Gardsbrenneriet eple Lokalmat
©Thomas Sagvik
Aabrekk Gard
©Ruben Soltvedt

Den gode smaken av lokalt handverk  

Korleis smakar ein stad ein reiser til? Smakar ting betre når det er laga av råvarer frå frodige, bratte åssider og blant høge fjell? Er fisken sunnare når den sym fritt omkring i ein rein fjord, og smakar laksen betre når den har symt motstraums i ei lakseelv fylt av klart smeltevatn frå ein isbre? Kan ein verkeleg smake kvaliteten på ekte råvarer? Vi veit svaret, fordi vi veit korleis det smakar når maten er laga med ærlegdom og kjærleik. Kom til oss i Nordfjord, så skal vi vise deg korleis og kvifor Nordfjord Smak, med ei lang rekkje stolte aktørar sørgjer for at maten kjem direkte frå fjord og jord – og til bord. La oss vise deg kvifor våre gjester stadig kjem attende, fordi dei har fått smaken på Nordfjord.

 

Der den beste maten kjem frå

 

Vi har gjort det enklare å handle lokale matrettar når du besøker Nordfjord. Vi har også gjort det til ein stolt tradisjon å la våre gjester få sjå korleis den gode maten blir til. Enten det er ved å besøke ein av støylane som produserar brunost på gamalt vis, som på Kandal Ysteri og Gardsmat i Kandalen, eller det er å gjeste Gardsbrenneriet i Gloppen for å sjå dei små epletrespirene i drivhuset vokse opp for til slutt å ende som ein av den beste eplesideren i Norge. 

 

Eller det er å vere med på hjortejakt i Breim og rypejakt i Hjelmelandsdalen. Medan fiskeentusiastar kanskje føretrekk «ørretløypa» frå Oppstrynsvatnet, Oldevatnet og Lovatnet i Stryn til Traudalsvatnet i Gloppen. Nokre håpar å lande storlaksen i Eidselva før dei dreg til Knutholmen, i det vakre fiskeveret Kalvåg, for å bli med ut for å trekkje garn og hente ut delikatessar frå storhavet.

 

Aabrekk Gard - Produksjon av Fiskelefse
Jenvlidgarden

 

 

Kandalost

 

Lokalmat på alle fat

 

Å produsere den beste lokalmaten til både familien, fastbuande og tilreisande har vore ein stolt tradisjon i hundrevis av år i Nordfjord. Og dette skal vi fortsetje med. Dei gamle tradisjonane skal fortsatt bere frukt – bokstaveleg tala.

 

Det vestnorske fjordlandskapet bugnar av råvarer, og takka vere eit godt samarbeid mellom produsentar og serveringsstader er prisbeløna mat og drikke tilgjengeleg for våre gjester heile året.Vi ser verdien i å ta vare på matkulturen og vi gler oss over at den lokale identiteten, dei gode historiene og den unike kulturarven bokstaveleg tala vert servert på fat til våre gjester. Og det blir gjort av menneska som er stolte av det.

Foto: Kandalost fra Kandal Ysteri og Gardsmat

Fjording ved sjø

 

Foto: Fjording Hazelnut Caramel 

Der kjøkenopplevingar møtast

 

Merkevaren Nordfjord Smak har samla lokal mat og drikke slik at du kan dra på matreiser på kryss og tvers i vakre Nordfjord. Du finn lokalmat i daglegvarebutikkane, på torget, i kafeane og restauranten. Og sjølvsagt på eit stort antal utsalsstader hos produsentane sjølve. Bakar-Jon på Byrkjelo har i ei årrekkje vore ein fast stoppestad for både fastbuande og tilreisande. Med eitt av dei største utvala av lokalmat i regionen. Like ved Rv.15, ved austsida av Oppstrynsvatnet ligg ei anna lita perle: Gamlebutikken på Hjelle. I eit butikklokale frå 1882 møtest det engelske og nordfjordske kjøken, og dette er ein liten stad de ikkje vil gløyme med det første.

 

Hygge på glas og flasker

 

Kjem du til Nordfjord i mai og juni så får du med deg den fantastiske tida då frukttrea og bærbuskene blomstrar. Snart skal fine sommardagar legge tilhøva til rette for nye og gode smakar. Dei ber bod om dei deilige haustdagane der frukt- og bærprodusentane kan hauste inn råvarer i verdsklasse. Ein stadig større andel av desse blir foredla lokalt, til glede for både serveringsstader og for utsal som sel saft, sider, lokalt øl, most, gele og syltetøy med smaken av Nordfjord. Påldtun frukt og bær, Gardsbrenneriet og Aabrekk Gard er berre nokon av aktørane i regionen som tilbyr lokalprodusert mat og drikke lagd av frukt og bær. Om hausten er Nordfjord også ein svært ettertrakta region for hjortejakt. For hjortedyra har fått beite i dei grøne skogane og liene rundt fjorden og vatna. Og dét får du kjenne på smaken, når viltrettane blir servert i godt selskap og med god lokal drikke til.

