Nordfjord Folkemuseum – Ei tidsreise i Nordfjord
Besøk Nordfjord Folkemuseum i Gloppen kommune, og opplev regionen sin rike kulturarv. Museet, som ligg idyllisk til ved Sandane, tilbyr innsikt i livet i Nordfjord frå 1600-talet og framover.
Friluftsmuseet har 44 antikvariske bygningar frå heile Nordfjord, dei fleste frå 1700- og 1800-talet, som viser korleis menneska har levd frå 1600-talet og fram mot vår tid. De kan gå på oppdagingsferd i klyngetunet og resten av det naturskjønne området på eiga hand, eller be om omvising. Innandørs er det faste og skiftande kulturhistoriske utstillingar.
Fleire av stovene, ladene, fjøsane og dei andre husa er innreidde og viser ulike tidsepokar. Alle bygningane er henta frå bygder rundt om

Fleire av stovene, ladene, fjøsane og dei andre husa er innreidde og viser ulike tidsepokar. Alle bygningane er henta frå bygder rundt om i Nordfjord, og du får ei kjensle av korleis det var å bu og leve i området i historiske tider.
For dei minste er det leikeområde og aktivitetar som passar for heile familien.
Arrangement: Museet har ulike arrangement gjennom året. På nettsida vår finn du oversikt over kva som skjer.
Mat, drikke og museumsbutikk:
I hovudbygget finn de også ein liten kafé med enkel servering og museumsbutikk med gåver, souvenirar og bøker. I kaféen har vi både laktosefritt og glutenfritt alternativ, og sukkerfri is.
Sesong: Museet er ope året rundt, med unntak av januar månad, jul, påske og nokre særskilte dagar. Besøk nettsida vår for informasjon om opningstider.
Tilrettelegging:
Utstillingslokaler, kafé og museumsbutikk i administrasjonsbygget er universelt utforma. Frislidlada frå 1864 og og store delar av friluftsmuseet er tilrettelagt. Elles har friluftsmuseet noko kupert terreng.
Berre 5 minutt køyring frå museet finn du Holvikejekta - sjøens stavkyrkje -vårt nye museum som opnar i juni. Eit besøk her er inkl. i inngangsbilletten på Nordfjord Folkemuseum.
Sandane har mykje å by på og vi anbefaler å ta ein tur i Trivselsskogen og ta ein matbit på Gloppen Hotell, som er kjend for sin gode lokalmat.

Info:
- Telefon booking: +47 480 63 234
- Telefonnummer: +47 480 63 234
- Nettside: https://misf.no/nordfjord-folkemuseum
- Kontakt e-post: nfm@misf.no
- Visiting address: Gota 16 Postal Address: 6823 Sandane
Attributes
Eco-Lighthouse