–Stryn–Nordfjordeid–Måløy. Oslo–Stryn takes just under eight hours.
  • VY430VY430Bergen–Førde–Nordfjordeid–Volda–Ålesund.Bergen–Førde–Nordfjordeid–Volda–Ålesund.
  • Til TrondheimTo TrondheimIngen direkte buss — byt på Otta. Lokalbuss i regionen går med Skyss.No direct coach — change at Otta. Local buses in the region run with Skyss.
Planlegg: entur.no ↗Plan: entur.no ↗

BilRoad

  • E39 nord–sørE39 north–southHovudvegen langs Vestlandet med ferje over Nordfjorden ved Anda–Lote.The main road along western Norway, with a ferry across the Nordfjord at Anda–Lote.
  • Rv15 aust–vestRv15 east–westOver Strynefjellet frå Otta og Lom, heilt ut til Måløy.Over the Strynefjell from Otta and Lom, all the way out to Måløy.
  • Gamle StrynefjellsvegenThe Old Strynefjell RoadNasjonal turistveg, fv. 258 Grotli–Videsæter på 27 km. Open om lag medio juni til slutten av september.National Tourist Route, county road 258 Grotli–Videsæter, 27 km. Open roughly mid-June to late September.
Vegmeldingar: vegvesen.no ↗Road status: vegvesen.no ↗
Geiranger 75 kmLom 125 km Ålesund 140 km · ca. 2,5 tapprox. 2.5 h Bergen 300 km · ca. 5 tapprox. 5 h Trondheim 405 kmOslo 475 km
Om bord på ferja over Nordfjorden Foto: Visit NordfjordPhoto: Visit Nordfjord
ProduktetThe product

Fire ting du kan byggje program rundt.Four things to build a programme around.

Fjord og breFjord and glacier

Nordfjorden går 106 kilometer inn frå havet til Jostedalsbreen, Europas største fastlandsbre med Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen som dei mest tilgjengelege armane. Innst ligg dei kjende innsjøane Lovatnet og Oldevatnet. Loen Skylift tek gjestene frå fjorden til 1 011 meter på fem minutt.The Nordfjord runs 106 kilometres inland from the sea to Jostedalsbreen, mainland Europe's largest glacier, with Briksdal and Kjenndal as the most accessible arms. At its head lie the famous lakes Lovatnet and Oldevatnet. Loen Skylift takes guests from the fjord to 1,011 metres in five minutes.

Kyst og havCoast and ocean

Stad-halvøya og Vestkapp, surfestrendene i Hoddevik og Ervik, den veglause Vetvika i Bremanger, fiskeværet Kalvåg og Selja kloster frå 1000-talet. Stad skipstunnel, den første i verda for skip, blir bygd frå 2027. Ope hav, eit heilt anna landskap enn indre fjord.The Stad peninsula and Vestkapp, the surf beaches at Hoddevik and Ervik, roadless Vetvika in Bremanger, the fishing village of Kalvåg and the 11th-century Selja monastery. The Stad ship tunnel, the first of its kind in the world, is being built from 2027. Open ocean, a different landscape entirely from the inner fjord.

AktivtActive

Nordfjord er ein aktivitetsdestinasjon heile året. Sommar: via ferrata, kajakk, brevandring, sykkel, RIB, fisking og fjellturar frå kaikanten. Vinter: topptur på ski, trugetur, aking og alpinanlegg. Sommarski på Strynefjellet når snøen held. Mykje av dette går som halvdagsprogram.Nordfjord is an activity destination all year round. Summer: via ferrata, kayaking, glacier walking, cycling, RIB trips, fishing and hikes from the quayside. Winter: ski touring, snowshoeing, sledging and ski resorts. Summer skiing at Strynefjellet while the snow holds. Much of it works as a half-day programme.

Kultur og matCulture and food

Sagastad med vikingskipet Myklebustskipet, Operahuset Nordfjord, Nordfjord Folkemuseum og eit lokalmatmiljø som held til på gardane. Vingen — ei av Nord-Europas største helleristningsfelt — er freda og krev guide.Sagastad with the Myklebust Viking ship, Operahuset Nordfjord, Nordfjord Folk Museum and a local food scene rooted on the farms. Vingen — one of northern Europe's largest rock art sites — is protected and requires a guide.

HøgdepunktHighlights

Hovudattraksjonane.The main attractions.

Frå bre til storhav — dei stadane gjestene spør etter og som ber eit program. Alle ligg innanfor to timars køyring.From glacier to open sea — the places guests ask for and that carry a programme. All within two hours of driving.

Loen Skylift

Loen Skylift

Gondol frå fjorden til Hoven (1 011 moh.) på fem minutt — restaurant, via ferrata og zipline på toppen.Cable car from the fjord to Mount Hoven (1,011 m) in five minutes — restaurant, via ferrata and zipline at the top.

