Sagastad Viking Center

Sagastad Vikingsenter

Ei oppleving av vikingtida for heile familien!

Sagastad vikingsenter sitt VR-tilbod fangar barn i alle aldrar, og her får du stå ved roret i landets største kjente vikingskip, 30 meter langt. Møt vikingkongen Audbjørn, og lær om hans liv og død gjennom den interaktive utstillinga. Oppdag mystiske ritual og mytologi frå den norrøne trua, og sjå korleis skipet gjenoppstod frå oska i gravhaugen. Ei autentisk oppleving som er forankra i forskning gjennom samarbeid med Universitetet i Bergen.
Velkommen til vikingtida!
 
Praktisk informasjon
I...

I suvenirbutikken får du kjekke produkt med tema Viking og Sagastad, så vel som handlaga lokale produkt, utsøkte smykke, interessante bøker, smakfulle gåver og dei typiske suvenirane. Dei yngste vil alltid ha med hjelm og sverd som reiseminne. Dei vaksne blir inspirert til å kjøpe ei god bok om perioden eller vikingspelet Hnefatafl.
Sagastad har gratis parkering, og ladestasjon for el-bil finn du 3 minutts gange frå senteret. Det er toalett inkludert HC toalett inne på senteret, og stellebord fins tilgjengeleg. Skipet er ikkje tilgjengeleg for rullestol. Resten av utstiling er tilgjengeleg for alle.
 
Viking destinasjonen
Sagastad er plassert ved fjorden i bygdebyen Nordfjordeid. Kombiner besøket med shopping i pittoreske Eidsgata eller medan du ladar el-bilen. Ri på vikinghesten ved Norsk Fjordhestsenter, ta turen til golfbana eller du kan lunsje i gata eller ved fjorden. Kva med eit fjordbad i Sagaparken eller klatring i buldrehallen på Hamna? Bli ein dag til med overnatting og spa-oppleving på Nordfjord hotell. Nordfjordeid er perfekt som stoppestad eller utgangspunkt for turar mellom hav og høge fjelltoppar i Nordfjord. Akkurat på halvvegen mellom kysten med surfeparadiset i Hoddevika og det storslåtte Vestkapp-platået, og i andre enden høge fjell med utsikt over turkise vatn og brearmar i Loen og Olden.

Info: