Kultur og historie
Svelgen har ei historie forma av vatn og industri. Frå ei lita bygd voks staden fram på 1900-talet, driven av krafta frå fossane. I dag pregar industrien framleis både landskapet og lokalsamfunnet, og gjennom kulturminneløypa kan du oppleve historia på nært hald.
I området finn du også nokre av dei mest unike kulturminna i regionen. Vingen, Naturens Kolossalmuseum, er eitt av dei største helleristningsfelta i Norden, med tusenvis av figurar frå steinalderen. Området er verna, og kan berre opplevast med guide – ei reise fleire tusen år tilbake i tid.
Langs kysten i Botnane finn du både Diktarstien og dei imponerande gravrøysene frå bronsealderen. Her kan du oppleve natur, historie og litteratur side om side, i eit ope og vêrhardt kystlandskap.
Overnatting
I og rundt Svelgen finn du fleire overnattingsmoglegheiter – frå camping og gjestehamn til unike opplevingar tett på naturen.
I Davik ligg Davik Fjordparadis idyllisk til ved Nordfjorden, med rolege omgjevnader og gode turmoglegheiter. Ved fjorden kan du også bu på Hornelen Panorama i Leirgulen, med spektakulær overnatting i Sjøhuset eller Smia – begge med utsikt mot Europas høgaste sjøklippe.
Svelgen og bygdene rundt byr på opplevingar du ikkje finn mange andre stader. Her møter du kontrastane som gjer Vestlandet unikt.
Svelgen, Ålfoten, Leirgulen, Davik og Botnane ligg i Bremanger – Noregs naturlege aktivitetspark. Herifrå når du alt frå Ålfotbreen og Vingen til kysten og Hornelen på under to timar. Eit landskap forma gjennom 400 millionar år, der folk har levd og budd i over 7 000. Utforsk heile Bremanger her.
Praktisk informasjon
- Avstand frå flyplassane:
-
Sandane lufthamn Anda: ca. 65 km (ca. 1 time og 15 minutt)
Ørsta/Volda lufthamn Hovden: ca. 130 km (ca. 2 timar og 20 minutt)
Ålesund lufthamn Vigra: ca. 175 km (ca. 3 timar og 45 minutt)
Bergen lufthamn Flesland: ca. 270 km (ca. 4 timar og 10 minutt)
Det er direktefly frå Oslo og Bergen til Ørsta/Volda og Sandane. Til Ålesund går det også direktefly frå mellom anna Trondheim, London, København, Amsterdam, Frankfurt og Gdansk.
- Korleis kome seg hit:
-
Svelgen ligg i Bremanger kommune, omgitt av fjell og fjord, og er tilgjengeleg med bil frå både Florø, Måløy og resten av Nordfjord. Turen inn til Svelgen går gjennom eit variert og naturskjønt vestlandslandskap.
Det går buss til og frå Svelgen med avgangar frå fleire delar av regionen, og det er gode parkeringsmoglegheiter i sentrum.
Det er også mogleg å reise sjøvegen med hurtigbåt frå Norled, med stopp i Leirgulen og Smørhamn. Dette er eit flott alternativ for å oppleve kysten frå sjøsida.
For oppdatert informasjon:
skyss.no
entur.no
nor-way.no
vy.no
norled.no