Briksdalsbreen

BriksdalsbreenBriksdalsbreen Glacier

Den mest kjende brearmen til Jostedalsbreen — til fots eller med troll-bil opp gjennom Briksdalen.The most famous arm of the Jostedalsbreen glacier — on foot or by “troll car” up through the Briksdal valley.

Lovatnet i Lodalen med Kjenndalsbreen bak

Lodalen & Lovatnet

Smaragdgrønt brevatn, dramatisk historie og Kjenndalsbreen inst i dalen.Emerald glacier water, dramatic history and the Kjenndal glacier at the valley's end.

Skåla

SkålaMount Skåla

1 848 moh. rett opp frå fjorden, i éi samanhengande stigning. På toppen står Skålatårnet frå 1891 og Skålabu tek imot overnattingsgjester.1,848 m straight up from the fjord — Norway's longest continuous ascent. At the summit stand the Skåla tower from 1891 and the Skålabu cabin, where hikers can stay the night.

Oppstryn & Hjelle

Oppstryn & Hjelle

Der fjorden endar og fjella tek over — inngangsporten til Jostedalsbreen nasjonalpark og Gamle Strynefjellsvegen.Where the fjord ends and the mountains take over — the gateway to Jostedalsbreen National Park and the Old Strynefjell road.

Hoddevik & Ervik

Hoddevik & Ervik

Atlanterhavsbølgjer, kvit sand og Noregs største sanddyne — surfebygdene på Stadlandet er eit fotomotiv i seg sjølv.Atlantic swells, white sand and Norway's largest sand dune — the surf villages of the Stad peninsula are a photo essay in themselves.

Vestkapp

VestkappWest Cape

Det vestlegaste fjellplatået på fastlands-Noreg (497 moh.) — 360 graders utsikt over Stadhavet.Norway's westernmost mountain plateau (497 m) — a 360-degree panorama over the Stad Sea.

Selja kloster

Selja klosterSelja Monastery

Klosterøya utanfor Selje — pilegrimsmål sidan mellomalderen, med klosterruinar og legenda om St. Sunniva.The monastery island off Selje — Norway's first holy site, with 12th-century ruins and the legend of St. Sunniva.

Seljesanden

SeljesandenSeljesanden Beach

Lang, kvit strand rett ved Selje sentrum — utgangspunkt for klosterbåten til Selja.A long white beach right by Selje village — and the departure point for the boat to Selja.

Sagastad

Sagastad

Vikingsenteret på Nordfjordeid med Myklebustskipet — Noregs største kjende vikingskip, 30 meter langt.The Viking centre in Nordfjordeid, home of the Myklebust ship — Norway's largest known Viking ship at 30 metres.

Hornelen

HornelenMt. Hornelen

Europas høgste sjøklippe (860 moh.) — sjømerke i tusen år, no òg med via ferrata til topps.Europe's highest sea cliff (860 m) — a seafarers' landmark for a millennium, now with a via ferrata to the summit.

Grotlesanden

Grotlesanden

Silkekvit sand i hundrevis av meter, mot ope hav så langt auget rekk — ei av Noregs vakraste strender.Hundreds of metres of silky white sand facing the open sea — one of Norway's most beautiful beaches.

Kalvåg

Kalvåg

Eit av dei best bevarte fiskeværa på Vestlandet — brygger, sjøhus og levande kystkultur.One of Western Norway's best-preserved fishing villages — quays, sea houses and living coastal culture.

Vingen

Vingen

Eitt av Nord-Europas største helleristningsfelt: 2 200+ figurar, kring 6 000 år gamle. Verna — tilgang med guide.One of Northern Europe's largest rock-carving sites: 2,200+ figures, some 6,000 years old. Protected — guided access only.

Vetvika

Vetvika

Kritkvit strand mot azurblått hav — hit kjem du berre til fots eller med båt.A chalk-white beach meeting an azure sea — reachable only on foot or by boat.

Eggenipa spegla i vatnet

Eggenipa

Ein spiss pyramidetopp på 1 338 meter over Byrkjelo. Frå Egge tek det om lag to og ein halv time opp.A sharp 1,338-metre pyramid peak above Byrkjelo. From Egge the summit takes about two and a half hours.

Holvikejekta i det nye museumsbygget på Sandane

Holvikejekta

Ei 20 meter lang klinkbygd jekt frå 1881 — den einaste store opne som er teken vare på i Noreg. Nytt museumsbygg opna juni 2025.A 20-metre clinker-built cargo jekt from 1881 — the only large open one preserved in Norway. New museum building opened June 2025.

Familie framfor eit gamalt tømmerhus på Nordfjord Folkemuseum

Nordfjord Folkemuseum

Førtifire antikvariske hus frå heile Nordfjord, sette opp att i lia over Sandane. Museet opna i 1920.Forty-four historic houses from across Nordfjord, re-erected on the hillside above Sandane. The museum opened in 1920.

