Stryn
Omgjevnadene i Stryn kan verkeleg slå pusten ut av ein. Med bratte fossefall, djupe dalar, høge fjell og smaragdgrøne vatn er det ikkje utan grunn at bilete frå Stryn går verda rundt på sosiale medier. Med den storslåtte naturen som arena finst det eit vidt spenn av aktivitetstilbod i heile kommunen.
Stryn kommune har om lag 7100 innbyggjarar, men dette doblar seg med turistar på sommaren. Etter byane er Stryn den største turistkommunen på Vestlandet og sidan midten av 1800-talet har folk frå heile verda kome hit for å oppleve den fantastiske naturen. Høge fjell, fjord, isbre, fossar og vatn i djupe grøne dalar er sjølve definisjonen på Noreg, og her i Stryn får du ein liten smak av alt det Noreg har å by på.
I Stryn sentrum finn du fleire gode overnattingsalternativ. Vel mellom historiske Visnes Hotel, sentralt plasserte Stryn Hotel ved vatnet, eller Stryn Camping for ei meir fleksibel overnatting. I tillegg finst det ei rekkje campingplassar, hytter og hotell rundt om i heile kommunen. Full oversikt finn du på nordfjord.no. Stryn sentrum byr òg på hyggelege kafear og spisestader, som Stryn Vertshus, samt eit variert utval butikkar. Alt frå kjende kjeder til unike nisjebutikkar som gjev handleopplevinga det lille ekstra.
Briksdalsbreen © Ruben Soltvedt
Attraksjonane i Stryn kommune ligg som perler på ei snor, og reisa startar høgt til fjells på Strynefjellet. Gamle Strynefjellsvegen, som er ein nasjonal turistveg, går mellom Stryn og Skjåk. Langs vegen finn du det unike alpinanlegget Stryn sommerski som er verdskjent for sommarskikøyring i spektakulære omgjevnader. Når du kjem ned frå Strynefjellet, finn du Oppstrynsvatnet. Ta gjerne ein stopp ved Hjelle, og nyt utsikta over det grøne brevatnet. Treng du ein pause frå køyreturen, kan du gå turen opp til Segestad, ein om lag 1,5 timars tur som gir noko av den beste utsikta over Hjelle og Oppstryn. I området finn du òg Jostedalsbreen nasjonalparksenter, som formidlar naturverdiar og historia om livet i og rundt nasjonalparken.
Vidare går turen til Loen. Her kan du utfordre deg sjølv i Via Ferrata Loen opp til toppen av Hoven (1011 moh), eller ta den raske og spektakulære gondolturen med Loen Skylift. På berre fem minutt er du på toppen, med panoramautsikt over fjord, fjell og dalar. Dette er ein av dei største turistsatsingane i Norge i nyare tid og den har inspirert andre destinasjonar til å byggje tilsvarande.
I Loen, finn ein Lodalen som ofte er omtalt som ei av dei vakraste dalane i Noreg. Det blågrøne Lovatnet er omkransa av bratte, dramatiske fjell. Her kan du òg lære om den tragiske Lodalsulukka. Lodalen er eit populært utgangspunkt for fjellturar til Skåla og Lodalskåpa.
I dalen ved sidan av Lodalen finn ein Oldedalen og den ikoniske Briksdalsbreen. Breen har fascinert reisande frå heile verda i over 150 år, og vart eit populært reisemål allereie på 1800-talet. I dag er Briksdalsbreen framleis ei av dei mest besøkte naturattraksjonane i området. Foto: © Helene Myhre / @helenemoo
Nos/Panoramavegen © Ruben Soltvedt
På nordsida av fjorden kan du køyre Panoramavegen, som gir deg panoramautsikt over fjorden heile vegen til Stad kommune.
Bratte fjell skapar dei perfekte turopplevingane, og den perfekte utsikta. Alle turane er lett tilgjengelege og av ulik vansklegheitsgrad. I Nordfjord er det høgt aktivitetsnivå og lokalbefolkninga er godt kjende i området. Dei aller fleste toppane er godt bevandra og godt merka. Om vinteren kan du nytte mange mil med godt preparerte løyper. På grunn av dei utallige fjelltoppane, er Nordfjord eit aldri så lite topptur mekka – her finn du topptur for både nybyrjarar og for dei meir erfarne.
Guida turer i Stryn
For ei trygg og minnerik oppleving anbefaler vi å ta med ein guide på turen. Ein lokal guide kjenner området godt, finn dei beste rutene, og dei beste snøforholda. Dette samtidig som tryggleiken blir ivareteken. Det fins fleire dyktige guidingselskap i Stryn.
