DNT Ytre Nordfjord

Der storhavet møter kysten

Måløy ligg på øya Vågsøy, ved Noregs mest vêrharde kyst. Her er nærleiken til havet sjølve identiteten. Kystbyen byr på spennande krigshistorie, sjeldne naturopplevingar og overnattingsstadar du ikkje gløymer med det første.

Måløy og Vågsøy er ein del av Kinn kommune, og høyrer til reiselivsregionen Visit Sunnfjord og FjordKysten. Les meir om Måløy på Fjord Norge.

Fyra rundt Vågsøy

Fleire fyr markerer kysten rundt Vågsøy, og fleire av dei er no opne for besøk og overnatting.

Heile året i Måløy og Vågsøy

Korleis kome deg til Måløy?

Hurtigbåten frå Bergen går direkte til Måløy og gjev ei naturleg og opplevelserik reise langs kysten. Frå Måløy kan du reise vidare med buss eller leigebil og utforske resten av Nordfjord, Sunnfjord og FjordKysten i eige tempo.

Vil du kombinere Måløy med fleire kystdestinasjonar, kan du ta hurtigbåten vidare til Selje, Smørhamn eller Leirgulen.

Vår

Frå påske opnar kafeen på Kråkenes fyr for sesongen, og Måløyraidsenteret er ope på cruisedagar.

Sommar

Alle attraksjonar og aktivitetar er opne. Dei lange, lyse sommardagane gjev Måløy og kystlandskapet rundt eit heilt eige skjær – perfekt for å utforske fyr, strender og sjøen.

Haust og vinter

Kråkenes fyr og Skongenes fyr er opne for overnatting på haust og vinter. Opplev vêret og stemninga tett på havet – på sitt aller råaste.