Breheimen Naturprodukt

Breheimen Naturprodukt tilbyr kjøt frå ville dyr og honning frå naturreservat.

Om produktet

Breheimen Naturprodukt er ei lita familieverksemd i Stryn. Dei tilbyr kjøtprodukt av villrein, vill hjort og elg, som dei i hovudsak har jakta sjølve. Utvalet kan mellom anna vere mørbrad, flatbiff, rundsteik, karbonader og dampepølse.

I tillegg har dei to spesielle typar honning frå eigen bigard. Den eine er lindhonning frå Flostranda naturreservat, som har Nord-Europas største førekomst av vill lindeskog, og den andre er klokkelynghonning, som har ein heilt eigen konsistens og smak. Sommarhonningen inneheld nektar frå blomster som biene besøker frå mai til juli.

Breheimen Naturprodukt sel produkta på eiga hand og gjennom Bondens marked – kanskje treff du dei i Stryn sentrum?

Her får du smaken av vilt og honning frå naturen rundt Stryn.


Kjerringråd: Det er sagt at honning hjelper mot forkjøling, på sår og anna. Må ikkje varmast opp meir enn max 50 grader, elles øydelegg ein dei gode enzymene som er med å gjere godt.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Vinter
  • Vår
  • Haust