Kråkenes Fyr

"Det var rett og slett kult å kome ut til Kråkenes fyr heilt ytst i havgapet. Eg kan lett tenkje meg kor herleg det må vere å overnatte her ute og nyte både solnedgang og soloppgang enten det er blå himmel eller naturen på sitt viltraste der! Alle brudepar bør reise innom brudesuiten i øverste etasjen på hovedhuset og krysse den happeningen av på sin Wedding-list! Bilvegen går fram til døra, så verken mann eller kone treng å vere redde for at ekteskapet vil starte med ei tung bør ? Tvert imot: her kan du bestille massasje og berre nyte, nyte og atter nyte!"

Fred Syversen

 

Kråkenes Fyr - Stormfyret ligg vilt og vakkert i Vågsøy kommune mellom Ålesund og Bergen. Å stå på trygg avstand frå dei frådande bølgjene ein uvérsdag og studere det opprørte havet er ei fantastisk oppleving. Fyra i Vågsøy ligg lengst ute på dei brattaste knausar, med brusande sjø som næraste nabo. Desse skulle hjelpe skipa trygt i hamn etter ferda på havet. Fyra er tatt godt vare på og framstår i dag som attraktive turmål.Her kan du bu nokre dagar på ein av dei mest værharde stadane i heile Norge, kjenne salt i lufta og bølgesus i hele kroppen. Er du heldig får du med deg både soloppgong bak Stadlandet og solnedgong i havet. Heilt perfekt for deg som ynskjer ei sterk naturoppleving og rekreasjon.