Kalvåg
Kalvåg
Fiskeværet Kalvåg
©Nordlandblog

Opplev fiskeværet Kalvåg i Bremanger

Fiskeværet Kalvåg

Likar du god atmosfære, god mat og ramsalta kystkultur?

Kalvåg er eit av dei best bevarte fiskeværa på Vestlandet. Fiskeværet ligg ytst i havgapet på øya Frøya i Bremanger, og er staden du kjem til når du vil oppleve ramsalta kystkultur, god mat og ei atmosfære det er vanskeleg å setje ord på. Ikkje langt frå fiskeværet ligg stromhytta Dosabu, som er et ynda turmål for både lokale og tilreisande.

 

Kalvåg er eit stort levande hotell

I gangavstand rundt den vesle vågen finn du Knutholmen – rorbuer, rom og leilegheiter, restaurant, pub og møterom, alt samla i eit levande og særmerkt hotell. Familien Fosse har teke vare på den gamle sjøbustilen, og her kjenner du den maritime historia i veggane. Restauranten serverer mat frå havet rundt deg, og utanfor ventar eit akvariet med fisk og skaldyr frå området.

Sjøholt by Knutholmen

I den sjelfulle sjøbuda frå 1860 kan du bu på lekre og intime rom, kvart innreia etter lokale historiske personlegdomar. Sjøholt by Knutholmen er ei kulturoppleving i seg sjølv – med høg komfort, unikt interiørdesign og sjøutsikt som gjer det lett å slå seg til ro.

 

Kok og Bad

Frå den flytande saunaen Kok og Bad kan du nyte synet av holmer, sjarmerande rorbuer og små fiskebåtar. Ta eit friskt bad i sjøen etterfulgt av damp i den varme saunaen, som ligger inntil kaia. 

Sjøholt by Knutholmen
Kalvåg i Solnedgang

Aktivitetar i Kalvåg

 

Vandring i og rundt Kalvåg

 

Overnatting i og rundt Kalvåg