CBIS 6259590
CBIS 6259576

Hornelen

Om du går og ber på ei heks eller eit troll: Slepp dei laus på på toppen av den høgaste havklippa i Europa - Hornelen.

Frå toppen av Hornelen stuper bergsida 860 meter ned i fjorden. Heksene brukar å kvile her oppe, på vegen til og frå Bloksberg. Mot vest ser ein langt ut i havet. Salige kong Olav Tryggvason klatra visstnok opp bratte bergveggen på Hornelen, men vanlege dødelege går ein lengre og slakare tur - enten frå Berleneset eller Hunskår. På toppen er det visst mange forsteina troll, så møter du ei heks, bør du by på ein kjeks.

Bestig Europas høgaste sjøklippe! Vandring på Hornelen er for deg som er ute etter ei spektakulær oppleving.

Stien kan vere nokså krevjande og bratt, men til gjengjeld kan ein nyte fantastisk utsikt undervegs. På toppen er det storslått panoramautsikt. Her ser du det varierte landskapet regionen vår har å by på – alt frå tronge fjordar og høge fjell til små øyar yst i havgapet. Om du vågar, kan du legge deg på kanten av stupet og kikke nesten loddrett ned på båttrafikken 860 meter under deg. Denne turen kjem du aldri til å gløyme!

Det er to ruter opp til Hornelen, med start frå enten Hunskår eller Berlenset. Den flottaste utsikta får du om du går opp frå Hunskår og ned til Berleneset.


Start Hunskår:
Start ved enden av vegen på Hunskår. Stien er godt merka med raude T-ar og vardar, og ein går først i same retning som bilvegen, over Ramarhammaren, før ein svingar mot sørvest. Første del av stien kan vere litt fuktig, men etter ca 200 høgdemeter kjem ein innpå tørr sti. Stigninga opp til 500 moh. er jamt bratt på gras- og lyngmark. Her har ein flott utsikt mot Skatestraumen, Rugsund og Måløy. Ein kjem til eit vatn, og her kan ein gjerne ta ein lengre pause og nyte noko av nista. Dei siste 250 høgdemetrane før ein kjem opp på platået går i meir steinlendt terreng og med brattare og flatare parti. Resten av turen er med svak stigning, ein liten unnabakke og ca 100 meter med brattare stigning mot toppen.

Turen opp er bratt, men ruta ligg trygt i terrenget og bør vere muleg å gjennomføre også for dei med litt høgdeskrekk. Det er tilgang på vatn heile vegen opp. Til toppen vil turen ta ca 4 timar.

Når du kjem på toppen er den fantastiske utsikten lønn for strevet. Det er bygd ei lita steinhytte på toppen av Hornelen, og her ligg også eit norsk flagg du kan heise om veret tillet det!

Om ein ynskjer ei slakare nedstigning og litt anna utsikt, kan ein gå ned til Berleneset. Returen ned til Berleneset følgjer same rute som vegen opp det første stykket, før stiane delar seg og ein tek sørvestorver. Her går ein inn på ein god sti i fjellsida over Frøysjøen. Stien går litt opp og ned i terrenget utover mot Berleneset. Etter 1,5 – 2 timar kjem ein ut på ryggen, og ein ser ned i Berleopllen. Frå ca 200 moh. er det eit litt bratt parti, men stien er tydeleg og det er fint å gå. Den siste strekningar går i lyng og på berg, og ein kjem ned på austsida av Berlepollen.

Start Berleneset:
Denne ruta er noko lenger enn frå Hunskår, men lettare å gå – ei løype som egnar seg godt til ein lang familietur. Likevel er det nødvendig med litt fjelltrening før ein legg ut. Ruta gir deg ei stor naturoppleving med fantastisk utsikt!

Ein startar frå Lisete på Berleneset. Stigninga i begynnelsen er ganske bratt, men det flatar ut etterkvart og det blir ei meir gradvis oppstiging. Stien er godt og tydelig merka. På siste del av stien mot toppen kjem ein inn på stien frå Hunskår.