Eggenipa Gloppen Sommar - Dag Ulvedal
©Dag Ulvedal / Visit Nordfjord
Eggenipa Vinter i Gloppen - Dag Ulvedal
©Dag Ulvedal / Visit Nordfjord
Rafting i Våtedalen i Gloppen
©@jvingtoft
Øvresetstøylen - Thomas Sagvik
©Thomas Sagvik
Byrkjelo, Gloppen -  Cole Rise / Matador Network
© © Cole Rise / Matador Network / www.fjordnorway.com

Eit naturleg utgangspunkt i Nordfjord

Byrkjelo er lita bygd i Nordfjord, omgitt av fjell, dalar og levande kulturlandskap. Her møtest natur, aktivitetar og bygdeliv, eit perfekt utgangspunkt for opplevingar året rundt.

Byrkjelo ligg i Gloppen kommune, midt mellom fjord og fjell, der E39 møter vegen vidare mot Stryn eller Nordfjordeid. Herifrå har du kort veg til nokre av dei mest spektakulære naturopplevingane i Nordfjord.

Bygda ligg i ein brei og frodig dal som strekkjer seg frå Jostedalsbreen og ned mot Breimsvatnet. Jordbruket står sterkt her, og det grøne kulturlandskapet er omringa av bratte fjell som reiser seg rundt.

Det ikoniske fjellet Eggenipa har sett Byrkjelo på kartet. Den markante toppen er synleg frå store delar av området og er eit naturleg landemerke for både fastbuande og tilreisande.

Eggenipa sommar Dag Ulvedal

Utsyn over Eggenipa i Gloppen @ Dag Ulvedal / Visit Nordfjord

Heile året

Vår 

Når snøen smeltar frå Eggenipa og dalane grønkar, opnar turstiane seg att rundt Byrkjelo. Køyrer du vegen gjennom Våtedalen kan du sjå at snøsmeltinga gir kraftfulle fossefall og store elvar. Ta gjerne turen innom Gloppen skulpturpark (Kleppeparken) når du kjem til Byrkjelo. Der kan du oppleve skulpturar av mellom andre Audun Hugleiksson og Oddvar Torsheim.

Sommar 

Sommaren er høgsesong for friluftsliv, med gode moglegheiter for fjellturar, sykling, bading, fiske og camping. Populære opplevingar er turen til Eggenipa, sykling i Myklebustdalen og bading i Breimsvatnet. Den andre helga i juli fyllest området med liv når Norsk Countrytreff går av stabelen, med konsertar og aktivitetar for alle aldrar.

Haust 

Eggenipa og Våtedalen er på sitt vakraste i haustfargane – og med langt færre folk enn om sommaren. Byrkjelo Camping ligg perfekt til i dette landskapet, og er eit godt utgangspunkt for fleire turar i området.

Vinter 

Når snøen legg seg, er Byrkjelo eit godt utgangspunkt for ski. Dersom det er ein snørik vinter har Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet  fleire nedfartar og eit familievenleg tilbod. I tillegg finn du preparerte langrennsløyper, lysløype i området og mange toppturmoglegheiter.

Utsikt mot Eggenipa - Helene Moo Myhre

Foto: Utsikt mot Eggenipa @ Helene Myhre

Eggenipa Gloppen Sommar - Dag Ulvedal

Foto: Eggenipa i Gloppen @ Dag Ulvedal / Visit Nordfjord

Naturopplevingar og utflukter

Naturen er den største attraksjonen i Byrkjelo og omegn. Den karakteristiske toppen Eggenipa ruvar over bygda og er eit av dei mest kjende landemerka i regionen. Turen til toppen gir ei luftig og spektakulær oppleving med vid utsikt over fjord og fjell. Turen er lang så førebu deg godt før du byrjar.

Våtedalen strekkjer seg sørover frå Byrkjelo og er eit imponerande dalføre forma av isbrear. Her renn elva gjennom eit dramatisk landskap, og området er kjent for både natur og dyreliv. 

Myklebustdalen er eit meir tilgjengeleg turområde som eignar seg godt for både fotturar og sykling. Dei høge fjella og dei spektakulære fossane gir ei mektig ramme rundt turen. 
Breimsvatnet ligg i nærleiken og er eit vakkert innsjøområde omgitt av fjell, og er eit populært mål for både tur og fisking. 

 

Aktivitetar for heile familien

Byrkjelo er godt tilrettelagt for familiar som ønskjer ei aktiv og variert ferieoppleving. Området har mange merka turstiar i ulike vanskegradar, slik at både små og store kan finne turar som passar. 

Det fins gode moglegheiter for bading, sykling og enkle naturopplevingar som passar for barn. Byrkjelo stadion er også ein viktig del av kulturlivet i bygda, og har vore arena for både nasjonale meisterskap og kjende friidrettsarrangement.

Eit populært overnattingsalternativ er Byrkjelo Camping, som tilbyr både hytter, teltplass og oppstillingsplassar for bubil og campingvogn. Campingplassen har eit stort uteområde med leikeplass, grillmoglegheiter og eit eige badeanlegg med oppvarma basseng i sommarsesongen. Her ligg alt til rette for ein trygg og triveleg familieferie, samtidig som ein har kort veg til både natur og sentrum. 

Ski på Utvikfjellet - Saltnwax

Foto: Vinter i Gloppen @ Saltnwax

Fiske i og rundt Byrkjelo

Fiske er ein viktig del av friluftslivet i området. Breimsvatnet er særleg kjend for sin bestand av storørret, og er eitt av få vatn i regionen med dokumentert stor fisk. Dei djupe vassmassane og dei dramatiske omgjevnadene gir ei heilt spesiell ramme rundt fiskeopplevinga. 

Elvane i området, som Breimselva og elva i Våtedalen, har også gode forhold for ørretfiske. For å fiske i Breimsvassdraget må ein kjøpe fiskekort, som er tilgjengeleg fleire stader i bygda, mellom anna på campingplassar og i butikkar. 
 

 

Byrkjelo er ein stad der natur, aktivitet og historie møtest. Enten du kjem for fjellturar, fiske, familieferie eller vinteraktivitetar, finn du gode opplevingar i denne vesle, men innhaldsrike staden i Nordfjord. 

 

Praktisk informasjon

Avstand frå flyplassane:

Ørsta/Volda lufthamn Hovden: ca. 85 km (ca. 2 timar) 

Sandane lufthamn Anda: ca. 30 km (ca. 30 minutt) 

Ålesund lufthamn Vigra: ca. 200 km (ca. 3 timar og 30 minutt) 

Bergen lufthamn Flesland: ca. 250 km (ca. 4 timar) 

Det er direktefly frå Oslo og Bergen til Ørsta/Volda og Sandane. Til Ålesund går det også direktefly frå mellom anna Trondheim, London, København, Amsterdam, Frankfurt og Gdansk. 

Korleis kome seg hit:

Byrkjelo ligg langs E39 i Gloppen kommune, og er lett tilgjengeleg med bil frå både Ålesund, Bergen og indre delar av Austlandet. Bygda er lett tilgjengelegt frå andre delar av, Nordfjord, med gode tilkomstvegar vidare mot Stryn og Sunnfjord. Det er gode parkeringsmoglegheiter i sentrum. Buss går dagleg gjennom området, utforsk di reiserute her:

skyss.no

nor-way.no

vy.no  

Norled.no

Våtedalen - Ruben Soltvedt

Foto: Våtedalen @ Ruben Soltvedt

Opplevingar og aktivitetar på Byrkjelo

Overnattingar på og rundt Byrkjelo