Vandring til Klovane - Ruben Soltvedt
©Ruben Soltvedt
Briksdalsbreen foss - Ruben Soltvedt
©Ruben Soltvedt
Olden Vinter - Saltnwax
©Saltnwax
Kajakk Oldenvatnet - Mattias Fredriksson
©Mattias Fredriksson

Fjord, fossar og brear på sitt mest spektakulære

Olden ligg inst i Nordfjorden, der fjorden møter ei av dei vakraste dalføra på Vestlandet. Her startar reisa innover Oldedalen – ein stad der naturen kjennest større, villare og tettare på enn dei fleste andre stader.

Med høge fjell, kraftige fossar og brearmar som strekkjer seg ned mot dalbotnen, er dette eit landskap som gjer inntrykk. Enten du opplever det til fots, frå vatnet eller berre langs vegen.

Briksdalen i Oldedalen - Ruben-Soltvedt

Briksdalen i Oldedalen @ Ruben-Soltvedt

 

 

Heile året

Vår 

Snøsmeltinga set fart i fossar og elvar, og landskapet blir ekstra levande. Kontrasten mellom snøkledde toppar og spirande grøne dalar gjer dette til ei vakker tid å besøke området.
 

Sommar 

Lange, lyse dagar gir perfekte forhold for fjellturar, brevandring og aktivitetar på vatnet. Dette er høgsesong, og dalen fyllast med liv frå både norske og internasjonale besøkande.
 

Haust 

Eit rolegare tempo senkar seg over dalen. Fjellsidene får varme fargar, lufta blir klår og utsikta ekstra skarp. Ei ideell tid for turar og naturopplevingar.
 

Vinter 

Naturen blir stillare og meir dramatisk. Snøen legg seg i fjella, og Oldedalen får ei roleg og nesten eventyrleg stemning, der kontrastane mellom kvitt landskap og mørk fjord skapar ei heilt eiga oppleving.

Utsikt i Oldedalen - Ruben Soltvedt

Utsikt i Oldedalen @ Ruben Soltvedt

Oldenvatn i skumring Oldeskaret i Oldedalen - Ruben Soltvedt

Oldenvatn i skumring, Oldeskaret i Oldedalen @ Ruben Soltvedt

Natur og landskap

Oldedalen strekkjer seg om lag 20 kilometer frå Olden og sørover mot Jostedalsbreen nasjonalpark. Dalen er omkransa av bratte fjellsider, djupe dalar og fleire brearmar som kryp ned frå høgdene, mellom anna Briksdalsbreen, Melkevollbreen og Brenndalsbreen.

Midt i dalen ligg Oldevatnet, eit langstrekt vatn med ein karakteristisk smaragdgrøn farge, skapt av smeltevatn frå breane. Her speglar fjella seg i vassflata, medan elva Oldenelva renn vidare ut i Nordfjorden.

Å ferdast gjennom Oldedalen er ei oppleving i seg sjølv. Mange omtalar dalen som eit av dei mest eventyrlege landskapa i Noreg, der fossefall, brear og skiftande lys skapar stadig nye inntrykk. Inst i dalen ventar Briksdalsbreen, som stuper dramatisk ned frå høgfjellet og inn i den frodige Briksdalen. Den lett tilgjengelege plasseringa gjer breen til ei av dei mest besøkte naturattraksjonane i landet.

Kultur og historie

Sjølv om naturen står i sentrum, har Olden også ei spanande historie. Ei av dei mest særprega forteljingane er knytt til det amerikanske ekteparet William Henry Singer Jr. og Anna Brugh Singer. Då dei kom til Olden i 1913, forelska dei seg i landskapet og valde å slå seg ned her.

Resultatet vart Singerheimen – ein vakker eigedom med fleire karakteristiske grøne bygningar omgitt av ein frodig hage. I dag er staden open for besøkande, med omvisingar og moglegheit for å oppleve historia på nært hald.

I sentrum av Olden finn du også både den nye og den gamle kyrkja, som vitnar om eit lokalsamfunn med lange tradisjonar.

Brenndalsbreen - Thomas Sagvik

Brenndalsbreen @ Thomas Sagvik

Aktivitetar og naturopplevingar

Oldedalen er eit eldorado for deg som vil vere aktiv ute i naturen. Her finn du turar for alle nivå, frå enkle rusleturar til meir krevjande fjellturar.

Turen til Briksdalsbreen er den mest kjende. Den følgjer ein brei sti gjennom eit dramatisk landskap med fossar, elvar og bratte fjellsider tett på. Undervegs får du stadig nye utsyn mot breen. For fleire turmoglegheiter kan du utforske dalen vidare. Turen til Gytrifossen er ein fin og familievenleg tur gjennom frodig natur, der du får utsikt mot både foss og bre undervegs. Ønskjer du meir høgdemeter, gir turen til Klovane ei spektakulær utsikt over fjord, vatn og brear.

På Oldevatnet kan du padle kajakk eller kano, eller ta deg ein roleg tur med båt. Fleire stader langs vatnet er det mogleg å leige utstyr, og området eignar seg godt for både korte turar og lengre opplevingar på vatnet.

For ei meir avslappande oppleving kan du besøke Melkevoll Bretun, der kombinasjonen av natur, ro og velvære står i sentrum, med tilbod som sauna, yoga og isbading.

 

Olden og Oldedalen er ein stad der naturen verkeleg tek plass. Enten du kjem for å sjå ein isbre på nært hald, vandre i eit av Noregs mest spektakulære dalføre eller berre ta inn utsikta. Her ligg alt til rette for opplevingar du tek med deg vidare.
 

Praktisk informasjon

Avstand frå flyplassane:

Sandane lufthamn Anda: ca. 60 km (ca. 1 time) 

Ørsta/Volda lufthamn Hovden: ca. 80 km (ca. 1 time og 15 minutt)

Ålesund lufthamn Vigra: ca. 160 km (ca. 2 timar 30 minutt) 

Bergen lufthamn Flesland: ca. 300 km (ca. 4 timar og 50 minutt) 

Det er direktefly frå Oslo og Bergen til Ørsta/Volda og Sandane. Til Ålesund går det også direktefly frå mellom anna Trondheim, London, København, Amsterdam, Frankfurt og Gdansk. 

Korleis kome seg hit:

Olden ligg inst i Nordfjorden, i Stryn kommune, og er lett tilgjengeleg med bil frå både aust og vest. Følg E39 til Byrkjelo og vidare på riksveg 60 mot Olden. Turen inn fjorden byr på vakker utsikt mot fjord, fjell og dalføre.

Det går buss til Olden og nærliggande område, men kollektivtilbodet kan vere avgrensa, spesielt utanom sommarsesongen.

Det er gode parkeringsmoglegheiter i sentrum av Olden og fleire stader langs Oldedalen, mellom anna ved startpunkt for turar og ved Briksdalsbreen.

skyss.no

nor-way.no

vy.no  

Vandring til Gytrifossen i Oldedalen - Ruben Soltvedt

Vandring til Gytrifossen i Oldedalen @ Ruben Soltvedt

Aktivitetar i Olden og Oldedalen

Overnatting i Olden og Oldedalen

Mat og drikke i Olden og Oldedalen

Opplevingar og vandring i Olden og Oldedalen