Kyr på Breng - Dag Ulvedal
©Dag Ulvedal / Visit Nordfjord
Hoven - Dag Ulvedal
©Dag Ulvedal / Visit Nordfjord
Skåla Nordlandblogg
©Nordlandblogg
Loen - Sergey Bogomyako
©Sergey Bogomyako

Velkomen til den idylliske bygda Loen

Loen er ei lita bygd inst i Nordfjord, men rommar opplevingar i verdsklasse. Her ligg skogkledde åsar og karakteristiske fjell med snøkledde toppar som reiser seg rett opp frå den sølvblanke Nordfjorden. Med korte avstandar mellom fjord, dal og fjelltopp er Loen eit reisemål som festar seg, og gjer det vanskeleg å ikkje ville kome tilbake. 

Berre eit lite stykke vidare frå Loen ligg Lodalen – ofte omtalt som ei av dei vakraste dalane i Noreg. Det irrgrøne Lovatnet er omkransa av bratte fjell og ei dramatisk historie som set djupe spor. 

Lodalen - Sergey Bogomyako

Lodalen @ Sergey Bogomyako

 

 

Heile året

Vår 

Våren i Loen og Lodalen er ei tid der naturen vaknar til liv. Snøen smeltar i fjella, fossane brusar og dalane blir grøne. Dette er ei fin tid for rolege turar langs fjorden eller i dalen, og for å oppleve naturen før sommarsesongen tek til. 
 

Sommar 

Sommaren er høgsesongen i Loen. Her kan du oppleve Loen Skylift, klatre Via Ferrata, padle kajakk på fjorden eller utforske Lodalen og Lovatnet. Dei lange lyse kveldane gir gode moglegheiter for fjellturar og aktivitetar i naturen. 
 

Haust 

Hausten fargar landskapet i varme tonar. Fjellsidene rundt Loen og Lodalen blir gyldne og raude, og lufta blir frisk og klar. Dette er ei perfekt tid for fjellturar, sykling og rolege naturopplevingar. 
 

Vinter 

Vinteren gir eit stille og stemningsfullt landskap rundt Loen. Snøkledde fjell rammar inn fjorden, og Loen Skylift tek deg opp til Hoven der du kan nyte vinterlandskapet, ake, gå turar eller oppleve fjella på ski. 
 

Aking på Hoven - Dag Ulvedal

Aking på Hoven @ Dag Ulvedal / Visit Nordfjord

Lodalsulykkene - Thea Brønlund

Historia om Lodalsulukkene @ Thea Brønlund

Lodalsulykkene - Thea Brønlund

Historia om Lodalsulukkene @ Thea Brønlund

 

 

Natur og landskap

Loen er omkransa av høge, karakteristiske fjell med snøkledde toppar som reiser seg rett opp frå den sølvblanke Nordfjorden. Kontrastane er store, men avstandane korte. Her kan du oppleve fjord, dal og høgfjell på same dag.

Innover frå bygda opnar Lodalen seg, ofte omtalt som ei av dei vakraste dalane i Noreg. Det irrgrøne Lovatnet ligg som eit spegel mellom bratte fjellsider, fossefall og frodig natur. Den spesielle fargen kjem frå smeltevatn og brepartiklar frå Jostedalsbreen.

Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, den lågaste brearmen av Jostedalsbreen. Turen hit er ei oppleving i seg sjølv, med ei vakker køyrestrekning langs vatnet og ein kort spasertur fram til breen. Langs Lovatnet ligg òg den sjarmerande setra Breng, eit populært stopp for både fotografer og turgåarar.

Over bygda ruvar Skåla (1848 moh.), kjend for Noregs lengste samanhengande motbakke frå fjord til topp. På toppen kan du overnatte i det historiske Skålatårnet eller DNT-hytta Skålabu og nyte utsikta mot Nordfjorden og Jostedalsbreen.
 