I Loen og Lodalen er Loen Active eit naturleg val for guida fjell- og naturopplevingar. For brevandring eller kajakkturar rundt om i Stryn kan du ta kontakt med Olden Active eller Nordic Nature Guide. Ønskjer du meir krevjande og adrenalinfylte opplevingar, anbefaler vi Bre og Fjell.
Zipline i Loen © Loen Skylift
Oppstryn
Når du køyrer ned frå Strynefjellet, er det Oppstryn og det vakre Oppstrynsvatnet som møter deg først. Oppstryn er eit populært utgangspunkt for mange av Stryn sine mindre kjende turar, og ein av favorittane blant lokalbefolkninga. Det irrgrøne Oppstrynsvatnet er minst like vakkert som Lovatnet i Lodalen, men langt rolegare. Langs vasskanten finn ein små, skjulte perler der ein ofte kan vere heilt for deg sjølv.
Frå Oppstryn har du tilgang til fleire flotte naturopplevingar. Vi anbefaler ein tur til den over 100 år gamle garden Segestad, ein fjelltur til toppen av Marsåhyrna, eller ei utforsking av den mektige Erdalen. Erdalen er òg startpunktet for den opphavlege ruta over Jostedalsbreen på langs. Dette er ein krevjande tur som krev god planlegging, men belønninga er ei tre dagar lang skitur over Noregs tak. Dette vert rekna som ei av dei vakraste vårskiturane i landet.
Ønskjer du å lære meir om naturverdiar, kulturminne og historia til menneska som har levd i og rundt breen, bør du ta turen til Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Her får du innsikt i korleis isbreane har forma landskapet slik vi kjenner det i dag.
For dei som vil vere aktive på andre måtar, byr Oppstryn på varierte moglegheiter. Hos Folven Adventure Camp kan du leige utstyr til sykling, kajakkpadling eller skating.Her kan ein også få gode tips til opplevingar i nærområdet. Avslutt gjerne opphaldet i Oppstryn med eit godt måltid på Matstova, og nyt roen etter ein dag fylt med inntrykk. Foto: © Kristine H. Langstrand
Loen
Loen er ei levande og populær bygd i Stryn kommune, kjend for dramatiske naturopplevingar og unike aktivitetar året rundt. Her møter fjorden fjella – og moglegheitene står i kø.
I sentrum av bygda ligg det tradisjonsrike Hotel Alexandra, etablert i 1884 og kjent for si personlege atmosfære og lange historie. Like i nærleiken finn du Hotel Loenfjord, eit koseleg og uformelt hotell som ligg idyllisk til ved elva og Nordfjorden.
Berre få meter frå overnattingstadene ligg Loen Skylift – ei spektakulær gondolbane som tek deg nesten 1 000 høgdemeter på berre fem minutt. Bana gir deg det som ofte blir omtalt som Noregs lettaste topptur, og løftar deg heilt til toppen av Hoven (1 011 moh).
På Hoven ventar eit breitt utval aktivitetar. Du kan gå tur på godt merka stiar, prøve zipline, eller ta del i meir adrenalinfylte opplevingar som Via Ferrata Loen. Den sikra klatrestien startar like bak Hotel Alexandra og fører deg heilt til toppen av Hoven, med spektakulær utsikt heile vegen. Mot toppen opnar landskapet seg mot Lodalen, Oldedalen og rett ned i bygda Loen. Du ser òg den mektige Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Som ein del av ruta kryssar du Gjølmunnebrua – den lengste via ferrata-brua i Europa.
Etter ein aktiv dag i fjellet kan du ta turen innom Hoven Restaurant, som ligg heilt på kanten av fjellet. Her får du ei av dei mest spektakulære matopplevingane i landet, med slåande utsikt frå kvart einaste bord.
Opplevingane i Loen stoppar ikkje på fjelltoppen. Nede ved fjorden kan du leige SUP-brett eller bli med Loen Active på guida kajakktur. Å padle på fjorden mellom høge fjell gir ei heilt eiga ro – og er ei oppleving mange set på høgdepunktlista etter besøket i Loen.
Via Ferrata Loen © Loen Skylift
Lodalen
Lodalen ligg på vestsida av Jostedalsbreen og er ein av dei mest spektakulære dalane i Noreg. Her er landskapet forma av høge fjell, dramatiske fossefall og det irrgrøne Lovatnet, med breen som eit majestetisk bakteppe. Enten du padlar kano, går tur eller berre tek inn fred og ro, er Lodalen ein stad det er lett å la tankane flyte fritt.