Også verdt å kjenne til: Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn · Trivselsskogen på Sandane (6 km sti, bygd på dugnad) · Kandalen i Breim · Vereide kyrkje og gravfelt · Harpefossen skisenter · Naustdal–Gjengedal landskapsvernområde.Also worth knowing: the Jostedalsbreen National Park Centre in Oppstryn · Trivselsskogen at Sandane · Kandalen in Breim · Vereide church and burial ground · Harpefossen ski centre · the Naustdal–Gjengedal protected landscape.

ReiseruterItineraries

Ferdige ruter du kan byggje på.Ready-made itineraries to build on.

Døgn for døgn gjennom regionen med opplevingar, avstandar og sesong på plass. Bruk dei som dei er, eller plukk delar inn i ditt eige program.Day by day through the region, with experiences, distances and season already worked out. Use them as they stand, or lift parts into your own programme.

Rutene ligg ope på nett og fleire kjem fortløpande.The itineraries are published online, and more are added as they are finished. Sjå alle reiserutene ↗See all itineraries ↗ Treng du ei tilpassa rute, seier du frå.Need a tailored programme? Just ask. Be om eit forslag ↗Request a proposal ↗

SamarbeidWorking together

Slik jobbar vi med deg.How we work with you.

Vi er destinasjonsselskapet og ikkje eit incoming-byrå. Vi sel ikkje pakkar sjølve og tek ikkje kommisjon — men vi koplar deg til aktørane kvalitetssikrar informasjonen og hjelper deg å få programmet til å henge saman.We are the destination company, not an incoming agency. We do not sell packages ourselves and take no commission — but we connect you with the operators, quality-assure the information and help make the programme hang together.

ReiseruterItineraries

Vi set opp forslag til reiseruter med overnatting, aktivitetar, attraksjonar og guidetenester og seier frå kva som realistisk lèt seg gjennomføre på tida du har.We put together itinerary suggestions with accommodation, activities, attractions and guiding, and tell you what realistically fits the time you have.

VisningsturarSite visits and FAM trips

Visningsturar og FAM-turar i samarbeid med Innovasjon Noreg og Fjord Norway. Ta kontakt i god tid for dei beste vindauga ligg utanfor høgsesongen.Site visits and FAM trips in cooperation with Innovation Norway and Fjord Norway. Get in touch early, as the best windows are outside high season.

Bilete og materiellImages and material

Fri tilgang til foto- og videobanken vår til ikkje-kommersiell bruk og nyheitsbrev med det som er nytt i regionen.Free access to our photo and video bank for non-commercial use, plus a newsletter with what is new in the region.

Merka sidan 2025Certified since 2025

Kva merket tyder for deg som sel Nordfjord.What the label means for you selling Nordfjord.

Nordfjord har Merket for berekraftig reisemål, ei nasjonal ordning som Innovasjon Noreg eig og forvaltar. Det er ikkje ei miljøgodkjenning av kvar enkelt bedrift, men eit kvalitetsstempel på at kommunane, næringa og destinasjonsselskapet arbeider systematisk og blir kontrollerte annakvart år. For deg tyder det at du kan vise til dokumenterte målingar — og at du kan spørje oss om kva som faktisk står bak.Nordfjord is certified as a sustainable destination — a national scheme owned and administered by Innovation Norway. It is not an environmental approval of each individual business, but a mark that the municipalities, the industry and the destination company work systematically and are audited every two years. For you it means documented measurements you can point to — and that you can ask us what actually sits behind them.

Merkeordninga for berekraftig reisemål er i regi av Innovasjon Noreg. Miljøfyrtårn er ei norsk miljøsertifiseringsordning.The Sustainable Destination scheme is run by Innovation Norway. Eco-Lighthouse is a Norwegian environmental certification scheme.

Kyr ved Oldevatnet
KontaktContact

Snakk med oss.Talk to us.

Eitt menneske, éin inngang — vi svarar raskt og koplar deg vidare til rett aktør.One person, one door in — we reply quickly and connect you with the right people.

Beate Vik Hauge
Travel tradeTravel trade
Beate Vik Hauge
Kommunikasjonsleiar — ansvarleg for travel trade, B2B og presseHead of Communications — travel trade, B2B and press
MobilMobile+47 907 86 563

Visit Nordfjord AS
Det offisielle destinasjonsselskapet for Nordfjord-regionenThe official destination company for the Nordfjord region
Perhusvegen 24, NO-6783 Stryn
mail@nordfjord.no · nordfjord.no ↗

Presse og turoperatørar: Beate Vik Hauge,Press and tour operators: Beate Vik Hauge, beate@nordfjord.no