Utrydningstrua
Fjordhesten reknast i dag som utrydningstrua i Noreg på grunn av for få fødde føl pr. år. I Noreg er det ca. 5000 registrerte fjordhestar, men det er store populasjonar i andre land som til dømes Danmark, Tyskland, Nederland, Frankrike og USA.
Norsk Fjordhestsenter
Norsk Fjordhestsenter er eit kompetansesenter for fjordhesten, med informasjons- og rådgivingsteneste for alle forhold rundt den heilnorske hesten. Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordhesten.
Norsk Fjordhestsenter vart oppretta i 1989 og er plassert på Nordfjordeid. Nordfjordeid vert kalla for fjordhestens Mekka, og bygda er kjend for lange og gode hestetradisjonar.
Det har vore arrangert hesteutstilling på Nordfjordeid sidan 1886, og årleg kjem det folk frå heile verda for å få med seg den tradisjonsrike hingsteutstillinga første helga i mai.
Opplevingar med fjordhest
Dersom du har lyst til å oppleve norsk natur er fjordhesten ein trygg og stødig turkamerat. Då fjordhesten er roleg, snill og tar seg godt fram i terrenget er han super for alle som har lyst til å ta seg ein ridetur, uansett hesteerfaring frå før.