CBIS 6217939
CBIS 6217938
CBIS 6217940
CBIS 6217941
CBIS 6217942

Via Ferrata Loen

Via Ferrata Loen er ein nybygd klatresti rett bak Hotel Alexandra. Klatrestien tek deg til toppen av Hoven på 1011 moh, med eit fenomenalt utsyn mot Lodalen, Oldedalen, rett ned til Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen.

Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste i Via Ferrata brua i Europa. Den ligg 750 meter over havet, er 120 meter lang og går over det 160 meter djupe jølet. Turen vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Om du er klar for ei ekte utfordring kan du klatre den nye ekstremruta - den tøffaste via ferrata ruta i Norge.

Ragnarok Extreme
Våren 2019 opna Norges tøffaste via ferrata rute i Loen. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen fått ei av dei mest komplette via ferrata anlegga i Europa. Det nye ruta går vest for den klassiske, og er vedvarande bratt heile vegen. Å klatre her krev god styrke og utholdenhet, og dei som skal gå den bør ha klatra grad E tidlegare. Aldersgrense på F-ruta er 14 år, i følge med ein vaksen. Dei som er usikre på om dei meistrar denne ruta kan gå den klassiske ruta, og teste seg i den alternative sløyfa gjennom “Tors hammar” - ei kort sløyfe i kategori E.