Natur og landskap
Oppstrynsvatnet er like grønt og vakkert som det meir kjende Lovatnet, men langt rolegare. Vatnet ligg som eit spegel mellom bratte fjellsider, og frå Hjelle har du vid utsikt både utover dalen og opp mot fjella.
Hjelledalen strekkjer seg austover mot Strynefjellet, medan Erdalen byr på frodige landskap, setrar og breelvar. Om våren gir snøsmeltinga liv til fossar som Glomnesfossen, medan sommaren opnar for lange dagar i eit levande og grønt landskap. Hausten fargar dalen i varme tonar og gir eit rolegare tempo, medan vinteren legg eit stille snødekke over området.
Langs Gamle Strynefjellsvegen, bygd mellom 1889 og 1894, køyrer du forbi stabbesteinar og murar som framleis står slik dei vart bygde for over hundre år sidan. Vegen er stengd for bussar, noko som gir ei rolegare og meir autentisk oppleving.
Aktivitetar
Oppstryn er eit godt utgangspunkt for både kjende og mindre kjende naturopplevingar. Ein av dei mest populære turane frå Hjelle går til den fråflytta fjellgarden Segestad, som ligg spektakulært til på ein fjellknaus med utsikt over Oppstrynsvatnet. Turen går forbi Glomnesfossen og gir både naturoppleving og eit innblikk i historia til fjellbøndene.
Erdalen byr på ei vakker dalvandring til historiske setrar, og er startpunkt for den klassiske tredagars skituren over Jostedalsbreen. På solrike Flo finn du eit ope og frodig kulturlandskap med fleire turmoglegheiter.
Langs Gamle Strynefjellsvegen ligg Stryn Sommarskisenter, der du kan stå på ski midt på sommaren. Her finn både nybyrjarar og erfarne skikøyrarar utfordringar, med alt frå preparerte løyper til frikøyring og toppturar.
For aktivitetar i lågare tempo er Hjelle perfekt for opplevingar på vatnet. Kajakk, SUP og roing gir deg nærleik til naturen og det stille vatnet. På Folven Adventure Camp kan du kombinere overnatting med aktivitetar som sykling, klatring og sosiale arrangement, medan området elles byr på gode moglegheiter for stisykling, mellom anna på ruter som Himalayastien og Napen.