På tur med barn

Fridom i naturen – med ansvar

I Noreg gir allemannsretten deg rett til å ferdast fritt i naturen.
Allemannsretten er ein del av vår kulturarv, og den gjev oss rett til å bruke utmarka - uavhengig av grunneigar. Du kan gå på tur, telte og opphalde deg i utmark – så lenge du viser omsyn. Denne retten følgjer med ansvar.
Vi ber alle besøkande om å ta vare på naturen og vise respekt for lokalsamfunn og grunneigarar. 

Dette betyr at du kan ferdast fritt i naturen - men du har også ansvar for å ta vare på landskapet, vise respekt for eigendom og lokalsamfunn, og rydde opp etter det. 

 

Dette er tillate 

  • Ferdsel til fots i utmark (skog, fjell og kystområde)

  • Telting minst 150 meter frå bebodd hus eller hytte

  • Opphald i inntil 2 døgn på same stad (utan avtale med grunneigar)

  • Bading, plukking av bær og sopp 

 

Dette er ikkje tillate 

  • Telting i hage, innmark eller dyrka mark

  • Parkering av bubil eller campingvogn utanfor tilrettelagde plassar

  • Etterlate søppel eller matavfall

  • Tømming av toalett eller gråvatn i naturen

  • Forstyrre beitedyr

  • Motorisert ferdsel i terrenget   

 

Om villcamping og bubil

Fricamping og langvarig opphald i populære område har skapt utfordringar fleire stader i Nordfjord. Telting i utmark er tillate etter allemannsretten, så lenge du held minst 150 meter avstand til bebudde hus eller hytte, og ikkje blir meir enn to døgn på same stad utan avtale med grunneigar. Parkering og overnatting med bubil eller campingvogn utanfor tilrettelagde plassar er som hovudregel ikkje tillate. Vi ber deg bruke etablerte campingplassar og godkjende parkeringsområde. 

  • Bruk etablerte campingplassar der det finst

  • Følgj lokale skiltingar og reglar

  • Unngå opphald på private område

  • Rydde etter deg – alltid

  • Allemannsretten gir rett til kortvarig opphald – ikkje permanent camping

 

Vis omsyn til dyr og landbruk

  • Store delar av Nordfjord er beiteområde.

  • Hald avstand til dyr

  • Lukk grinder etter deg

  • Hund skal vere i band i bandtvangperioden 

 

Bål og eld

Det er generelt bålforbod i skog og mark frå 15. april til 15. september på grunn av brannfare. I periodar med høg brannfare kan det vere totalforbod.
Bål er berre tillate der det openbart ikkje kan føre til brann. Bruk etablerte bålplassar der det finst, og følg lokale reglar og skilting. 

 

Takk for at du viser omsyn og bidreg til å ta vare på naturen i Nordfjord – slik at også framtidige generasjonar kan oppleve den same fridomen.