Kalvåg, Bremanger - Nordlandblog
©Nordlandblog
Vandring Dosabu - Thomas Sagvik
©Thomas Sagvik
Vandring Flona - Thomas Sagvik
©Thomas Sagvik
 Høstvandring Dosabu - Helle Frogner
©Helle Frogner

Eit av Vestlandets best bevarte fiskevær

Kalvåg ligg ytst på øya Frøya i Bremanger, omgitt av ope hav, holmar og eit levande kystmiljø. På 1800-talet var dette eit av dei største fiskeværa på Vestlandet, med eit yrande liv av fiske, handel og aktivitet.

I dag er mykje av historia teken vare på gjennom restaurerte sjøhus og rorbuer. Rundt den vesle vågen ligg bygningar tett i tett, og gir ei heilt spesiell ramme rundt opplevinga av å vere her.

Kalvåg har utvikla seg til eit levande kystsamfunn, der du bur tett på havet, historia og naturen. Her går kvardagsliv og reiseliv hand i hand, og det er lett å kjenne på roen samstundes som du har gode opplevingar rett utanfor døra.

Vandring Dosabu - Thomas Sagvik

Vandring Dosabu @ Thomas Sagvik

 

 

Heile året

Vår 

Våren i Kalvåg er prega av frisk sjøluft og natur som vaknar til liv. Dette er ei fin tid for turar i kystlandskapet, der du kan oppleve kontrasten mellom hav, fjell og grøne marker før sommarsesongen tek til. 

Sommar 

Somrane i Kalvåg er livlege, med besøkande som kjem for å oppleve kystkultur, mat og natur. Her kan du utforske fiskeværet, reise på båttur, bade eller besøke nærliggande strender og fjell. 

Haust 

Hausten gir eit rolegare tempo i Kalvåg. Havet blir villare, lufta friskare og landskapet skiftar fargar. Dette er ei flott tid for naturopplevingar og turar langs kysten. 

Vinter 

Vinteren i Kalvåg byr på ekte kyststemning. Vêret kan vere røft og dramatisk, og det er nettopp dette som gjer opplevinga spesiell. Ein tur til stormhytta Dosabu gir deg nærkontakt med naturkreftene i trygge omgjevnader. 

Vandring til Dosabu Bremanger - Hanne Trettsveen

Vandring til Dosabu Bremanger @ Hanne Trettsveen

Kalvåg i solnedgang, Knutholmen - Siri Granheim

Kalvåg i solnedgang, Knutholmen @ Siri Granheim

Natur og landskap

Landskapet rundt Kalvåg er prega av kontrastar mellom ope hav, små øyar og mjuke kystformer. Her er naturen alltid nær, og lyset og vêret skiftar raskt gjennom dagen.

Like i nærleiken finn du Grotlesanden – ei av dei flottaste sandstrendene på Vestlandet, med kvit sand og ope utsyn mot storhavet. Her startar også turen til Veten, som gir vid utsikt over hav og kystlandskap.

Ein annan spesiell stad er Vetvika, der krittkvit strand møter azurblått hav og bratte fjell. Turen dit er ein lengre fottur, noko som gjer at du ofte kan oppleve staden i stillheit og ro.

Ytst i havgapet ligg stormhytta Dosabu, der du kan oppleve naturkreftene på nært hald. Her sit du skjerma, samstundes som bølgjene slår og vinden tek tak rundt deg – ei oppleving som gir eit heilt nytt inntrykk av kysten.

 

Aktivitetar

Kalvåg byr på opplevingar både på sjøen og på land.
Rundt fiskeværet går det fleire turstiar som passar for både korte og lengre turar, med utsikt over hav og øyar. Her kan du utforske kystlandskapet i ditt eige tempo.

Frå sjøen kan du bli med på guida turar med båt, der du kjem tett på både naturen og dyrelivet. Med erfarne båtførarar kan du oppleve alt frå rolege turar langs kysten til meir fartsfylte opplevingar i havgapet.

For mange er likevel noko av det finaste med Kalvåg nettopp det å ta det roleg – å vandre langs bryggene, sitje ved sjøen eller oppleve den stille rytmen i eit levande fiskevær.

I Kalvåg finn du rom for fleire rolege opplevingar. Frå den flytande saunaen Kok og Bad kan du nyte utsikta over sjø, rorbuer og småbåtar. Kombinasjonen av varm sauna og eit friskt bad i havet gir ei heilt spesiell kystoppleving.

