Kalvåg
Kalvåg
Fiskeværet Kalvåg
©Nordlandblog

Bli med til fiskeværet Kalvåg

Fiskeværet Kalvåg

Likar du god atmosfære, god mat og ramsalta kystkultur?

 

Kalvåg er eit fiskevær på øya Frøya i Bremanger. Kalvåg ligg ytst i havgapet. Namnet Kalvåg kjem trulig frå «kala», som betyr «å gjere kald, få til å fryse». Ekstra godt passer det kanskje då at Kalvåg er staden for "storm watching". Ikkje longt frå Fiskeværet ligg stromhytta Dosabu, som er et ynda turmål for både lokale og tilreisande.

 

Kalvåg er eit stort levande hotell

I gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, rom eller leilegheiter, restauranten, puben, dansegolvet og møteromma, som utgjer Knutholmen. Når du kjem til hotellet har du teke steget inn i ei maritim verd. Familien Fosse som eig og driv staden har lagt vekt på at den gamle sjøbustilen vert teken vare på. Restauranten manglar ingenting. Her finn du båten, skjeret, ausekjæret, tønna, taukveilen, snekka og fjæresteinane. Utanfor har du akvariet med fisk og skaldyr ifrå området.

Sjøholt by Knutholmen

 

Sjøholt by Knutholmen vil du få ein eksklusiv oppleving heilt ytst i havgapet. I den sjelfulle sjøbuda fra 1860 kan du bu på lekre og intime værelse med innreia etter locale historiske personlegheiter. Alle romma har høg comfort og med eit unikt interiørdesign med mange detaljer for å framheve historia til personen rommet er kalla opp etter. Å bu her er ei fargerik og inspirerande kulturoppleving, og vil garantert gje deg ei kjensle av kontinental luksus. Slapp av med eit glas bobler på den møblerte uteplassen eller nyt forfriskninger i den stilige loungen, forbeholdt gjestar på Sjøholt. Kanskje eit værelse med sjøutsikt vil passe deg? Å kjenne roen senke seg på eit av våre lekre værelse med sjøutsikt er ei oppleving i seg sjølv. Romma er innreia med dei lekraste detaljer, forankra i fortellinga om historiske personar.

 

Kok og Bad

 

Frå den flytande saunaen Kok og Bad kan du nyte synet av holmer, sjarmerande rorbuer og små fiskebåtar. Ta eit friskt bad i sjøen etterfulgt av damp i den varme saunaen, som ligger inntil kaia. 

Sjøholt by Knutholmen
Kalvåg i Solnedgang

 

Aktivitetar i Kalvåg

 

 

Vandring i og rundt Kalvåg

 

 

Overnatting i og rundt Kalvåg