Bremanger
©Viggo

Bli med på Nordfjord-laget

Du driv ei reiselivsbedrift i ein av Noregs mest attraktive regionar. La oss sørgje for at gjestene finn deg.

Kva får du som medlem?

Som medlem i Visit Nordfjord får du tilgang til marknadsføring, fagleg nettverk og ressursar som gjer det enklare å drive ei lønsam og berekraftig reiselivsbedrift.

Visit Nordfjord er destinasjonsselskapet for heile Nordfjord-regionen. Vi jobbar kvar dag for å få fleire gjester til regionen – og for at dei gjestene skal finne nettopp deg. Medlemsbedriftene våre blir del av eit nettverk som marknadsfører Nordfjord, Vestlandet og Noreg til verda. 

Meir synlegheit

Vi sørgjer for at produktet ditt når gjestane der dei faktisk søkjer – i Noreg og langt utanfor landegrensene.

– Presentasjon på nordfjord.no med bilete, tekst og direktelenkje til di eiga nettside og booking

– Fjord Norway og Visit Norway driv heilårleg, alltid-på marknadsføring mot utanlandske turistar i heile Europa og andre prioriterte marknader. Gjennom presentasjonen din på nordfjord.no sørgjer vi for at du automatisk er ein del av dette arbeidet – vi legg inn innhaldet ditt på fjordnorway.com og visitnorway.com utan at du treng løfte ein finger.

– Synlegheit gjennom eventuelle presseturar, visningsturar for turoperatørar, messer og workshops i utvalde marknader

– Tilgang til merkevara «Nordfjord – Alt i ein fjord» og felles nasjonale og internasjonale kampanjar

– Moglegheit for å bli løfta fram i sosiale medium-kanalane våre 

 

Del av eit fellesskap

Du kjem inn i eit fagleg nettverk der vi deler kunnskap, erfaringar og gode løysingar.

– Felles medlemsmøte og kick-off – møteplassar som gjev inspirasjon, nettverk og fagleg påfyll

– Eksklusiv tilgang til medlemsportalen på SharePoint, felles Facebook-gruppe og nyheitsbrevet Nordfjord Nytt

– Kostnadsfrit rådgjeving på inntil 2 timar per år

– Tilgang til kursportalen Motimate med kurs i vertskap, berekraft og meir

– Visit Nordfjord er sertifisert som berekraftig reisemål gjennom Innovasjon Norge – eit merke heile reiselivet i Nordfjord dreg nytte av

Skreddarsydd partnarskap

Standardmedlemskapet er utgangspunktet. Vil du nå lenger, kan vi lage ei eiga avtale med tiltak tilpassa akkurat di bedrift.

– Skreddarsydde tiltak, tenester eller satsingar – planlagde saman

– Innhald og omfang avtalar vi nærmare

– Pris og rammer blir avtalt direkte mellom partane

Høyres dette interessant ut? Ta kontakt, så tek vi ein uforpliktande prat. 

Ein organisasjon du kan stole på

Visit Nordfjord er sertifisert som berekraftig reisemål av Innovasjon Norge. Vi er reiselivsaktørane sitt felles talerøyr og den leiande marknadsføraren for Nordfjord-regionen. Med oss i ryggen er du ikkje åleine.

Teamet vårt har høg kompetanse på reiseliv, marknadsføring, digitale medium og innhaldsproduksjon, og gjer kvar dag ein innsats for at fleire skal oppdage heile Nordfjord heile året.

 

Klar til å bli med?

Ta gjerne kontakt med oss, det er heilt uforpliktande – vi finn saman ut kva som passar best for bedrifta di. 

Lars Endre Gimmestad

Dagleg leiar 

Lars Endre Gimmestad

E-post: lars.endre@nordfjord.no

Benedicte Elsrud Willand

Dagleg leiar (i permisjon)

Benedicte Elsrud Willand

E-post: benedicte@nordfjord.no