Telt Nordfjord Allemannsrett

Allemannsrett

 

Allemannsretten er ei gratis fellesgode og ein del av kulturarven. Den gjer deg rett til å ferdast i utmarka, uavhengig av grunneigar. To begrep som ofte omtalast i allemannsretten, er innmark og utmark. Innmark er områder som gardsplassar, hustomte og dyrka mark. Utmark er skog, fjell, myr og kystområder. 

Friluftsliv er ein flott del av norsk identitet og vi har frå gammalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark. Så lenge du vis omsyn og tar med deg avfall, sørgjer allemannsretten for at du kan bevege deg fritt i naturen. Du kan fiske i saltvatn heile året, både frå båt og land, så lenge det er til eige bruk. Skal du fiske laks, aure og sjørøye i elve og vassdrag, må du betale fiskeravgift til staten og betale fiskekort til grunneigaren. 

Du kan hauste bær, sopp og blomster av naturen, men det skal gjerast med måte. Gjer deg kjent med vernereglane om du er i eit naturvernområde, og ikkje plukk truande og freda planteartar. I både innmark og utmark skal du alltid lukke grinder etter deg og ta omsyn til dyr som er på beite. Har du hund, må du respektere bandtvang mellom 1. april og 20. august. Grunnregelen er: Ta omsyn til naturen, privat eigendom og andre som ferdast i naturen. Ikkje gjer skade og forlat naturen slik du sjølv vil finne den. 

Du kan sette opp telt eller sove under stjernene kor som helst i utmark, så lenge du er minst 150 m frå nærmaste hus eller hytte. Om du skal telte på same plass meir enn 2 netter, er du pliktig til å spørje grunneigar, bortsett frå på høgfjellet eller langt i frå busette områder. Vi anbefaler alle å bruke dei flotte campingplassane i området - både med tanke på miljø, bærekraft og for at du skal få ei unik oppleving av Nordfjord. Les meir om reglane for å campe i Lodalen her. 

Det er forbode å tenne bål mellom 15. april og 15. september, med unntak av plassar som i vasskant eller på godkjente bålplassar der brannfaren er liten. Om det er ekstrem tørke, er det også forbode å grille eller bruke gassbrenner / stormkjøkken. Du er juridisk ansvarleg for at flammar ikkje spreir seg, og for at brannen er slokt før du forlet området. 

Ikkje bryt av greiner på tre når du skal finne ved til bålet, bruk heller tørre kvistar som allereie ligg på bakken. 

Reglar ved bruk av open flamme: 

  • Vær sikre på at det er lov å tenne bål der du er. 
  • Undersøk om det er bålforbod og sjekk at vinden ikkje er for sterk
  • Legg ekstra ved i god avstand frå bålet, slik at det ikkje kan blåse gnistar på den.
  • Gå aldri i frå open flamme
  • Ha vatn og en spade i nærleiken
  • Sørg for at bålet er skikkelig sløkkje før du går. Bruk vatn og rot i restane med ein spade. 

Ring brannvesenet på naudnummer 110 om det oppstår brann. Prøv å slokke brannen, men ikkje utsett deg sjølv eller andre for fare.