Norges lettaste topptur
Ta Loen Skylift til topps og legg ut på tur i høgfjellet med opplagde bein. Gode stiar som er skilta og merka gjev tryggleik og energi til å oppleve høgfjellet. Avslutt fjellturen med eit måltid i Hoven Restaurant og kanskje til og med ein solnedgong.
Fjellområdet rundt Hoven tilbyr eit rikt utval av turar med ulik vanskegrad og lengde. Turane varierer frå enkle gruslagde stiar til stiar i meir kupert terreng. Du kan gå på eiga hand, eller bli med på guida tur. Rundt 70 km med stiar er kartlagt frå Hoven, og arbeidet med å forbetre og tilrettelegge fleire av desse er i gong. Høg kvalitet og bærekraft er nøkkelord. Stiane er skilta og merka etter internasjonal standard. Frå Loen Skylift kan du til dømes gå til Skredfjellet, Staurinibba, Aarheimsfjellet og Rakssetra.
Sesong for vandreturar på Hoven er vanlegvis frå mai/juni til oktober/november. Dette avhenger av når snøen kjem og reiser.