Grotlesanden
Ytterst på Grotle på Bremangerlandet ligg ei av dei vakraste sandstrendene i Noreg: Grotlesanden. Med silkemjuk, kvit sand og ope hav så langt auget rekk, er dette ei ekte naturperle og eit populært r...
© Svenn Petter Kjerpeset
Ytterst på Grotle på Bremangerlandet ligg ei av dei vakraste sandstrendene i Noreg: Grotlesanden. Med silkemjuk, kvit sand og ope hav så langt auget rekk, er dette ei ekte naturperle og eit populært reisemål for både lokalbefolkning og tilreisande. Ei krittkvit sandstrand ytterst mot storhavet.
Langs den vesle «rivieraen» frå Hauge og heilt ut til Grotle finn du fleire små og store strender, men Grotlesanden er den største, og for mange også den flottaste. Her møter dramatisk kystnatur det mjuke strandlandskapet, og kontrastane gjer staden heilt unik.
På Grotlesanden er det tilrettelagt med rullematte ned i sjøen, parkeringsplass og sanitæranlegg. Merk at det kan vere parkeringsavgift i enkelte periodar om sommaren.
Om ein treng overnatting, finn ein Havlys Bed and Breakfast på

Om ein treng overnatting, finn ein Havlys Bed and Breakfast på Iglandsvika omlag 2 kilometer frå Grotlesanden. I dette området ligger også Iglandsvik Marina som har gjestehamn, kafé, restaurant, daglegvarebutikk og andre overnattingstilbod. Her er det òg mogleg å telte på tilrettelagde områder.
Grotlesanden er startpunktet for den populære fjellturen til Veten – Noregs vestlegaste fjellplatå. Turen byr på spektakulær utsikt heile vegen, og særleg tilbake mot sandstranda og bygda Grotle. Dette er ein flott kombinasjon av strandliv og fjelloppleving på same dag.
Enten du kjem for ein roleg dag på standa, ein frisk dukkert i havet, fotografering i magisk lys, eller som start på fjelltur, er Grotlesanden ein stad som set spor. Ta vare på naturen, vis omsyn og nyt ei av Vestlandet sine mest ikoniske strender.

Info:
- Nettside: https://www.nordfjord.no
- Visiting address: Grotlesanden Postal Address: 6727 Bremanger
Attributes
Sommer
Vinter
Vår
Høst