Kalvåg Bremanger - Nordlandblog

Kalvåg Bremanger @ Nordlandblog

Kultur og historie

Historia er ein viktig del av opplevinga i Kalvåg. På 1800-talet var staden eit sentralt knutepunkt langs kysten, med både sjukehus, skule og handelsverksemd.

 dag lever denne historia vidare i dei restaurerte sjøhusa og det maritime miljøet som pregar bygda. Her får du ei kjensle av korleis livet langs kysten har vore gjennom generasjonar.

Like ved ligg Smørhamn handelsstad, ein historisk møteplass med røter over 400 år tilbake i tid. Her kan du oppleve kysthistoria på nært hald, i eit miljø som framleis ber preg av livet langs sjøen.

 

Smaken av Kalvåg: fisk og hav

Kalvåg er kjend for gode matopplevingar basert på råvarer frå havet.
På Knutholmen finn du restaurant og servering i unike omgjevnader, midt i fiskeværet og med havet som næraste nabo.

Overnattingstilboda er ein naturleg del av opplevinga. Rundt vågen kan du bu i rorbuer, rom eller leilegheiter, med kort veg til både mat, aktivitetar og natur.

I tillegg finn du Smørhamn handelsstad i nærområdet, som tilbyr overnatting i historiske omgjevnader ved sjøkanten.

Kalvåg er ein stad der kontrastane skapar opplevingar. Mellom ro og aktivitet, historie og natur, hav og land. Her kan du finne ditt eige tempo, og oppleve kysten slik den verkeleg er.

Kalvåg er ein del av Bremanger – Noregs naturlege aktivitetspark. Frå fiskeværet her ute når du på kort tid Hornelen, Grotlesanden, Vetvika og Vingen helleristningar. Kommunen byr på eit mangfald av opplevingar som er absurd vakre – og har vore det sidan dei fyrste menneska kom hit for over 7 000 år sidan. Utforsk heile Bremanger her.

 

Praktisk informasjon

Avstand frå flyplassane:

Sandane lufthamn Anda: ca. 100 km (ca. 2 timar og 20 minutt) 

Ørsta/Volda lufthamn Hovden: ca. 130 km (ca. 3 timar og 10 minutt)

Ålesund lufthamn Vigra: ca. 200 km (ca. 4 timar 10 minutt) 

Bergen lufthamn Flesland: ca. 330 km (ca. 5 timar og 30 minutt) 

Det er direktefly frå Oslo og Bergen til Ørsta/Volda og Sandane. Til Ålesund går det også direktefly frå mellom anna Trondheim, London, København, Amsterdam, Frankfurt og Gdansk. 

Korleis kome seg hit:

Kalvåg ligg ytst i Bremanger kommune, på øya Frøya, og er tilgjengeleg med bil via fylkesvegar frå både Florø, Måløy og resten av Nordfjord. Turen ut til Kalvåg går gjennom eit variert og vakkert kystlandskap. 

Buss går til Bremanger og nærliggande område, men merk at det kan vere avgrensa kollektivtilbod heilt ut til Kalvåg. Det er gode parkeringsmoglegheiter i sentrum. 

Det er også mogleg å reise sjøvegen med hurtigbåt frå Norled, med stopp i Leirgulen og Smørhamn. Dette er eit flott alternativ for å oppleve kysten frå sjøsida.

For oppdatert informasjon: 

skyss.no

entur.no

nor-way.no

vy.no  

norled.no

Kalvåg i solnedgang Knutholmen - Siri Granheim

Overnatting i og rundt Kalvåg

Opplevingar og aktivitetar i og rundt Kalvåg

Vandring i og rundt Kalvåg

Sjå meir i Bremanger kommune

Kalvåg er del av Bremanger kommune. Bremanger er eit kystparadis der dramatiske fjell møter ope hav, med ikoniske naturopplevingar som Hornelen, Vetvika og Grotlesanden. Her finn du alt frå kvite strender og spektakulære fjellturar til levande bygder og ekte kystkultur.

Opplev heile Nordfjord – Alt i ein fjord


Naturoppleving eller eventyr? Kvifor velje når du kan få alt i Nordfjord? Opplev den perfekte kombinasjonen av majestetiske fjordar, høge fjell, frodige dalar og ei vill kystlinje.

Byrkjelo Hjelle Vikane Loen Olden Stryn Nordfjordeid Sandane Svelgen Kalvåg Bremanger Måløy Selje Stadlandet