Ferie med barn i Nordfjord
Nordfjord er eit av Noregs mest varierte reisemål for barnefamiliar. Her finn de fjord og fjell, strender og bre, dyr og eventyr – og aktivitetar som passar frå dei aller minste til besteforeldra. Sommar som vinter. Her finst alt i éin fjord.
Regionen strekkjer seg frå Bramnger og Stadlandet ytst i havgapet til Stryn inst i fjorden, med Gloppen og Eid midt imellom. Det betyr at uansett kvar de bur, er det opplevingar i nærleiken. Distansane er korte, naturen er storslegen, og dei fleste attraksjonane ligg lett tilgjengeleg – også for familiar med vogn og småbarn.
Foto: © Emma Midthjell Solibakke
Foto: © Emma Midthjell Solibakke
Besøksgardar og opplevingar med dyr
Møte med dyr er noko av det som sit lengst i minnet etter ein ferie. I Nordfjord finn de fleire besøksgardar der barna kan kome tett innpå store og små dyr ulike vakre plassar i regionen. Det er opplevingar som passar for dei aller yngste og som engasjerer heile familien.
Du kan få vere med på fôring av hjort på Hjortegarden i Ålfoten. Olden Farm har gardsdyr som likar kos, og kan by på sekkløp, hopping i høyet og hesteskokasting. Hakallegarden har både hest, esel, alpakka, sauer, emu og andre spennande dyr du kan møte. Traktoren tøffar rundt på tunet, og du får sitje på i hengaren.
Foto: © Emma Midthjell Solibakke
På hesteryggen
Nordfjord er heimen til den norske fjordhesten, som folk frå heile verda kjenner frå Disney-filmen Frost. Her er fleire stader der du kan bli kjend med dette hyggelge dyret, som kan passe heile familien, uavhengig av familien. Reis gjerne til Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid eller bli med på ein tur med Stall Rygg.
Opplevingar med dyr
Foto: © Emma Midthjell Solibakke
Baseng i Nordfjord
Nordfjord har eit overraskande variert badetilbod. Her finn de både iskalde fjellvatn, lune sandstrender og oppvarma utandørsbaseng – i tillegg til heilårsbasseng innandørs. Uansett vêr og temperatur er det mogleg å få seg eit bad i Nordfjord.
Trivselshallen i Sandane ligg i det same bygget som idrettshallen i Sandane sentrum. Her er både svømmebasseng (25 grader), vannsklie, terapibasseng (34 grader), barnebasseng og stupetårn. På Gloppen Camping og fritidssenter finn familien både badestrand og utandørs symjebasseng. Byrkjelo Camping har eit flott og populært oppvarma utandørsbasseng.
På Hotel Alexandra er det eit stort badeanlegg med badebasseng både ute og inne, som er fletta i lag med kanalar. Her er vannsklie med skikkelege magesug og motstrømsbasseng for den som vil ha ei fin treningsøky. Det er fleire barnebasseng inne og ute, og vannsklie, foss, og grotte.
Foto: © Ruben Soltvedt
Strandferie i Nordfjord
Seljesanden ligg i den fine bygda Selje. Det er ikkje tilfeldig at tusenvis av bilde herfrå finne vegen til Instagram. Stranda strekkje seg frå sentrum til Selje kyrkje.
Grotleasanden er ei av dei finaste badestrendene på Vestlandet. Dette er ei sandstrand som vekke begeistring og beundring og som besøkjast av mange barnefamiliar i løpet av sommaren. Grotlesanden ligg i nærleiken av fleire andre små strender mellom Hauge og Grotle.
Hoddevik ligg i Stad kommune. I Hoddevik, ytterst på Stad, kan du vandre berrføtt på kvit sand, omkransa av høge fjellsider. På Hoddevik kan ein til og med ta med borna på surfing.
Foto: © Emma Midthjell Solibakke
Foto: © Emma Midthjell Solibakke
Klatring og via ferrata
Nordfjord er eit paradis for dei som vil utfordre seg i høgda. Her finn de tilbod for alle nivå – frå innandørs buldrehallar og høgdeparkar med zipline, til spektakulære via ferrata-ruter for dei meir eventyrlystne. Mange av anlegga har tilbod særskilt tilpassa born og unge.
Hydlaparken i Stryn er ein høgdepark med 7 klatreløyper, 11 ziplines og 58 hinder – med enkle barneløyper, familieløyper og tøffare utfordringar for dei største. Trivselshallen på Sandane har ein av dei største klatreveggane på Vestlandet, godt eigna for born. Hamna Aktivitetssenter på Nordfjordeid er ein innandørs buldrehall perfekt for born og unge.
For dei større barna er Via Ferrata Loen eit spektakulært alternativ. Aldersgrensa er 12 år i Via Ferrata Classic (minimumsvekt 40 kg). Vil de ha ei av dei råaste klatreoppleving på Vestlandet, er Hornelen Via Ferrata i Bremanger svaret.
Loen Skylift og Loen Play
Loen er ein av dei mest besøkte stadene i Nordfjord – og med god grunn. Her finn de fleire attraksjonar samla på éin stad, frå dei aller yngste til dei som vil ha adrenalinkicket. Eit besøk i Loen kan gjerne fylle ein heil familiedag.
Loen Skylift tar dykk frå fjord til fjell på berre fem minutt – ei oppleving heile familien hugsar. Oppe på Mount Hoven opnar det seg eit panorama over Nordfjord som er vanskeleg å skildre. Nede ved fjorden finn de Loen Play, ein innandørs aktivitetspark med leik og moro tilpassa born frå 1 til 12 år – eit perfekt val på regnfulle dagar.