Kultur og historie

Lodalen ber på ei dramatisk historie som framleis set preg på området. I 1905 og 1936 rasa store fjellmassar frå Ramnefjellet ned i Lovatnet og skapte flodbølgjer som øydela bygdene Nesdal og Bødal. Til saman mista 135 menneske livet. Lodalsulukka er ei av dei største naturkatastrofane i norsk historie, og ei vandring gjennom dalen gir eit sterkt innblikk i hendingane.

På toppen av Skåla ligg Skålatårnet, bygd i 1891 av lege Hans Henrik Gerhard Kloumann som rekreasjonsstad i frisk fjelluft. I dag er det ei av dei mest kjende turisthyttene i Noreg.

Hotel Alexandra har teke imot gjester sidan 1884 og er eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i landet. Her møter historisk sjarm moderne komfort, med spa og fasilitetar i vakre omgjevnader ved fjorden.

Rakssetra - Elise Fonn

Rakssetra @ Elise Fonn

Aktivitetar og naturopplevingar

Loen Skylift tek deg frå fjordnivå til toppen av Hoven (1011 moh.) på berre fem minutt. Her ventar ei spektakulær panoramautsikt over fjord, fjell og dalar. På toppen finn du merka stiar, Hoven Restaurant og zipline – der du kan suse over landskapet i trygge rammer.

For dei som ønskjer meir spenning, er Via Ferrata Loen eit høgdepunkt. Klatrestien fører deg langs fjellsida mot toppen av Hoven, og undervegs kryssar du Gjølmunnebrua – Europas lengste via ferrata-bru, 120 meter lang og heile 750 meter over havet.

I Lodalen ventar eit breitt spekter av aktivitetar. Her kan du gå fjellturar, sykle eller padle kajakk, kano og SUP på det smaragdgrøne Lovatnet. Området er òg perfekt for rolege naturopplevingar – som ein piknik ved vatnet eller ein stille kveld i fjellet.

Loen Active tilbyr guida kajakkturar, fjellturar, sykkelutleige og aktivitetar for både nybyrjarar og erfarne. Om vinteren byr Hoven på trugeturar, toppturar og ei av Noregs lengste akebakker – alt i eit roleg og vakkert vinterlandskap.

 

Frå spektakulære gondolturar og luftige klatreopplevingar til stille padleturar på Lovatnet. Loen byr på kontrastar og opplevingar for alle.
 

Praktisk informasjon

Avstand frå flyplassane:

Sandane lufthamn Anda: ca. 70 km (ca. 1 time) 

Ørsta/Volda lufthamn Hovden: ca. 75 km (ca. 1 time og 15 minutt)

Ålesund lufthamn Vigra: ca. 160 km (ca. 2 timar 30 minutt) 

Bergen lufthamn Flesland: ca. 300 km (ca. 4 timar og 50 minutt) 

Det er direktefly frå Oslo og Bergen til Ørsta/Volda og Sandane. Til Ålesund går det også direktefly frå mellom anna Trondheim, London, København, Amsterdam, Frankfurt og Gdansk. 

Korleis kome seg hit:

Loen ligg inst i Nordfjorden, i Stryn kommune, og er lett tilgjengeleg med bil frå både aust og vest. Følg E39 til Byrkjelo og vidare på riksveg 60 mot Stryn og Loen. Turen inn fjorden byr på vakker utsikt mot fjord, fjell og dalføre.

Det går buss til Loen og nærliggande område, men kollektivtilbodet kan vere avgrensa, spesielt utanom sommarsesongen.

Det er gode parkeringsmoglegheiter i Loen sentrum og ved sentrale attraksjonar som Loen Skylift. I tillegg finn du parkering fleire stader innover mot Lodalen.

skyss.no

nor-way.no

vy.no  

Breng, Lodalen - Marvin Kuhr

Breng, Lodalen @ Marvin Kuhr

Aktivitetar i Loen og Lodalen

Overnatting i Loen og Lodalen

Mat og drikke i Loen og Lodalen

Opplevingar og vandring i Loen og Lodalen