Hornelen Via Ferrata
©Sol Fure / Hornelen Via Ferrata
Bremanger Keipen frå Rikeloftet
©Jannike BRenden Frøyen
Grotlesanden
Bremanger
©Jostein Vedvik
Bremanger
Grotlesanden
Vetvika
©Viggo Lundberg
Svelgen

Bremanger - ein naturleg aktivitetspark 

Hjortegården i Bremanger

Bremanger kommune - frå isbre til kvite strender. Kommunen femner breitt – frå Bremangerlandet og Kalvåg ut mot havet, til bygdelaga Svelgen, Davik, Botnane og Ålfoten langs og inst i fjordarmane. Bygdene i Bremanger er til saman eit eldorado av varierte naturopplevingar med langt over 100 merka turløypar.

Med langt over 100 merka turløyper, frå dei heilt enkle til dei mest krevjande løypene, er Bremanger kommune perfekt for fotturar. Den fjellvante kan kome tett på isbre, og magiske fjellformasjonar i Ålfotbreen landskapsvernområde. Den kulturelle kan nyte Diktarstien i Botnane.

Eventyrlystne kan prøve Via Ferrata opp Hornelen i ulike vanskegrader. Hornelen er høgste sjøklippe i Europa og eit landemerke med djupe røter i norsk mytologi. Få norske fjell har så mange segner knytta til seg – og utsikta frå toppen er til å miste pusten av. Eller du kan vandre på kvite strender som Grotlesanden og Vetvika. I Vingen ligg over 2 300 helleristningar, som er om lag 7 000 år gamle.

Kanskje får du auge på ei ørn under opphaldet ditt her?. I Bremanger kommune er du tett på dyrelivet som hjort, ørn, oter og ulike fuglar, fiskar og sjødyr.

Vetvika

Vetvika © Nordlandblog

Hornelen

Hornelen © Sverre Hjornevik

Absurd vakkert i over 7 000 år

Kombinasjonen av fjell og hav, bratte klipper, koselege rorbuer, eit yrande dyreliv, spennande bygder  og lokale råvarer av høg kvalitet gjev opplevingar som varar langt etter at turen er over. 

For fjellvande folk er Ålfotbreen og fjellformasjonane rundt ei utfordring som inkluderar mange høgdemeter i eit unikt landskap. Ingen plass i verda finn du liknande hyllelandskap av devonsk sandstein. Gjev du deg i kast med desse utfordrande fjellformasjonane kan belønninga vere besøk på ei av dei mest spektakulære DNT-hyttene i landet, Gjegnabu. Om du vågar kan klatre i ein av dei spektakulære løypene i Hornelen Via Ferrata.

Men i Bremanger treng ikkje kvar dag å by på motbakkar og fjelltoppar. Ta ein båttur til Vetvika og opplev Norge på sitt finaste. For i Vetvika er alt ekstra. Havet ekstra klart, sanden ekstra kvit, alt er ekstra vakkert. Grotlesanden er ei nydeleg sandstrand som ligg ytterst på Bremangerlandet.

Svelgen, Iglandsvik, Ålfoten, Davik, Kalvåg, Smørhamn, Leirgulen: alle bygdelaga kan vere gode utgangspunkt for å oppleve regionen.

 

Foto:  © Nordlandblog

Helleristning
Lille Lofoten Bremanger

Kalvåg © Knutholmen

Opplevingar i heile Bremanger

Aktivitetar i Bremanger

 

Overnatting i Bremanger

 

Mat og drikke i Bremanger