Via Ferrata Loen / © Sverre Hjørnevik
Kultur og museum
Nordfjord har ei rik historie, og fleire museum og opplevingssenter gjer den tilgjengeleg på ein måte som engasjerer born. Her kan familien lære om vikingar, lokalkultur og kystliv – gjerne kombinert med interaktive utstillingar og aktivitetar.
Sagastad på Nordfjordeid er eit opplevingssenter knytt til vikingtida og Myklebustskipet – Noregs største kjende vikingskip. Med interaktive utstillingar er dette eit særs godt val for familiar med born som likar historie og eventyr. Nordfjord Folkemuseum byr på levande formidling av lokalhistorie og kulturarv – eit godt val for familiar som vil oppleve Nordfjord utover naturen.
Padling
Fjordar, innsjøar og elvar gjer Nordfjord til eit av dei beste padledestinasjonane på Vestlandet. Kano og kajakk er aktivitetar som passar for heile familien, og det er lett å finne roleg farvatn der sjølv dei minste kan vere med. Mange overnattingsstader og aktørar tilbyr utleige, og det er ikkje nødvendig å ha erfaring på førehand.
Briksdal Adventure, Loen Active og fleire andre aktørar leiger ut kajakk og kano.
Foto: © Ruben Soltvedt
Båtleige og fiske
I Nordfjord kan dokke leige båt fleire plassar for å fiske, både på innsjøar og i sjølve Nordfjorden. Spør etter informasjon der de overnattar.
Stisykling og turløyper
Nordfjord har eit godt utbygd nett av merka turstiar og sykkelløyper, og mange av dei er tilpassa familiar med barn. Her er det mogleg å velje mellom rolige turdalar og meir krevjande fjellruter – alt etter kva familien er klar for.
Nordfjord Stisenter på Sandane har sykkelløyper tilrettelagde for familiar og nybyrjarar, med moglegheit til å avansere etter kvart. Sandane Pumptrack ligg ved kunstgrasbana nær Sandane sentrum. Folven Adventure Camp i Stryn byr på aktivitetar og sykkelopplevingar for heile familien. Hydlaparken har eigen pumptrack, og Harpefossen på Nordfjordeid blir eit flott sykkelanlegg om sommaren. Turløyper Stryn har eit breitt utval merka turar tilpassa alle nivå – frå korte familieturar i dalbotnen til lengre toppturar med utsikt over heile Nordfjord.
Vinteraktivitetar
Nordfjord er ein like god familieferieplass om vinteren som om sommaren. Regionen har fleire skianlegg med tilbod tilpassa born og familiar, og med korte avstandar er det lett å kombinere skitur med andre aktivitetar. For familiar som vil noko anna enn slalom, er det òg gode moglegheiter for langrenn, snøleik og innandørsopplevingar.
Harpefossen skisenter på Nordfjordeid har alpint, snowboard og preparerte løyper for alle nivå – med eige barneområde og gode fasiliteter. Breimsbygda skisenter på Breim er eit lokalt og barnevennleg skiområde med kort veg til bakken. Stryn Vinterski er ein unik skidestinasjon der de kan gå på ski på natursnø langt utover våren og forsommaren, takka vere høgda og det særprega lokalklimaet.
Opplevingar for heile familien
10 tips til den perfekte familieferien i Nordfjord
- La barna få vere med på planlegginga. Sjå på nettsidene våre for å få inspirasjon og reiseglede. Gje barna moglegheita til å teikne eller fortelje sine forventningar. Stemme dei med fasiten etter turen?
- Bestill ferien i god tid, slik at dokke kan glede dokke i lag lengst mogleg.
- La barne få vere med å bestemme dagsetappar og innhald i ferien.
- Sett av god tid til kvart besøk. Ting tar ofte lengre tid enn ein trur. Og det er ingenting som øydelegge den gode stemninga meir enn når ein har det travelt.
- Sett av god tid til å oppdage, smake og nyte den gode og barnevennlege maten i Nordfjord. Opplevingane blir alltid hyggelegare når ein er god og mett.
- Bu gjerne på same plass over fleire dagar, og reis på dagsturar der frå. Da har barna anledning til å komme tilbake til ein kjent plass om kvelden. Og dokke slepp å sjekke inn og ut kvar dag.
7. Ha med klede til alt slags vêr. Ikkje la vêret begrense kva de kan oppleve i ferien. Sommardagane er ofte lune, fine og deilige i Nordfjord, men ikkje alltid.
8. Ver nysgjerrig. Vi i Nordfjord ønskjer å vise dykk våre skjulte små perler og plassar vi er stolte av. Vi fortel gjerne om fjorden vi bur i, så spør gjerne folk de treff – vi deler gjerne. Det kan vere akkurat det tipset som blir ferien sitt høgdepunkt.
9.Kan de ta med ein ekstra venn? Nordfjord er den perfekte ferieplassen for barn og venner. Og sjølv den kjedelege bilturen blir kjekkare når ein dele den med ein venn.
10. Lag eit fotoalbum frå ferien. Barn elskar å kikke i album med bilete av seg sjølv. Saml gjerne med dykk små minne som de kan lime inn i albumet.
Foto: © Emma Midthjell Solibakke
Foto: © Emma Midthjell Solibakke