Hydlaparken
Hydlaparken klatrepark i Stryn – eit fjelldorado.
Hydlaparken klatrepark ligg omkransa av fjell og storslått natur, 300 moh i Stryn – berre ni minutt med bil frå sentrum. Her finn du eit variert og familievenleg aktivitetstilbod, med utfordringar for både små og store. Her er det glede og meistring for alle aldrar og samansetjingar.
Dei aller yngste kan utforske leikeplassen, MiniHydla, medan dei som er minimum 80 centimeter høge kan prøve seg i klatreløyper med ulik vanskegrad og zipliner som gir både sug i magen og kjensla av å fly. For

Dei aller yngste kan utforske leikeplassen, MiniHydla, medan dei som er minimum 80 centimeter høge kan prøve seg i klatreløyper med ulik vanskegrad og zipliner som gir både sug i magen og kjensla av å fly. For dei aller tøffaste ventar Hydlaspranget – eit hopp frå 12 meters høgd som gir nokre sekund i fritt fall, før ein trygt landar på bakken med eit stort glis om munnen.
Den nyaste opplevinga i klatreparken er Hydlasvevet – ein 150 meter lang zipline som gir eit høgt og luftig svev over området. Totalt tilbyr Hydlaparken i dag 8 klatreløyper med 12 zipliner, i tillegg til utfordrande klatreveggar.
Området rundt klatreparken byr på flotte, opparbeidde turstiar, samt ein pumptrack for sykling, sparkesykkel, rulleskøyter og skateboard (all ferdsel skjer på eige ansvar). Besøket i klatreparken kan gjerne kombinerast med ein spasertur eller andre aktivitetar i området. I kiosken ved Hydlaparken finn ein småis, mineralvatn, slush, kakao, kaffi og ofte deilige vaflar med rømme og syltetøy.
Hydlaparken er hovudsakleg open i helgar og feriar. Både enkeltpersonar, familiar og grupper er velkomne, og det blir oppmoda om å bestille billettar digitalt på førehand. Oppdaterte opningstider og praktisk informasjon er tilgjengeleg på nettsida. Dersom det er spørsmål, er det berre å ta kontakt med Hydlaparken.
Hjarteleg velkomen til fjells – med spenning, meistring og gode opplevingar for alle!

Book no
Info:
- Telefon booking: +47 57 87 30 00
- Telefonnummer: +47 57 87 30 00
- Nettside: https://www.hydlaparken.no/
- Kontakt e-post: post@hydlaparken.no
- Visiting address: Hydlavegen 25 Postal Address: 6783 Stryn
Attributes
Sommer
Vår
Høst