Personer i kajakk ved Grotlesanden
©Norway Adventures

For deg som vil gjere alt - eller ingenting

 

Mor og barn på surfebrett i Ervika

 

Stadlandet @ Saltnwax

 

Visste du at kystlinja i Norge er 100 915 km lang, noko som gjer at vi har den nest lengste kysten i verda etter Canada?  
Leiter du etter dei aller finaste opplevingane ved kysten i Norge så inviterer vi deg til oss i Nordfjord. Vi har dei finaste solnedgongane, deilige duvande bølgjer, dei flottaste strendene, dei spanande historiene, eit yrande dyreliv over og under vatn, havet sine delikatessar der du kan forsyne deg heilt gratis. Og er du ekstra heldig så kan vi vise deg dei heftigaste hauststorman
e.

 

Oppdagingsturane

Kysten av Nordfjord er som ei endelaus rekkje av store og små skattar. Vi håper at du blir nokre dagar, og at du finn dine eigne favorittar. Og vi hjelper deg alltid på vegen.
For når du besøker kysten av Nordfjord kan du velje mellom mange ulike overnattingsmoglegheiter og opplevingar.  Vi lovar at vi har noko som passar for alle.

 

Mann og hund med utsikt over Vetvika
 
Vetvika @ Sol Fure

 

Historiske reiser

Ønskjer du verkeleg nærleik til naturen så kan kanskje ei overnatting i telt ved stranda i Vetvika vere eit godt forslag. Det vesle kystsamfunnet med den krittkvite sandstranda blei fråflytta i 1951, og i dag er det kun ruinane saman med dei ni gravsteinane som vitnar om livet og døden ved kysten. Det går ein fin sti over fjellet frå Svarstad på Bremangerlandet. Ein må rekne med om lag tre timar på turen.

Det er naturlegvis også mogleg å nå Vetvika med båt. Mange reknar Vetvika som sin absolutte favoritt. Men vi veit at du kan finne mange fine stader i Nordfjord til å slå opp teltet, henge opp hengekøya eller bare sove under den opne himmelen.

Frå fjord til jord

Kva med å ta turen til vakre Ervika og bygda Ervik på ytre Stadlandet om lag 30 km frå kommunesenteret Selje og Hoddevika. Ta turen opp på fjellet Hovden og sjå utsikta som tek pusten frå deg. Frå fjellet ser du dei fine strendene, storhavet og dei vakre fjella. Det er ei oppleving for livet.

Andre legg turen til «naboen» Hoddevika, der ein kan bli med på surfekurs hos erfarne instruktørar.
Og vit at på heiene rundt dei fine strendene går det ei rekkje fine fjellturar på stiar som er godt merka. Ønskjer du eit måltid med havutsikt, så kan turen til Vestkapplatået vere verdt ein tur. På flotte dagar har ein nærast 360 graders utsikt mot storhavet og kystlandskapet rundt.

 

Vandretur langs fjorden

Om vi skal trekkje fram berre ein av dei mange flotte turane så er det vanskeleg å ikkje plukke ut turen under fjellet Furehornet frå indre Fure til ytre Fure som var med i NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Dette er mykje meir enn berre ein tur.
Frå Nordfjordeid føl du riksveg 15 til indre Nore, frå der køyrer du fylkesveg 61 ut på Stadlandet. Frå bygda Drage er det 4 km å køyre og du parkerar ved den vakre husklynga på indre Fure. No startar fotturen som går langs stien som føl fjorden utover, og du trakkar bokstaveleg tala i historiske spor. Turen har nokre bratte og luftige parti, men stien er godt sikra. Turen tek om lag 1 time kvar veg. Men nokon vel også å gå vidare frå ytre Fure og den 6 km lange turen over til Hoddevika.   

 

Dame sit på surfebrett på Stad
Utsikt frå Honningsvåg mot Vestkapp
 
Utsikt mot Vestkapp © Saltnwax
Damer i badekåper ved Knutholmen

Sydenstemning
TV2 valde Kalvåg som stad for opptak til den nye TV-serien «Alex og Aune», med Alex Rosén og Aune Sand. Vi forstår dei godt. For dei vakre omgjevnadane rundt kystsamfunnet Kalvåg er som eit lite eventyr. Her finn du også overnattingsstaden og restauranten Knutholmen samt ei trygg og god gjestehamn. Knutholmen er blitt kjent langt utanfor regionen for sin gode lokalmat og gode vertskap. Og her kan du vere med på fiske, fotturar og kajakkpadling.  Og du kan bli med inn i spaanlegget som alltid har 28 grader med solsimulator og sydenstemning.

 

Fyrferie
Kystfyra og navigasjonsfyra har vore livsviktige landemerker gjennom generasjonar. No er fyra automatisert, medan fleire av dei er blitt gjort om til besøks- og overnattingsfyr.
Kråkenes fyr ligg nordvest på øya Vågsøy i Kinn kommune, der nokre av dei mest spektakulære uversbileta i Norge er tekne. Turistforeningen administrerar utleige av stormsuiten og stormhuset.
Skongenes fyr ligg på nordspissen av Vågsøy og utleige av også dette fyret vert administrert av DNT.
Ulvesund fyr ligg på Hjertenes utanfor Måløy. Her kan du både oppleve det skiftande lyset over Sildagapet samtidig som du føl skipstrafikken forbi Stad. Ulvesund fyr har både overnattingsmoglegheit og kafé.
Og når du først er i Vågsøy er det verdt å få med seg Kannesteinen i bygda Oppedal som er Norges største naturlege steinpolypp, samt den halvannen km lange Refviksanden som er kåra til ein av Norges vakraste strender.

Kråkenes fyr i hardt ver
 
Kråkenes fyr © Ole Eltvik

Båtlivet

Naturen har vore raus med Nordfjord. Og vi har sandstrender som ikkje står tilbake for mange av dei du finn i Syden. Refviksanden er nemnt allereie, og vi tek også gjerne med Grotlesanden som du når ved å køyre Fv 571 vestover frå Bremanger.
Og for ikkje å gløyme den 500 meter lange Seljesanden som ligg i Selje sentrum.
Når du har komt til Selje, så anbefaler vi gjerne at du blir med ut med båt til klosterøya Selja. Her får du oppleve staden der Sunniva, som flykta frå tvangsgifting i Irland og kom seg i trygt land i Nordfjord der ho slapp unna hærfolket som ville drepe ho. Historia om St. Sunniva er like gripande som naturen her.

 

Selja kloster på øya Selja

 

Selja kloster @ Ulf Rugumayo Amundsen
På veg opp til Hornelen

 

Hornelen

 

Fjellet Hornelen er med sine 860 moh Europa si høgaste sjøklippe. På fjellet kviler heksene når dei reiser til og frå Bloksberg. Stien opp til fjellet som ligg på austsida av Bremangerlandet er både bratt og krevjande, men du blir belønna av ein storslått utsikt når du er komt opp. Start turen frå Berleneset eller Hunskår. Det er også mogleg å leige guide til fjellturen via våre nettsider.

Kystopplevingane i Nordfjord passar for absolutt alle. Anten ein vil ha spreke turar eller late dagar. Kysten av Nordfjord er som skapt for dei som vil gjere alt eller ingenting.
Det er difor vi seier at Nordfjord har alt i en fjord.

 

Personer på toppen av Hornelen
 
Hornelen © Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

Vakre strender i Nordfjord

 

Opplev ramsalt kystkultur i Nordfjord

 

Finn di oppleving

Nordfjord er eit Eldorado for deg som likar å vere aktiv

© Saltnwax
Saltnwax