Nordfjord logo Gloppen - Dag Ulvedal
©Dag Ulvedal / Visit Nordfjord
Trivselsskolen - Thomas Sagvik
©Thomas Sagvik
Utsikt fra Haugsvarden - Matilde Ulleland Kvamme
©Matilde Ulleland Kvamme
Laksefiske i Gloppenelva - Espen Mills
©Espen Mills
Stisykling - Samantha Saskia Dougon
©Samantha Saskia Dougon

Eit naturleg utgangspunkt i Nordfjord

Mellom fjord og fjell, der fossane stuper og landskapet opnar seg, finn du Sandane og Kandal i Gloppen. Her ventar ekte opplevingar, frå levande bygdeliv til rolege stunder i vakker natur.

Sandane ligg vakkert til ved fjorden. Den vesle bygda er eit skjult skattkammer for dei som søker autentiske opplevingar, med eit rikt kulturliv, prisvinnande matprodusentar og aktivitetar for heile familien. Like ved ligg også den vesle bygda Kandal, kjent for sine prisvinnande lokalmat og idylliske landskap.

Haugsvarden - Thomas Sagvik

Haugsvarden @ Thomas Sagvik

Heile året

Vår 

Våren på Sandane og i Kandal er ei tid der naturen vaknar til liv. Snøen smeltar i fjella, fossane får ny kraft og landskapet blir gradvis grønt. Dette er ei fin tid for turar i i skog og fjell eller langs fjorden, og for å oppleve naturen før sommarsesongen tek til. 
 

Sommar 

Somrane på Sandane er livlege med blant anna festivalen Glopperock og mange aktivitetar ute. Sommaren er ei fin tid der ein kan padle i Gloppenfjorden, bading ved fjorden og gå turar i den omliggande naturen. 
 

Haust 

Hausten fargar landskapet rundt Sandane og Kandal i varme tonar. Fjellsidene blir gylne og lufta klar og frisk. Dette er ei perfekt tid for fjellturar, stisykling og naturopplevingar i rolegare tempo. 
 

Vinter 

Vinteren gir eit stille og stemningsfullt landskap rundt Sandane. I fjella rundt finn du gode moglegheiter for langrenn og skiturar, mellom anna ved Kleivane skisenter. Samstundes byr bygdene på innandørs aktivitetar, kultur og gode matopplevingar. 

Trivselsskolen Fosseteater - Thomas Sagvik

Foto: Trivselsskolen Fosseteater, Sandane @ Thomas Sagvik

Vinter Trivselsskolen i Gloppen - Saltnwax

Foto: Trivselsskolen i Gloppen @ Saltnwax

Naturopplevingar og landskap

Sandane er omkransa av storslått natur, med fjorden på eine sida og fjella på den andre. Rett ovanfor sentrum finn du Eit av Norges flottaste turområde finn du her i Trivselsskogen rett ved Sandane sentrum. Turen kan du starte frå midt i sentrum og eit utval av stiar fører deg opp til eit fantastisk utsiktspunkt der du kan sjå ned på Holviksfossen. På vegen har lokalbefolkninga gjort stien til eit eventyr i seg sjølv.

For dei som vil høgare til fjells, byr området på fleire flotte turmål. Ryssdalshornet og Haugsvarden gir vid utsikt over Gloppefjorden og fjellheimen rundt, og passar perfekt for deg som vil kombinere natur og utsikt.

Kandal er ein liten sidedal aust for Sandane, kjent for sitt rolege og idylliske landskap. Her ligg gardar som har drive med matproduksjon i generasjonar, omgitt av frodig beite og vakre kulturlandskap.

 

Aktivitetar for heile familien

Sandane er eit eldorado for både små og store opplevingar. I Trivselshagen finn du badeanlegg, klatring og aktivitetar innandørs – perfekt uansett vêr. Ute ventar eit nettverk av grusvegar og stiar som gjer det enkelt å utforske området til fots eller på sykkel, enten du vil på ein roleg tur eller prøve deg på stisykling.

Ved fjorden er strendene langgrunne og familievennlege, og eignar seg godt for bading på varme sommardagar. Du kan også padle på Gloppefjorden eller prøve fiskelykka – både i fjorden og i den lakseførande Gloppenelva.

På Stall Rygg kan du bli med på ridetur i det dramatiske fjordlandskapet, ei oppleving som passar for heile familien. I fjella rundt finn du i tillegg eit stort utval av fiskevatn for deg som vil ha rolege dagar i naturen.

Sykling på Haugsvarden - Jon Terje Tjellaug

Foto: Sykling på Haugsvarden @ Jon Terje Tjellaug

Kultur og historie

Nordfjord Folkemuseum ligg idyllisk til like utanfor sentrum og gir eit levande innblikk i livet i regionen gjennom fleire hundre år. Friluftsmuseet består av 44 historiske bygningar frå 1700- og 1800-talet. Her kan du også oppleve den imponerande Holvikejekta frå 1800-talet – ofte kalla «havets stavkyrkje» – eit av dei mest særmerkte kulturminna i Noreg.

Gjennom året blir bygda fylt med musikk og arrangement. Glopperock, Noregs eldste rockefestival, samlar publikum frå heile landet kvar sommar, medan Gloppen Musikkfest byr på sterke konsertopplevingar med folkemusikk i verdsklasse. 
 

Lokalmat i særklasse

Bygdene er kjende for sine stolte mattradisjonar og gode råvarer. I Kandal finn du produsentar som Kandal Ysteri og Gardsmat, der du kan smake prisvinnande ost og lokalmat frå området.

Fleire gardar byr på ekte smaksopplevingar tett på naturen. På Sølvane Gard kan du kombinere lokalmat med kultur i unike omgjevnader. Garden Påldtun og destilleriet Gardsbrenneriet gir deg også lokalprodusert mat og drikke av høg kvalitet. På Sandane kan du også nyte eit måltid på historiske Gloppen Hotell, kjend for sesongbaserte rettar laga av lokale råvarer.

 

Enten du er ute etter stisykling, natur, fjordopplevingar, lokalmat eller kulturhistorie, byr Sandane og Kandal på ekte opplevingar utanfor allfarveg. Her ventar kontrastane, frå rolege kulturlandskap til dramatiske fjell og levande bygdeliv.

 

Praktisk informasjon

Avstand frå flyplassane:

Sandane lufthamn Anda: ca. 10 km (ca. 10 minutt) 

Ørsta/Volda lufthamn Hovden: ca. 70 km (ca. 1 time og 30 minutt)

Ålesund lufthamn Vigra: ca. 150 km (ca. 3 timar) 

Bergen lufthamn Flesland: ca. 270 km (ca. 4 timar) 

Det er direktefly frå Oslo og Bergen til Ørsta/Volda og Sandane. Til Ålesund går det også direktefly frå mellom anna Trondheim, London, København, Amsterdam, Frankfurt og Gdansk. 

Korleis kome seg hit:

Sandane ligg langs fylkesveg 615 i Gloppen kommune og er lett tilgjengeleg med bil frå både Bergen, Ålesund og resten av Nordfjord. Frå Sandane er det korte avstandar til fleire av dei mest kjende opplevingane i regionen. 
Buss går dagleg gjennom Sandane frå fleire kantar av Vestlandet, og det er gode parkeringsmoglegheiter i sentrum. 

skyss.no

nor-way.no

vy.no  

Sølvene Gard Kandal - Dag Ulvedal

Foto: Sølvene Gard, Kandal @ Dag Ulvedal

Mat og drikke på Sandane og i Kandal

Opplevingar og aktivitetar på Sandane og i Kandal

Overnatting på Sandane og i Kandal