Holvikejekta – Sjøens stavkyrkje
Holvikejekta på Sandane i Nordfjord er den einaste store opne klinkbygde jekta som finst i Noreg. Her kan du oppleve fortida med å la sansane dine bli vekka av autentiske lukter frå ei svunnen tid. Ve...
© Henning A. Hellebust
Holvikejekta på Sandane i Nordfjord er den einaste store opne klinkbygde jekta som finst i Noreg. Her kan du oppleve fortida med å la sansane dine bli vekka av autentiske lukter frå ei svunnen tid. Ved hjelp av rampar langs veggane i bygget får du sjå både under og over dekket på jekta. Du finn nybygget like vest for Sandane sentrum.
Jekta er bygd etter same teknikk som vikingeskipa. Båten er frå 1881, og vitnar om den viktige handelen som gjekk føre seg mellom Nordfjord og Bergen langs kysten av Vestlandet. Holvikejekta vart brukt til å frakte ved og trelast til Bergen, og på returen hadde den med fint mjøl, sukker, klede og andre byvarer.
Holvikejekta er 20 meter lang og 8,6 meter brei, og var av dei største i sitt slag. Av dei mange store jektene som gjekk i trafikk langs kysten er Holvikejekta den einaste som er

Holvikejekta er 20 meter lang og 8,6 meter brei, og var av dei største i sitt slag. Av dei mange store jektene som gjekk i trafikk langs kysten er Holvikejekta den einaste som er bevart i opphaveleg stand. I det same bygget finn du og ei utstilling av Nordfjordbåtar, og du kan lære om den 1000 år gamle båthistoria i Nordfjord. Det byggast framleis ulike båtar i Nordfjordregionen.
Sesong:
2. mai - 30. september (Tysdag - søndag kl. 12-16)
Holvikejekta er sesongstengt frå 1. oktober til 1. mai, men er ope for grupper på forespurnad heile året. Besøk nettsida for opningstider og meir informasjon.
Tilrettelegging:
Museet har eigne parkeringsplassar tilrettelagt for nedsett funksjonsevne ved inngongen til bygget. Bygget er universelt utforma, med heis. Men bygget har ikkje teleslynge. Vi har heller ikkje ledelinjer, ledefelt og leiande element til synshemma.
Berre 5 minutt køyring frå jekta finn du Nordfjord Folkemuseum – der du kan oppleve ei tidsreise i Nordfjord. Eit besøk her er inkl. i inngangsbilletten på Holvikejekta.
Sandane har mykje å by på og vi anbefaler blant anna å ta ein tur i Trivselsskogen og ta ein matbit på Gloppen Hotell, som er kjend for sin gode lokalmat.

Book no
Info:
- Telefon booking: +47 480 63 234
- Telefonnummer: +47 480 63 234
- Nettside: https://misf.no/holvikejekta
- Kontakt e-post: nfm@misf.no
- Visiting address: Utstillingsplassen 2 Postal Address: 6823 Sandane
Attributes
Sommer
Vinter
Vår
Høst