Den dramatiske historia og det særprega landskapet har gjort Lodalen til eit verdskjent reisemål og eit ikonisk fotomotiv. Kvart år kjem besøkande frå heile verda for å oppleve kontrastane mellom det vakre og det ville. Dette er ei naturoppleving som set djupe spor.
Lodalen byr på ei rekkje kjende og kjære turmål. Her finn du den idylliske sætra Breng, som òg er eit av startpunkta for turen til Skåla. Vidare innover dalen ligg Bødalen, der du kan gå vidare til Bødalseter og den mektige Bødalsbreen. Lengst inst i dalen finn du Kjenndalsstova og Kjenndalsbreen.
Når du står heilt inst i dalen og ser innover Kjenndalen, kan landskapet kjennast nesten uverkeleg, som eit levande postkort. Men dette er ingen draum. Du er midt i Lodalen, omgitt av noko av det mest storslåtte norsk natur har å by på.
Lodalen er ei sårbar naturperle. Vis omsyn, ferd varsamt og hjelp oss å ta vare på dalen. Dette slik at også komande generasjonar kan oppleve denne unike staden.
Olden og Oldedalen
Olden er ei vakker bygd i Stryn kommune, idyllisk plassert ved Oldenelva der ho munnar ut i Nordfjorden. Med berre ti minutt køyring til Stryn sentrum er Olden eit lett tilgjengeleg reisemål, samstundes som bygda byr på rolege omgjevnader og storslått natur. Her finn du eit breitt utval overnattingstilbod, frå campingplassar og hytter til hotell. Du finn mellom anna det sjarmerande Olden Fjordhotel midt i sentrum.
Olden har òg eit godt tilbod av butikkar og serveringsstader. I sentrum finn du kjende merkevarer som Skogstad Sport og Ricco Vero, begge grunnlagde i Stryn kommune. I tillegg finn du daglegvarebutikkar og fleire hyggelege kafear der du kan ta ein pause og nyte stemninga i bygda.
Bygda er ein naturleg inngangsport til nokre av dei mest spektakulære naturopplevingane i Noreg. Frå kaia i Olden kan du bli med blant andre Olden Active på guida aktivitetar som kajakkpadling og RIB-rafting på fjorden. Nordic Nature Guide er også eit aktivitetsselskap som tilbyr forskjellige guida aktivitetar. Dette perfekt for deg som ønskjer ei fartsfylt oppleving i majestetiske omgjevnader. Den vakre naturen har gjort Olden til ein populær destinasjon for turistar frå heile verda, og i 2025 tok bygda imot over 100 cruiseskip.
Berre ein kort køyretur frå Olden ligg Oldedalen, ofte omtalt som ei av dei mest eventyrlege vandredalane i Noreg. Her finn du eit stort nettverk av turstiar som passar for både familiar og erfarne fjellvandrarar. Lengst inst i dalen ventar den ikoniske Briksdalsbreen, ein av dei mest kjende brearmane frå Jostedalsbreen. Briksdalsbreen har fascinert reisande i over 150 år og er framleis ei av dei mest besøkte naturattraksjonane i regionen.
Klovane i Oldedalen © Ruben Soltvedt
Aktivitetar i Stryn
Eit klatretilbod for alle
Klatring har vorte stadig meir populært i Nordfjord, og det er lett å forstå kvifor. Regionen byr på eit variert klatretilbod som passar for både born og vaksne, nybyrjarar og erfarne klatrarar. Her kan du kombinere fysisk aktivitet med storslått natur og spektakulær utsikt.
Beachen i Stryn blir omtalt som eit av dei beste klatrefelta i Noreg. Klatrefeltet byr på eit breitt spekter av ruter, frå korte og lettare klatreløyper til lange og bratte utfordringar. Her er det noko for alle nivå og preferansar, enten du klatrar for første gong eller søker nye utfordringar.
I Hydlaparken kan du klatre mellom tretoppane, suse gjennom zip-lines, teste ferdigheitene i pumptracken eller ta ein roleg pause med ein kopp kaffi. Hydlaparken er ein populær møteplass for både lokale og tilreisande. Ein plass for familiar, par og venegrupper i alle aldrar.
Via Ferrata Loen er klatrestien som tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh. Dette er for deg som ønskjer ei meir spektakulær og høgtsvevande klatreoppleving. Den sikra klatrestien fører deg heilt til toppen av Hoven på 1 011 moh, med fantastisk utsikt heile vegen. På toppen kan du ta Loen Skylift tilbake til fjordnivå på berre fem minutt, ei perfekt avslutning på ein aktiv dag i fjellet.
Overnatting i Stryn
Mat og drikke i Stryn