Loen Skylift
©Loen Skylift

Velkomne til den idylliske bygda Loen i Stryn

Via Ferrata Loen

Loen er ei lita og idyllisk bygd inst i Nordfjord, men rommar opplevingar i verdsklasse. Her ligg skogkledde åsar og karakteristiske fjell med snøkledde toppar som reiser seg rett opp frå den sølvblanke Nordfjorden. Med korte avstandar mellom fjord, dal og fjelltopp er Loen eit reisemål som festar seg – og gjer det vanskeleg å ikkje ville kome tilbake.
 

Loen Skylift – frå fjord til fjell på få minutt

Loen Skylift er ei av dei mest spektakulære gondolbanene i verda. På berre nokre få minutt tek den deg frå fjordnivå og opp til toppen av Hoven, 1 011 meter over havet. Turen byr på panoramautsikt over fjord, fjell og dalar – ei oppleving i seg sjølv, anten du går til fots, på ski eller berre vil nyte utsikta.
 

Via Ferrata Loen  Via Ferrata Loen – klatring med utsikt

For deg som ønskjer ei utfordring, er Via Ferrata Loen eit høgdepunkt. Den sikra klatrestien følgjer fjellsida opp mot toppen av Hoven, med fantastisk utsikt heile vegen. Undervegs kryssar du Gjølmunnebrua – den lengste via ferrata-brua i Europa. Brua heng 750 meter over havet og strekkjer seg 120 meter over det 160 meter djupe jølet.

ZipLine på Hoven – sug i magen

På toppen av Hoven ventar endå meir spenning. Her finn du to zipliner på høvesvis 125 og 95 meter, der du susar over juvet i trygge rammer – men med garantert sug i magen. Ziplinene ligg berre 5–10 minutt gange frå toppstasjonen til Loen Skylift.
 

Loen Active – aktivitetar på fjord og land

Midt i bygda finn du aktivitetsleverandøren Loen Active. Her kan erfarne guidar ta deg med på guida kajakkturar på fjorden, tilpassa både nybyrjarar og erfarne padlarar. Ønskjer du guida fottur, SUP eller annan aktivitet, finn dei ei løysing som passar ditt nivå og dine ønskje.
 

Mat og Drikke i Loen

I Loen sentrum finn du to hotell som tilbyr à la carte-menyar av høg kvalitet. Lenger opp i dalen har fleire campingplassar kafear med servering. For ei heilt spesiell oppleving kan du også ta turen til Hoven Restaurant, som ligg heilt på kanten av fjellet. Her får du både à la carte og pizza – servert med ei utsikt som er vanskeleg å slå.

ZipLine
Alexandra


 

Hotel Alexandra

Overnatting i Loen

Trass i storleiken byr Loen på eit imponerande utval overnatting. Det ærverdige Hotel Alexandra er kjend for sine fasilitetar, spa, inne- og utebasseng og komfort i toppklasse. Rett ved fjorden ligg søsterhotellet Hotel Loenfjord. For eit meir familievenleg alternativ med moglegheit for sjølvhushald, er Loen Apartments eit godt val.
 

Litt om Lodalen

Berre eit lite stykke vidare frå Loen ligg Lodalen – ofte omtalt som ei av dei vakraste dalane i Noreg. Det irrgrøne Lovatnet er omkransa av bratte fjell og ei dramatisk historie som set djupe spor.
 

Aktiviteter i Lodalen

Langs dalen finn du eit breitt spekter av aktivitetar, både på land og vatn. Her kan du gå fjellturar, sykle, bade eller padle kajakk, kano eller SUP. Det er også mogleg å leige båt og prøve fiskelukka. Eller du kan gjere det heilt enkle: ligge i graset, sjå utover vatnet og nyte roen. I Lodalen kan du også oppleve når den ikoniske passasjerbåten MB Kjenndal II glir stille forbi.
 

Overnatting i Lodalen

Langs Lovatnet finn du fleire overnattingsalternativ, frå campingplassar og hytter til bubilparkering og tilrettelagde teltplassar. Merk at telting berre er tillate på oppmerka område – slik tek vi vare på den sårbare naturen i dalen.

Hoven

Aktivitetar i Loen

 

Overnatting i Loen og Lodalen

Via Ferrata Loen

Bli med i Norge sin tøffaste via ferrata

© Loen Skylift
Via ferrata Loen