Yri Outdoor
Yri Outdoor er ein familieeigd utandørskafé og opplevingsbedrift på Yrineset i Oldedalen. Nyt mat og drikke, padle på Oldevatnet eller slapp av i vedfyrt badstue.Om produktet
Her kan du nyte mat og drikke med fantastisk utsikt mot Oldevatnet, fjell, brear og fossar. Yri Outdoor ligg nær attraksjonar som Briksdalsbreen og er eit fint stopp for deg som vil oppleve naturen i Oldedalen.
Menyen til Yri Outdoor består mellom anna av påsmurt focaccia, toast med salat og vafler.
Yri Outdoor er open i sommarsesongen, frå juni til august. Sjekk nettsida eller Google for oppdaterte opningstider.
Du kan leige kano, kajakk og robåt hos Yri Outdoor for fine turar på Oldevatnet. Det er også mogleg å leige vedfyrt badstue med utsikt mot fjell, fossar og brear. Badstua og utleige av kano, kajakk og robåt kan også bestillast utanom ordinære opningstider.
Yrineset og Yri Outdoor er eit fint utgangspunkt for fjellturar og andre naturopplevingar i Oldedalen. Det kan også vere mogleg å få turtips om turar i området.

Eigenskapar
- Sommar
- Vår
Kontakt oss
- +47 41251138
- Til heimeside
- yri.outdoor@outlook.com
-
Oldedalsvegen 1492
6791 Oldedalen