Briksdalsbreen

Velkomen til Nordfjord - alt i ein fjord

Lovatnet

Mellom den største fastlandsbreen i Europa og det villaste havet i Norge ved Stad ligg Nordfjord, med spektakulære fjell og dalar, bølgande jordbruksbygder og dramatisk kystlandskap. Her er det tett mellom store og lett tilgjengelege opplevingar. Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste. Alt i ein fjord.

 

Nordfjord ligg nord for Bergen og sør for Ålesund, midt i smørauget mellom Geirangerfjorden og Sognefjorden i hjarte av Fjord Norge. Nordfjord er lett å nå, enten du kjem med bil, buss, båt eller fly.

 

Om Visit Nordfjord

Destinasjonsselskapet Visit Nordfjord AS er eit offisielt regionalt turistråd for marknadsføring og salg av Nordfjord som reisemål, nasjonalt og internasjonalt. Hovudoppgåva til selskapet er å bidra til å skape verdier, betre lønsemd og å skape ringverknader for Nordfjordregionen gjennom heile året.

Kva kan vi hjelpe deg med:

• Hjelp til å planlegge reiseruter i Nordfjordregionen med relevant overnatting, aktivitetsleverandørar, attraksjonar, guidetenester og unike opplevingar

• Organisering og vertskap for visningsturar /fam trips – digitale eller destinasjonsturar i samarbeid med Innovasjon Norge og Fjord Norge

• Marknadsoppdateringar gjennom nyheitsbrev

 

Fotobank

Bilete til ikkje-kommersielle føremål kan lastast ned gratis frå vår elektroniske fotobank.

Desse bileta er kun tilgjengelig gratis for personar som presenterer og marknadsfører Nordfjord som reisemål, inkludert turoperatører, presse og andre bransjeaktørar. Les reglane for bruk og kreditering av bileta.

 

Ta gjerne ein kikk i vår offisielle trykksak, Nordfjord Reiseguide

 

Ver venleg å ta kontakt med oss om de har spørsmål eller treng anna informasjon.

 

Visit Nordfjord
Beate Vik Hauge
Kommunikasjonsleiar
t: +47 90786563
e: beate@nordfjord.no

 

 

Gondolbane Loen Skylift
Kysten av Nordfjord