Nordfjord byr på fjord, bre, kyst og fjell. Det er berre ein time frå ei oppleving til den neste. Her finn du det du treng for å planlegge turen – anten du vil på topptur, smake lokal mat, eller berre nyte roa.
Frå Europas største fastlandsbre til nokre av dei vakraste sandstrendene i Norge. Nordfjord er den komplette Norgespplevinga i konsentrert form.
I heile området kan du finne opplevingar, mat og drikke eller overnattingstader i Nordfjord som passer akkurat deg.
Tips: Nordfjord passar perfekt som ein del av ein større tur. Kombiner gjerne med Ålesund og Geiranger i nord, Lom og Lillehammer i aust eller Bergen og Sognefjorden i sør.
Sjå kva du gjere i dei fire kommunane som er med i Visit Nordfjord.
Ferie i Nordfjord kan passe for dei fleste. Hos oss er det korte avstandar, og kort veg til mange spennande aktivietar.
Nordfjord har høgdepunkt heile året. Kvar sesong byr på unike opplevingar – frå skikøyring på sommaren til surfing på vinteren. Og motsett. Nesten alt er mogleg nesten heile året i Nordfjord.
Vinteren i Nordfjord er for deg som vil ha vintereventyr utan dei store folkemengdene.
I Stryn finn du alpinanlegg og toppturar. Loen Skylift er open heile vinteren og byr på snødekte fjell og utsikt du aldri gløymer. Hotel Alexandra og Hotel Loenfjord har spa og velvære etter ein dag i fjellet.
På Hjelle ved Oppstrynsvatnet kan du oppleve ekte norsk vinterstemning. Sauna ved vatnet, stille landskap, nordlys på klåre kveldar.
Stad er overraskande fint om vinteren. Surfing i vinterbølgjer for dei modige. Dramatiske stormar sett frå Vestkapp for alle andre. På Nordfjordeid er det skisenter, langrennsløyper og eit spennande kulturtilbod.
I Bremanger og Gloppen er vinteren stille og vakker. Perfekt for ei avslappa helg med god mat på Knutholmen eller Gloppen Hotell.
Våren i Nordfjord er for deg som vil ha naturen for deg sjølv. Fossefalla brakar som aldri elles, snøen ligg framleis i fjellet, og landskapet opnar seg på nytt etter vinteren.
I Stryn kan du køyre på ski på Stryn Sommerski medan dalane under er grøne. Oldedalen og Lodalen vaknar til liv med smeltevassfall og vårblomar.
På Stadlandet er det framleis gode bølgjer for surfing, men færre folk i vatnet. Hoddevik og Ervik byr på spektakulære forhold. På Nordfjordeid blirv erdas største vikingskip sjøsett, og ofte er viking- og sagaaktivitetane opne om våren.
I Bremanger har fleire stader opne, slik at du kan nyte landskapet på spennande overnattingsstader langs kysten.
I Gloppen vaknar Kandalen til liv – med ysteri, restaurant og overnatting.
Sommaren er høgsesong, og det med god grunn. Lange, lyse dagar. Alle attraksjonar opne. Strendene på sitt beste.
Men visste du at du kan oppleve like mykje utan å stå i kø? Medan dei fleste reiser til Loen Skylift og Briksdalsbreen, ligg perler som Kjenndalen, Bødalen og Erdalen og ventar. Eller prøv Via Ferrata i Loen eller på Hornelen – begge er opne om sommaren og byr på spektakulære opplevingar.
På Stad finn du nokre av Noregs beste surfestrender. Hoddevik er kjend, men prøv også Ervika for ein meir lokal oppleving. Reis gjerne til Selja kloster, og opplev historia på øya heilt vest i Noreg. På NOrdfjordeid er Sagastad ope, og du får unik moglegheit til å oppleve vikinghistoria.
Grotlesanden i Bremanger er Noregs svar på Karibia. Men visste du at Iglandsvik – berre ein kort køyretur unna – byr på like fin sand og langt færre folk? Og i Kalvåg finn du ekte kystkultur og god sjømat på Knutholmen.
I Gloppen kan du bu i tretoppane på Engeset Trehytter nær Sandane, eller ta med familien til Kandalen – med ysteri, restaurant og familievennlege aktivitetar. Gloppen er familievenleg med fleire campingplassar, inkludert camping med basseng, Trivselsskogen og kjekke aktivitetar på Nordfjord Folkemuseum.
Hausten er den beste løyndomen i Nordfjord. Turistane har reist heim. Haustfargane eksploderer i dalane. Og maten? Oftast på sitt beste.
Skalldyra er på sitt aller beste når du besøker restaurantar i Bremnager og Stad. Epla er mogne. I Gloppen og Stryn kan du besøke gardar som sel eple, sider og lokale spesialitetar.
Ta ein mat-tur til Kalvåg og Knutholmen for ferskaste sjømat. Eller besøk Sandane og opplev Nordfjord Smak sine produsentar.
På Stad er hauststormane spektakulære. Sjå bølgjene slå inn mot Vestkapp – eller slapp av ei helg på Nordfjordeid.
Oldedalen og Lodalen i haustfargar er noko av det vakraste du kan oppleve i Noreg. Perfekt for fotografar og naturelskarar.
Nordfjord er eit vandremekka, med over 200 merka turløyper, gode kart og variert natur.
Nordfjord er eit eldorado med spennande aktivitetar for store og små
Surf på bølgjene frå storhavet eller nyt sola på verdas vakraste og villaste strender