Stad
Stad er heimstaden til det ikoniske surfeparadiset Hoddevik, Vestkapp – det vestlegaste fjellplatået i Noreg, ein av verdas eldste hesterasar, Fjordhesten, Myklebustskipet – eitt av verdas største vikingskip, Selja kloster og Noregs einaste kvinnelege helgen, Sankt Sunniva.
Nordfjordeid er kommunesenteret i Stad og ligg midt i Nordfjord - ein perfekt «Base Camp» for ditt Nordfjordeventyr, med kort veg til «alt i ein fjord».
Ta ein rusletur i Eidsgata når du er på Nordfjordeid. Dette er ei idyllisk handlegate med eit unikt trehusmiljø som er lista i Riksantikvaren sitt NB!-register. Gata består av fleire små, sjarmerande butikkar og koselege kaféar. Her kan du kjenne dufta av nybaka bakst frå Minibakeriet, eller ta turen innom den populære restauranten China Restaurant Chen.
Selja kloster © Helle Frogner
Midt i Nordfjordeid sentrum, rett ved Eidsgata, ligg ei av dei mest spektakulære vikinggravene i Noreg. Her vart ein vikingkonge gravlagt og brent saman med skipet sitt, Myklebustskipet – det største vikingskipet ein har funne spor etter i Noreg.
I dag har Myklebustskipet reist seg frå oska berre få meter frå fjorden der skipet segla for over 1000 år sidan. Du kan oppleve det i all si prakt i det imponerande «naustet» Sagastad. Her kan du gå om bord i skipet og kjenne deg som ein ekte viking.
Rett ved Sagastad ligg Sagaparken, der du kan grille, slappe av eller ta eit bad i Nordfjorden. Her finn du også ei lita bystrand og den populære Nordfjord-skulpturen. Ei vandring i Sagaløypa tek deg gjennom Nordfjordeid si historie frå vikingtida og fram til i dag.
I Nordfjordeid ligg også Noregs første militære øvingsplass, Malakoff, etablert i 1649. Hit strøymde soldatar frå heile regionen for å trene til rekruttskule og bataljonsøvingar.
I dag strøymer ungdommen tilbake til den gamle eksersisplassen når Malakoff Rockfestival går av stabelen kvar sommar. Festivalen er ein av dei største i Noreg og samlar rundt 30 000 besøkande og artistar frå heile verda.
Om du er klar for litt aktivitet i Nordfjordnaturen kan du ta ein topptur til Trollenykjen. Turen startar i Nordfjordeid sentrum på 0 moh og går opp til 898 moh. Stigninga er litt brattare enn sjølvaste Skåla i Loen.
Når du kjem opp til denne trolske fjelltoppen blir du belønna med ei storslagen utsikt over sju prestegjeld og Nordfjorden på begge sider av toppen. Ei magisk oppleving er å gå turen ein lys sommarnatt, sove under open himmel eller i telt – og vakne til soloppgangen.
Malakoff 2018
Vestkapp © Ruben Soltvedt
Nordfjordeid er også heimstaden til fjordhesten – ein av dei eldste og mest karakteristiske hesterasane i verda. Her ligg Norsk Fjordhestsenter, det nasjonale kompetansesenteret for rasen. Her kan du møte denne vakre og sterke hesten på nært hald og bli med på ridetur i det vakre fjordlandskapet i Nordfjord. Ein tur på fjordhest gjennom grøne bakkar og med utsikt mot fjorden gir ei heilt spesiell oppleving av naturen og kulturlandskapet i området.
Om du er klar for eit lite stykke Nordfjordeventyr til seters, bør du ta turen til Lotsstøylen. Her er det framleis aktiv stølsdrift, og både kyr og fjordhestar beitar i dei grøne bakkane rundt setra om sommaren. Den idylliske setra er som eit postkort frå ei svunnen tid, der tradisjonar og natur går hand i hand. Frå støylstunet får du ei fantastisk utsikt over Nordfjorden og dei snødekte fjella som rammar inn landskapet.
Frå Lotsstøylen kan du følgje setervegen vidare opp til toppen av Trolledalsegga (1020 moh), også kalla Sagtindane. Turen er forholdsvis lett å gå og passar for mange. Når du kjem til toppen blir du belønna med ei mektig utsikt i alle retningar. Mot aust ser du Hornindalsvatnet – Nord-Europas djupaste innsjø med ei djupn på 514 meter – medan du mot vest får ei av dei finaste utsiktene over Nordfjorden, der fjordarmane strekkjer seg på begge sider av fjellryggen. Dette er ein av dei lettaste toppturane i området, men med ei utsikt som verkeleg gjer inntrykk.
