Iglandsvik
På nordsida av Bremangerpollen finn ein grenda Igland, som ligg rundt Iglandsvika mellom gardane Grotle og Torvanger. I tidlegare tider var det fiskeri og jordbruk som var levevegen her for dei fleste. Det ligg godt til rette for dette frå naturens side, med rike fiskefelt rett ut for stovedøra og gode tilhøve for jordbruk. Arkeologiske utgravingar viser at her var fast busetnad for 1000 år sidan.
Ytterst på Grotle på Bremangerlandet finn ein ei ordentleg perle av ei sandstrand – Grotlesanden. Her er det silkemjuk kvit sandstrand så langt auget rekk. Sjølv om det langs kysten frå Hauge ut til Grotle er mange forskjellige små og store strender, er det Grotlesanden som er den største og flottaste.
Frå naturens side er Igland òg utstyrt med to små, fine og idylliske sandstrender.
På Iglandsvik finn ein Iglandsvik Handelsstad, der det er Jokerbutikk med jernvarer og kolonialhandel, Farmen Livsstilsbutikk med kafé, MH24 med sjølvbetjent bensinstasjon for bil og båt, Iglandsvik Marina med servicebygg, gjestebrygge og camping for telt, bobil og campingvogn. Her finn ein òg flotte overnattingsmoglegheiter på Havlys Bed and Breakfast, Nigardsøybua og Åkrebua Reidarbua, Vellebua og Åkrebua. Havlys har kafé, pub og restaurant.
I sommarhalvåret er det yrande liv med turistar og tilreisande, og her finn ein òg den tradisjonsrike musikkfestivalen RockWeekend, som vert arrangert andre helga i juli kvart år.
Aktivitetar i og rundt Iglandsvik
Overnatting i og rundt Iglandsvik