Vestkapp

Vestkapp er det vestlegaste fjellplatået på fastlands-Noreg. Frå fjellplatået Kjerringa på Stadhalvøya, 496 meter over Stadhavet, får du eit av dei mest spektakulære utsiktspunkta langs norskekysten.

Om produktet

Fjellplatået er nesten flatt på toppen og stuper bratt ned i havet. Området er kjent for skiftande og ekstremt vêr, frå speilblankt hav til storm og orkan, og sjøvegen rundt Stad er rekna som eit av dei mest vêrharde farvatna i Noreg.

Å vandre på Stadhalvøya er ei heilt eiga oppleving – her er ein høgt til fjells samstundes som ein har det opne storhavet rett framfor seg.

I 2026 er det byggearbeid på toppen av Vestkapp, og det vil derfor ikkje vere toalett eller kafé tilgjengeleg denne sesongen. Ein ny restaurant og eit nytt landskapsrom er under bygging og skal etter planen stå ferdig i 2027.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Vinter
  • Vår
  • Mai
  • Juni
  • Juli
  • August
  • September
  • Oktober
  • Haust

Kontakt oss