Vandring på Nordfjordeid
Nordfjordeid byr på fleire fine vandreturar i sentrum. Her kan du rusle gjennom den idylliske Eidsgata med historiske trehus, ta ein strandpromenade langs fjorden eller gå til Malakoff og vidare langs Eidselva der villaksen sym. Jektehola ved Eidselva er perfekt for ein liten piknik – her står grillen klar for turfolk.
Frå Nordfjordeid finn du mange lett tilgjengelege toppturar, og du treng ikkje gå mange høgdemeter før du får panoramautsikt over Nordfjorden. Frå Trollenykjen (998 moh.) ser du både ned til Nordfjordeid sentrum og Nordfjorden på begge sider av toppen. Ein favoritt for små og store er turen til Dagsturhytta på Naustdalskamben.
Er du på Nordfjordeid, bør du få med deg den magiske solnedgangen frå Hornet. Her deler Nordfjorden seg i to fjordarmar, og du ser fjord og fjell i alle himmelretningar.
Foto: Lotsstøylen © Tine Melk / tine.no
© @photolads
Stad kommune startar ved Hornindalsvatnet, som er Nord-Europas djupaste innsjø med ei djupn på 514 meter. Det er ei mektig oppleving å padle kajakk over dette mystiske vatnet. Du kan også teste fiskelykka i Hornindalsvatnet, i den kjende lakseelva Eidselva, i Nordfjorden eller ute på havet.
Stad er sjølvsagt heimstaden til det verdskjende surfeparadiset Hoddevik, og den svingete vegen ned til Hoddevika er eit ikonisk Instagram-motiv. Når du er i Hoddevika bør du verkeleg få med deg den vilt vakre utsikta frå toppen av Mosekleivhornet. Dersom du er sprek som ei fjellgeit og ikkje er redd for luftige høgder kan du klyve rett opp råsa frå Hoddevika. Det er også eit fint alternativ å gå den vesentleg flatare stien som går frå Dragseidet til Mosekleivhornet.
Rett rundt neste sving ligg Ervika, som også er ei surfeperle. Heilt nede ved strandkanten ligg ein kyrkjegard, som ei påminning om havets krefter. Frå Ervik er det kort veg til Vestkapp – det vestlegaste fjellplatået i Noreg. Om du har ei «bucket list», bør du få med deg den magiske solnedgangen på Vestkapp.
Frå Vestkapp har du utsikt over det ville Stadhavet, eit av dei mest vêrharde havområda i Noreg. Mange skip og menneskeliv har gått tapt her gjennom historia.
I Stad kan du også følgje historia frå vikingtid til kristen tid. Når du køyrer mot Hoddevika kjem du til Dragseidet, kjend frå kristningstinget i år 997. Her samla kong Olav Tryggvason stormenn frå fire fylke og omvende dei til kristendomen.
Om du vil ha ein roleg pause frå aktive naturopplevingar, bør du ta turen til Selje og den heilage øya Selja. Her kan du kjenne stilla i klosterruinane. Sankta Sunniva er Noregs einaste kvinnelege helgen, og historia om henne er som eit eventyr.
Øya Selja ligg berre 15 minutt med båt frå Selje. I Selje er prestegarden open for publikum, og midt i sentrum ligg ei krittkvit sandstrand der lokalbefolkninga badar i havet heile året.
Foto: © Ruben Soltvedt
Ervik © Andres Duran
Aktivitetar i Stad
Familievennelege toppturar i Stad
Trolledalsegga
Frå Lotsstøylen kan du følgje setervegen til toppen av Trolledalsegga (1020 moh.), også kalla Sagtindane. Her får du ei mektig utsikt over Nord-Europas djupaste innsjø Hornindalsvatnet (514m) i aust, og ei av dei aller finaste utsiktene over Nordfjorden i vest, med fjordarmar som går på begge sider av fjelleggen. Dette er den lettaste toppturen med den heftigaste utsiktsikta.
Mosekleivhornet
Turen er om lag 16,5 km lang og startar på Dragseidet. Stien er godt merka og går stort sett i lyngterreng, med nokre korte parti over myr. På Vardeberget får du flott utsikt, men om du fortsetter opp til Mosekleivhornet, som er omlag dobbelt så langt, får du panoramautsikt over Hoddevik. Denne turen er fin for familien, om du tek den lettaste ruta.
Overnatting i Stad
Mat og drikke i Stad