Gloppen
Langrenn i Gloppen
©Rebecca Boyesen
Gloppen
©Saltnwax
Gloppen Seter
Gloppen
Langrenn i Gloppen
©Saltnwax
Vinter i Gloppen
Sykling på Haugsvarden
©Saskia Dougon

Gloppen tilbyr opplevingar for heile familien

Traudalen i Gloppen

 

Av og til er det smart å svinge av den tradisjonelle ruta og oppdage skatten du ofte køyrer forbi. Gloppen kommune er ein slik skatt. Visjonen «Ein rikare kvardag, midt i verda» er ikkje tilfeldig valt i Gloppen, du kan merke at dei meiner det. 

 

Gloppen er eit mekka for deg som er opptatt av å bevege deg og vere aktiv med vener eller familie. På Sandane finn du kanskje Noregs flottaste nærturområde i Trivselsskogen. Av fjell er Eggenipa noko dei aller fleste ynskjer å bestige. Er du på jakt etter det spektakulære, vil langturen til Gjegnen vere din tur. Kanskje er turane rundt u-dalane i Jardalen og Breidalen ei høveleg utfordring? Området i Gloppen er tilgjengeleg – du må berre ville gå. Nyt turane med familien og vener, trekk inn champagnelufta og bruk så lang tid du vil.

Gloppen er eit kick for deg som driv stisykling, og ein dag drøymer du kanskje om ruta frå Haugsvarden. Rundt om i kommunen kan du sykle deg fram til dei aller fleste stølsområda på gode grusvegar. Nordfjord Stisenter er tilrettelagt for at alle skal kose seg i dei doserte svingane. Foto: © Dina Rygg 

Våtedalen rafting

© Matilde Ulleland Kvamme

Kultur og historie

 

Gloppen er som eit stort historieleksikon for deg som er interessert i kultur og lokalsoge. Eit rikt funn med Eidehøvdingen viser at det har budd store krigarar i området. Gloppen har òg den største og einaste autentiske klinkbygde jekta som er att i Noreg. Holvikejekta vert av entusiastar omtala som «sjøen si stavkyrkje».

 

Mat er viktig, og i Gloppen er det ekstremt viktig. Lokalmatprodusentane er stolte av varer som har hausta prisar over heile verda. Gardsbrenneriet, Påldtun, Sølvane Gard og Kandal Ysteri og Gardsmat utgjer stammen av dyktige produsentar. Vi kan også anbefale eit besøk på Gloppen Hotell der ein kan nyte heimelaga og nydeleg mat frå eit prisbelønna kjøkken.

 

Foto: © Dina Rygg

 

 

Bestefar i Gloppen

Mat og drikke i Gloppen

 

Påldtun
Badebasseng Gloppen

Familien vil finne seg godt til rette i Gloppen


Eit usedvanleg godt utbygd tilbod ventar for den som vil vere aktiv. Her er nokre opplevingar som ventar i Gloppen:

- Badebasseng med sklie og stupetårn i Trivselshallen
- Riding på hest organiserer Stall Rygg eller Fjordhestgarden på Breim
- Klatrevegg på 15 meter i Trivselshallen og utandørs på Sagflotane
- Nordfjord Stisenter på Vereide for stisykling
- Gloppen padleklubb har kajakk ved Sandane Fjordpanorama
- Mange flotte fiskevatn i fjellet med god plass til teltet

 

Leig eit koseleg støylshus med hest 


Stall Rygg tilbyr ei nasjonalromantisk oppleving for heile familien, med riding og køyring på heilårsbasis. Turane kan leggjast opp etter eigne ynskje og ferdigheiter – vakker natur vert endå meir uforgløymeleg frå hesteryggen. For dei som vil ha meir enn ein dagstur, er rideweekend med overnatting i tradisjonelt støylshus eit minneverdig val.

Foto: © Gloppen Kommune

Aktivitetar i Gloppen

 

Gloppen vandring med familie

 

Fargerike inntrykk til minneboka

 

Gloppen er kulturkommunen i Nordfjord. Fleire festivalar vert arrangert kvart år. Om du vil besøke ein av dei, finn du mange flotte campingplassar, hotell eller tretopphytter å overnatte i.

Gloppen er ei uoppdaga perle for deg som vil ha noko litt annleis – for deg som ikkje vil stå i kø, men som vil oppleve og ta inn inntrykka i eige tempo. Gloppen er som ein stor aktiv naturpark med tilbod av ein kvalitet du kanskje ikkje hadde forventa på ein litt mindre plass.

Berre éi oppfordring: sving av hovudvegen og opplev magien.

 

© Helene Myhre / @helenemoo

Eggenipa Helenemoo

Overnatting i Gloppen

 

Vandring i Gloppen skumring

© Rebecca Boyesen

Finn meir informasjon om Gloppen kommune.

Turistkart