Ulvesund Fyr

Ulvesund Fyr er eit historisk fyr ved kysten, med røter tilbake til 1870. I dag er fyret ein kreativ og koseleg møteplass med sommarkafé, overnatting og ulike kultur- og aktivitetstilbod.

Om produktet

Ein sommarkafé med heimebakst og sjarme.
Ein overnattingsstad med historie og varme.

I sommarkaféen kan du nyte heimebakst, heimelaga mat og kaffi i sjarmerande omgjevnader. Om sommaren er kaféen open kvar dag i sesongen, og det blir også arrangert ulike kulturkveldar og arrangement, mellom anna Torsdagsjam i fyrnaustet.

Ulvesund Fyr tilbyr overnatting i fleire ulike rom og hus, med frukost inkludert. Her kan du bu i historiske og særprega omgjevnader, med nærleik til både sjøen og fyrhistorie.

Fyret har vore eit lyspunkt langs kysten sidan 1870. Fyrstasjonen vart avbemanna og automatisert i 1985, og i 2003 fekk dei gamle bygningane nytt liv som fyrkafé og overnattingsstad. I dag er historie, kreativitet og hjartevarme ein viktig del av opplevinga.

For meir informasjon, besøk nettsida til Ulvesund Fyr.

Eigenskapar

  • Summer
  • Restaurant
  • Twinbed
  • Single bed
  • Sea view
  • Child friendly
  • Close to nature
  • Hiking trails
  • Coffee/Tea maker
  • Outdoor parking - free

Kontakt oss