Sande camping bubil

Er du bubil-turist i Nordfjord?  

Nordfjord er eit populært reisemål for bubilturistar. Med korte avstandar mellom fjord, fjell og kyst er det enkelt å oppleve mykje på same reise. For å sikre gode opplevingar for både gjester og fastbuande, er det viktig å bruke tilrettelagde plassar for parkering, overnatting og tømming. Slik tek vi vare på naturen og lokalsamfunna som gjer Nordfjord til eit spesielt reisemål. 

Fricamping og allemannsrett 

Allemannsretten gir rett til ferdsel og opphald i utmark, men gjeld ikkje fri parkering med motorisert køyretøy. Bubilar skal stå på tilrettelagde plassar eller med løyve frå grunneigar. Vis omsyn til natur, landbruk og privat eigedom. Les meir om allemannsretten her: Allemannsretten

Tømmestasjonar 

Tømming av gråvatn og toalett skal skje på godkjende tømmestasjonar. Her finn du ei oppdatert oversikt over registrerte tømmestasjonar i Vestland fylke, inkludert Nordfjord: Tømmestasjonar

Avfall og omsyn

Bruk etablerte avfallspunkt og lat plassen vere slik du ønskjer å finne han. Små val frå kvar enkelt bidreg til at Nordfjord kan halde fram med å vere eit ope, reint og tilgjengeleg reisemål.

Parkering og overnatting:  

Nokre vegutvidingar og kvileplassar langs vegen er primært til bruk for tungtransport og korte stopp. Desse er ikkje tilrettelagde for overnatting. Vi anbefaler å bruke etablerte bobilområde i regionen. 

Det finst fleire campingplassar og eigne bobilområde i regionen og nokre tettstader tilbyr også tilrettelagde parkeringsplassar for bubil. Overnatting på privat grunn krev løyve frå grunneigar.