Photolads
©Nordlandblog
Vestkapp - Saltnwax
©Saltnwax
Vintersurf Ervik - Camilla Monsen
©Camilla Monsen
Honningsvåg - Saltnwax
©Saltnwax

Ytst mot storhavet

Stadlandet ligg ytst i Vestland, der det opne Norskehavet møter land. Her finn du eit landskap forma av vind, bølgjer og tid, med kvite sandstrender, opne fjell og små bygder tett på naturen.

Stadlandet er kjend som ei av dei beste surfedestinasjonane i Noreg, men byr også på spektakulære fjellturar, historie og aktivitetar for heile familien. Med korte avstandar mellom opplevingane er dette eit ideelt reisemål for deg som vil oppleve mykje på eitt og same stad.

Hoddevik - Photolads

Hoddevik @ Photolads

Heile året

Vår 

Våren er ei roleg og frisk tid på Stadlandet. Snøen ligg gjerne framleis på toppane, medan stiane opnar seg i lågare terreng. Dette er ei fin tid for turar til Mosekleivhornet og Hushornet, med klar luft og god utsikt. Samtidig gjev rolegare forhold gode moglegheiter for nybyrjarar som vil prøve surfing i Hoddevik.
 

Sommar 

Sommaren er høgsesong, med lange, lyse dagar og gode forhold for både surfing og fjellturar. Vestkapp er eit naturleg høgdepunkt, der du får panoramautsikt over havet. Ervik lokkar med kvite strender og stabile bølgjer, medan turar i det opne landskapet gjev opplevingar tett på naturen.
 

Haust 

Hausten er dramatisk og stemningsfull på Stadlandet. Bølgjene blir større, og forholda for surfing i Ervik er på sitt beste. Samtidig gjev klare dagar flotte turmoglegheiter til Vestkapp og i fjellet rundt Hoddevik. Fargane i landskapet og det skiftande lyset gjer dette til ei spesielt vakker tid å besøke området.
 

Vinter 

Vinteren byr på ei heilt spesiell oppleving med “cold water surf” i Hoddevik og Ervik. Snødekte fjell kombinert med bølgjer frå storhavet gjev eit unikt landskap. På dagar med ruskevêr er det også ei oppleving i seg sjølv å besøke Vestkapp og kjenne naturkreftene på nært hald.
 

Vinter surf Ervik - Saltnwax

Vinter surf Ervik @ Saltnwax

Mosekleivhornet - Joakim Vedvik

Mosekleivhornet @ Joakim Vedvik

Surfing og kystliv

Stadlandet har etablert seg som ei av dei fremste surfedestinasjonane i Noreg. Særleg Hoddevik er kjend langt utover landegrensene for den kvite sandstranda og dei stabile bølgjene. Omgitt av bratte fjell og ope hav får du ei heilt spesiell naturoppleving, enten du står på brettet eller berre nyt utsikta frå land.

I Ervik finn du eit aktivt surfemiljø med gode forhold store delar av året. Her kan du leige utstyr, få tips og møte andre surfarar på Ervik Surfshop, som også fungerer som ein uformell møteplass ved havet.

For deg som vil lære å surfe, fins det fleire tilbod med erfarne instruktørar. Hoddevik Surf House tilbyr surfecampar, kurs og opphald der du kan kombinere læring og aktivitet i unike omgjevnader.

 

Fjellturar og naturopplevingar

Stadlandet byr på eit ope og lett tilgjengeleg turterreng med utsikt i alle retningar. Ein av dei mest populære turane er til Mosekleivhornet, der du får panoramautsikt over Hoddevik, havet og det karakteristiske landskapet.

Eit anna høgdepunkt er Vestkapp, det vestlegaste fjellplatået på fastlands-Noreg. Her står du 496 meter over havet, med ei av dei mest spektakulære utsiktene langs kysten. I 2026 vert det byggearbeid på Vestkapp, difor er det viktig å merke seg at det ikkje er toalett og kafé tilgjengeleg denne sesongen.

I tillegg finn du ei rekkje andre turar, frå korte og enkle stiar til meir krevjande fjellturar, alle med nærleik til havet og den opne naturen som kjenneteiknar Stadlandet.

Honningsvåg Saltnwax

Honningsvåg @ Saltnwax

Aktivitetar for heile familien

Stadlandet passar godt for både store og små. Surfekurs i Hoddevik gjev barn og vaksne ein trygg og spanande introduksjon til bølgjene, medan rolege områder som Honningsvåg eignar seg godt for SUP og padling.

På Leikanger finn du også aktivitetar som tennisbane, sandvolleyball og aktivitetsløyper, som gjev gode moglegheiter for leik og fysisk aktivitet. Kombinasjonen av natur og tilrettelagde tilbod gjer det enkelt å finne noko som passar for heile familien.

 

Kultur og historie

Stadlandet har ei historie tett knytt til havet. I Ervik finn du minne etter St. Svithun-ulukka under andre verdskrigen, der lokalbefolkninga deltok i redningsarbeid. På Hovden kan du utforske restar av tyske forsvarsanlegg og få eit innblikk i ei dramatisk tid.

Dragseidet er det lågaste fjellpasset over Stadlandet. Her slepte sjøfarande frå forhistorisk tid båtane over stokkar land for å unngå det farlege Stadhavet, noko som har gitt namnet til staden. Dragseidet var ein viktig ferdselsveg langs kysten, og truleg ein av dei eldste opparbeidde vegane på Vestlandet.

Tvangkristing av kongen høyrer også med til staden si historie. Her samla Olav Tryggvason bønder frå store delar av Vestlandet til ting rundt år 997, der dei vart kristna. I dag står ein steinkross på Kongshaugen som minne om hendinga.

 

Praktisk informasjon

Avstand frå flyplassane:

Sandane lufthamn Anda: ca. 100 km (ca. 1 time og 50 minutt) 

Ørsta/Volda lufthamn Hovden: ca. 110 km (ca. 2 timar og 15 minutt)

Ålesund lufthamn Vigra: ca. 160 km (ca. 3 timar 50 minutt) 

Bergen lufthamn Flesland: ca. 380 km (ca. 6 timar og 30 minutt) 

Det er direktefly frå Oslo og Bergen til Ørsta/Volda og Sandane. Til Ålesund går det også direktefly frå mellom anna Trondheim, London, København, Amsterdam, Frankfurt og Gdansk. 

Korleis kome seg hit:

Stadlandet ligg ytst i Stad kommune, og er tilgjengeleg med bil via fylkesveg frå Nordfjordeid og resten av Nordfjord. Turen ut til Stadlandet går gjennom eit ope og vakkert kystlandskap, med utsikt mot fjord, fjell og hav.

Det går buss til Stadlandet og nærliggande område, men merk at det kan vere avgrensa kollektivtilbod. Det er gode parkeringsmoglegheiter fleire stader på Stadlandet.

skyss.no

nor-way.no

vy.no  

 Dragseidet Ulf Rugumayo Amundsen

 Dragseidet @ Ulf Rugumayo Amundsen

Aktivitetar på Stadlandet

Opplevingar på Stadlandet

Overnatting på og rundt Stadlandet