Påldtun
Breheimen naturprodukt

 

Foto: © Ruben Soltvedt / Breheimen Naturprodukt

Hoven restaurant i Loen

 

Utsikt og innsikt

 

 

Vestkapp er det vestlegaste fjellplatået i Norge. Og det er her, 497 meter over havet, at du kan besøke Vestkapp restaurant for å nyte lokalmat med fantastisk utsikt. Panoramavindauga slepp fjordlyset inn og solnedgongane er som ein magisk dessert. Dersom du har flaks så kan du oppleve vestlandstormen gjennom vindauget medan du nyt middagen i ro og mak inne. Vi har både dei store og dei små opplevingane. Frå Yri Outdoor sin utandørskafé ved Yrineset i Oldedalen til opera og champagne i den unike låven ved Sølvane Gard i Kandal.

 

Gloppen Hotell på Sandane er eit av dei hotella i Norge som verkeleg har satsa på smaken av Nordfjord. Med meir enn 50 lokalmatleverandørar representert på menyen er det ei gastronomisk oppleving å besøke hotellet med meir enn 150 år historie i veggane. Nemnde vi at du kan oppleve livet som lakselord? Gloppen Hotell kan bistå med moglegheiter til å fiske i Gloppen-elva, slik dei har gjort for gjester sidan 1829. Med panoramautsikt heilt på kanten av stupet 1011 m.o.h. finn du Hoven Restaurant. Her får du servert mat med lokale råvarer i ein À la carte meny, samt ein eigen pizzameny.

 

Foto: Bård Basberg / Hoven Restaurant

Hoven Restaurant

 

Foto: © Marius-Beck / Hoven Restaurant

Lokalt handverk

 

Mat er viktig, og i Nordfjord er det ekstremt viktig. Lokalmatprodusentane står i kø med varer som har hausta titlar over heile verda. Gardsbrenneriet, Påldtun frukt og bær, eller Kandal Kjøtt - familieverksemda som lagar reine og smakfulle kjøtprodukt frå kje og geit. Mellom bratte berg og djupe dalar i Kandalen finn du også to andre verksemder som Sølvane Gard, eller Kandal Ysteri & Gardsmat som produserer «gull-ost» eller prisbelønt brunost under Kandalsfossen.

 

Høgt over Gloppefjorden finn du også ei anna verksemd som utgjer stammen av dyktige produsentar, her ligg Høgt og Vilt som produserer økologisk te og krydder. Det er fleire gardar som heldt liv i mattradisjonane; Aabrekk Gard bakar tradisjonsbakst under namnet Lykle, her finn du alt frå fiskelefse til saft og sylte. Respekt for og kjærleik til handverkstradisjonane er nokre av dei viktigaste ingrediensane når Jevnlid Garden produserer spekepølse etter gode gamle oppskrifter. Er du ute etter noko søtt, kan birøktaren som har henta ut honning sidan 1966 gje deg ein smak av naturen kring breheimen på Breheimen Naturprodukt.

 

Foto: Gardsbrenneriet

Gardsbrenneriet

 

Foto: © Fjellestad Gardskjøkken

Gulrøtter fra Nordfjord

 

Den gode smak

 

Mat og matopplevingar i Nordfjord er, som du skjønar, mykje meir enn berre eit måltid. Det handlar om ei utruleg reise i ein region der mat og kultur har gått hand i hand i generasjonar. Slik at du kan få den gode smaken av Nordfjord når du stoppar på Matstova for ferske bakervarer og kaker eller på sommarkafeen Vaffeltunet for ein grov vaffel med lokal røykelaks frå O.L. Brekke. Når du overnattar ved eitt av dei mange historiske hotella og får ein meny som er nøye samansett og møysommeleg tilberedt hos kjøkensjefen som er stolt av å bringe tradisjonane vidare.
Velkomen til bords i Nordfjord!

 

Foto: © Emma Midthjell

Fjellestad

 

Foto: © Fjellestad Gardskjøkken

Mat og drikke i Nordfjord

 

Nordfjord Smak