Kandal Ysteri og Gardsmat

Besøk Kandal Ysteri og Gardsmat og få servert den beste brunosten i Norge!

I bakkane mellom Skjortefjellet og Breimsvatnet finn du Kandal. Bygda har lange tradisjonar for foredling av mjølk og mellom anna husa ein meieriskule. I dag er det Solveig og Erlend som ystar av mjølk frå eigne geiter i Neretunet. Det er mor og son som held den 130 år gamle tradisjonen i hevd. Besøk gjerne ysteriet, som ligg spektakulært og naturskjønt til like ved ein hemmeleg foss omgjeven av nysgjerrige geiter og sauer.

Frå ysteriparken kan du sjå inn i produksjonslokalet der kandalsosten...
I bakkane mellom Skjortefjellet og Breimsvatnet finn du Kandal. Bygda har lange tradisjonar for foredling av mjølk og mellom anna husa ein meieriskule. I dag er det Solveig og Erlend som ystar av mjølk frå eigne geiter i Neretunet. Det er mor og son som held den 130 år gamle tradisjonen i hevd. Besøk gjerne ysteriet, som ligg spektakulært og naturskjønt til like ved ein hemmeleg foss omgjeven av nysgjerrige geiter og sauer.

Frå ysteriparken kan du sjå inn i produksjonslokalet der kandalsosten vert produsert. Kaffibaren i Ysteriparken har kvalitetskaffi og tradisjonelle natronkaker, sjølvsagt med kandalsost. Du finn også Kandalsfossen, som representerer den ville naturen i Kandalen. På andre sida av gjerdet finn du beitande dyr ein kan helse på. Ikkje langt frå Ysteriparken, finn du også galleriet til kunstnaren Solveig Thingnes Kandal. Du får kjøpt Kandalsosten og andre varer som kjøt og skinn.

Kandal er ei bygd med lange tradisjonar for geitedrift og det vart laga geitost her fram til 1954. Det var også ein meieriskule her, som utdanna over 200 meiersker. Heilt fram til no har turistar spurd etter geitost frå Kandal, men vi har ikkje hatt ost å tilby (før no). I starten av 2021 starta vi produksjon av brun geitost etter kandalstradisjon. Geitene beiter i spektakulær natur og om sommaren er folk og fe på Myklandsstøylen, under høge fjell.

På Neretunet i Kandal finn du Kandal Ysteri. Ysteriet starta opp i 2021 og tek opp igjen tradisjonen med geitost frå Kandal etter 67 år. Neretunet har drive med geiter i mange generasjonar tilbake og har helde tradsjonen med støylsdrift/seterdrift på Myklandsstøylen. Ysteriparken ved ysteriet byr på opplevingar der du kan kome tett på dyr, natur og osteproduksjon. På sommaren er det også kaffibar open i helgene, der får ein kvalitetskaffi og tradisjonelle natronkaker og anna, alt basert på lokale råvarer. På neretunet finn ein svin, sau, geit, høner og ein hest. Produkt ein kan få tak i hos oss er ost, kjøt og skinn. På garden har også Solveig eit atelier ein kan besøke for å oppleve kunst.

Varene kan ein få tak i hos oss på garden/ysteriet. Og på Bakarjon Byrkjelo.

Info: