Salomon fishing | Stokkenes Gjestegard

Laksefiske i Eidselva

Eidselva starter i den djupaste innsjøen Nord-Europa, Hornindalsvatnet, 514 meter djup.

Elva har størsteparten av nedslagsfeltet sitt i fremre del av vatnet og på begge sider av Hornindalen. Dette saman med storleiken på Hornindalsvatnet gjer at vatnet i Eidselva vert krystallklart, også på tidleg vårelv. Det einaste som kan setje farge på elva er om dei mindre bekkane, som går rett i elva, veks opp som følgje av regn. Elva hadde tidlegare eit gråskjær når den gikk stor, på grunn av utvasking av leire, men elva er i dag førebygd i så og seie alle svinger, slik at aukande vannstand er...
Elva har størsteparten av nedslagsfeltet sitt i fremre del av vatnet og på begge sider av Hornindalen. Dette saman med storleiken på Hornindalsvatnet gjer at vatnet i Eidselva vert krystallklart, også på tidleg vårelv. Det einaste som kan setje farge på elva er om dei mindre bekkane, som går rett i elva, veks opp som følgje av regn. Elva hadde tidlegare eit gråskjær når den gikk stor, på grunn av utvasking av leire, men elva er i dag førebygd i så og seie alle svinger, slik at aukande vannstand er det einaste som gir den farge.

Ei mellomstor lakseelv. Elva har ei lengde på ca. 10 km ifrå Hornindalsvatnet og til Eidsfjorden, ei grein av Nordfjorden. I vannføring er Eidselva blant dei mellomstore lakseelvane våre, og er kjend som ei storlakselv frå gammal tid av. Hornindalsvatnet ligg på 52 meter over havet og elva har stort sett jamt fall, utan heilt rolige partier. Elva er delt i 23 soner og tilgangen til fiske på dei forskjellige sonene er veldig forskjellig.

For meir informasjon om fiske i Eidselva, fiskekort og reglar- besøk www.elveguiden.no

Info:

Attributes

Sommer
Vår
Høst