VINGEN - Naturens Kolossalmuseum

VINGEN - Naturens Kolossalmuseum

Vingen er ein av dei største ristningslokalitetane i Norden og er eit unikt område i norsk, skandinavisk og internasjonalt samanheng. Vingen landskapsvernområde vart oppretta i 1980, det er på 5000 de...

Vingen er ein av dei største ristningslokalitetane i Norden og er eit unikt område i norsk, skandinavisk og internasjonalt samanheng. Vingen landskapsvernområde vart oppretta i 1980, det er på 5000 dekar og omfattar i tillegg til heile Vingen, delar av nabogarden Vingenelven. I november 2001 vart vingen freda med heimel i lov om kulturminne. Dette inneber at ferdsel i området inkludert i landstiging frå båt og fortøying ved kaia ikkje er tillate.
Vingen ligg ved den vesle fjordarmen i Vingenpollen, inst i Frøysjøen i Bremanger kommune. Vingenpollen er omlag ein kilometer lang og hundre meter brei. På sørsida av fjorden er det ei smal strupe med jord mellom fjorden og foten av fjella. Her er den velse garden Vingen, og det er her dei fleste ristingane er funne. Frå Vingen er det fritt utsyn ut til fjellklippen Hornelen og den livlege skipstrafikken i houvudskipsleia.

I tusenvis av år har menneska festa bilete til bergflater og
Vingen ligg ved den vesle fjordarmen i Vingenpollen, inst i Frøysjøen i Bremanger kommune. Vingenpollen er omlag ein kilometer lang og hundre meter brei. På sørsida av fjorden er det ei smal strupe med jord mellom fjorden og foten av fjella. Her er den velse garden Vingen, og det er her dei fleste ristingane er funne. Frå Vingen er det fritt utsyn ut til fjellklippen Hornelen og den livlege skipstrafikken i houvudskipsleia.

I tusenvis av år har menneska festa bilete til bergflater og steinar. Tusenvis av år seinare undrar vi oss kva desse bileta fortel oss. Arkeologar jobbar stadig med å sjå samanhengar og tyde små delar av helleristningane. Dateringar og anna arkeologisk materiale funne i nærleiken av ristingane er også med på å gi informasjon. Ristningane i Vingen er hogd overalt der berg stikk opp i dagen. Dei fleste motiva er av hjortedyr i ulike former, men også elg og reinsdyr er avbilda. Der er også avbilda fleire menneskefigurar, nokre utstyrt med kvinneleg og manneleg kjønnsmarkering, men dei fleste er vanskeleg å kjønnsbestemte. Der er også ulike abstrakte og geometriske utformingar som sikksakkliner, ovalfigurar og nettmønster. Eit anna hovudmotiv er krokforma figurar i ulik form og storleik.

Dei mange hjortedyra i Vingen definera ristningane som veidekunst og knyttar dei til perioden 9000-2000 f.Kr. Ein kan også sjå på dei arkeologiske undersøkingane i nokre av tuftene. Desse er synleg i bakken som runde eller ovale søkk med låge vollar av stein eller lausmassar. Nokre av dei arkeologiske undersøkingane har avdekka gjenstandar og trekol datert til eldre steinalder, nærare bestemt 5000-4000 f.Kr.

i Skatestraumen, ein times padletur mot nordvest er det funne og greve ut ein rekkje buplassar frå dette tidsrommet. Her har det truleg vert busetnad delar eller heile året. Tuftene i vingen representera neppe ein fast busetnad til det er det for få funn. Kanskje var det menneska som heldt til i Skatestraumen som rissa bileta på steinar og bergflater i Vingen?

Dei eldste tolkingane av veide-ristningane er at dei representera ein jaktmagi der ein trudde avbildingar ville gje betre jaktbytte. Som seint som siste halvdel av 1800-tallet var det vanleg med styrtjakt i Vingen. Men det er nok ikkje kun ei tolking av ristningane som er rett. Ein kan også tenkje seg at avbildinga av dei mange hjortedyra kanskje ikkje berre var ei bøn om god jakt, men også eit ledd i eit rituale for å oppretthalde balansen i samfunnet.

Ein del trekk ved ristningane i Vingen kan tolkast som spor etter sjamanistisk aktivitet. Ein sjaman kan flytte seg mellom ulike kosmetiske nivå og har kontakt med dyreverda. Vingen har utan tvil vore ein heilag stad som var viktig for samfunnet langs kysten i ein periode av steinalderen. Truleg har mange ulike former for religiøs og rituell praksis gått føre seg mellom ristningsberga.

Som ein kan sjå i Vingenfeltet er ein del av ristningane måla. Dette har blitt gjort i nyare tid for at det skal bli lettare å sjå dei, men dette har ein gått vekk i frå i dag. Det spesielle med ristningane er at dei kun kan sjåast i eit spesielt lys. Dette er noko av mystikken til ristningane og kanskje var det meininga at dei skulle kun vere synleg av og til?

Området er totalt verna, og berre organisert ferdsel er tillate. Opplevinga av å gå rundt og sjå kvar dei satt og lagde alle figurane, kvifor dei lagde dei, og å prøve å forstå formålet med ristningane er unik. I samarbeid med godt erfarne guidar blir dette ein tur du neppe gløymer fort. Dronning Sonja er ei av dei som har lagt sin elsk på Vingen, og besøkte feltet både i 2014 og 2017.


Guida tur til Vingen
Kvar fredag frå midten av juni til midten av august. Med atterhald om vertilhøva.

BESTILLING Bestill innan fredag kl. 12.00 til turistinformasjonen i Kalvåg
tlf. 48 14 04 88 eller e-post: turistinformasjon@bremanger.kommune.no

Praktisk informasjon
Området er verna, og kun organisert ferdsel er tillate. Terrenget i Vingen er ulendt, og du må gå for å kome deg fram. Ein har ikkje høve til å ta med seg hund til Vingen.

Tur til Vingen
Båt frå Florø kai kl. 16.05. Frå Smørhamn kl.16.40. Ankomst Vingen kl 17.10.

Avreise frå Vingen med båt
Båt frå Vingen kl. 18.10. Ankomst Smørhamn kl. 18.35. Ankomst Florø kai kl. 19.15.

Info: