bilkøyring Nordfjord
©Thomas Sagvik

Nordfjord er ein kompakt region med korte avstandar mellom fjord, fjell og kyst. Det er mogleg å oppleve både breområde og havlandskap på same dag, og mange køyreetappar mellom tettstadane er på rundt 1-2 timar. Dette gjer det enkelt å kombinere ulike opplevingar utan lange transportdagar. 

Her finn du veg- og trafikkinformasjon: Vegvesenet

 

Grønn reise

Nokre ting å tenke på når du køyrer i Nordfjord

  • Nokre plassar i Nordfjord er det svingete og smale vegar, særleg langs fjordar, vatn og mot kysten. Køyr roleg og vis omsyn.
  • Om vinteren kan fjellovergongar og mindre vegar vere stengde eller krevje vinterdekk og kjetting. Køyr forsiktig!
  • Nokre ruter i regionen har ferjesamband. Sjekk rutetider på førehand, særleg utanfor sommersesong.
  • Det er vanleg med beitedyr langs vegane om sommaren. Ver merksam og tilpass farta.
  • Avstandane er moderate, men ikkje alle tettstadar har døgnopen bensinstasjon eller hurtiglading. 
     

Omtrentlege køyretider mellom sentrale punkt i regionen

  • Stryn – Nordfjordeid: ca. 1 time
  • Nordfjordeid – Kalvåg: ca. 1 time
  • Nordfjordeid – Hoddevik: ca. 1 time
  • Stryn – Kalvåg: ca. 2 timar
  • Stryn – Hoddevik: ca. 2 timar

Avstandar og reisetid kan variere avhengig av ruteval, trafikk og vêr.

Bil 

Nordfjord har eit godt utbygd vegnett, men fleire vegar er smale og svingete, særleg langs fjordar og mot kysten. Tilpass farten og vis omsyn til møtande trafikk. Det er som regel gratis parkering i regionen, men på privat grunn kan det gjelde eigne reglar. Følg skiltinga på staden. 

Det finst fleire ladestasjonar i regionen. Vi anbefaler å bruke digitale karttenester eller ladekart for oppdatert oversikt over lokasjon og kapasitet. Her finn du ei oversikt over ladestasjonar 

Enkelte ruter i Nordfjord har ferjesamband. Dette gjeld særleg langs kysten og i ytre delar av regionen. Vi anbefaler å sjekke rutetider og avgangar før avreise, særleg utanfor sommarsesong.

Oppdatert informasjon finn du hos Fjord1. 

Bubil

Nordfjord er eit populært reisemål for bubilturistar. Vi anbefaler å bruke etablerte campingplassar og bobilparkeringar.

Tømming av gråvatn og toalett skal skje på godkjende tømmestasjonar. Dette bidreg til å ta vare på naturen og lokalsamfunnet.

Sjå eiga side for oversikt over tømmestasjonar, bobilparkering og reglar for opphald med bobil i Nordfjord.

 

Kollektivtransport

Det er mogleg å reise med buss mellom fleire tettstader i regionen. Rutetilbodet varierer gjennom året.

Planlegg reisa og sjekk oppdaterte rutetider på Fram.no.

 

Brebussen til Briksdalsbreen

I sommarsesongen går det Brebuss frå Stryn til Briksdalsbreen. Dette er eit enkelt alternativ for deg som ønskjer å besøke breen utan eigen bil.

Brebussen går i perioden mai - august. Vi anbefaler å sjekke rutetider og bestilling på førehand.

Her finn du rutetabell for sommaren 2025: Brebussen