Strategien, den årlege handlingsplanen og statusrapporteringa skal vere offentleg tilgjengelege. Det same skal innbyggjarundersøkinga. Denne sida er staden dei blir lagde ut — dokumenta merkte «Kjem» blir publiserte her så snart dei er klarerte.
| Dokument | Type | Periode | Status |
|---|---|---|---|
| Masterplan for Nordfjord mot 2030 «Omstilling for konkurransekraft». Det strategiske grunnlaget merkeordninga krev. Vedteken av styringsgruppa 8. mai 2024 og av alle fire kommunane hausten 2024. | Strategi | Mot 2030 | Kjem |
| Handlingsplan 2025–2028 Fem innsatsområde: heilskapleg besøksforvaltning · koordinert cruiseinnsats · heile Nordfjord heile året · kople reiseliv og lokalsamfunn · bygge Team Nordfjord. Rullerast éin gong i året. | Handlingsplan | 2025–2028 | Kjem |
| Årleg statusrapport til Innovasjon Noreg Sendast innan 1. mai kvart år og blir offentleggjord. Status blir i tillegg lagd fram i alle fire kommunestyre og for reiselivsaktørane på kick off i januar. | Rapport | Årleg | Kjem |
| Risiko- og sårbarheitsanalyse Risiko, helsefare og tryggleik, med tiltaksplan. Skal kommuniserast til reiselivsbedrifter og til gjester. | Analyse | — | Kjem |
Vi held oss òg til overordna planar vi ikkje eig sjølve: den nasjonale reiselivsstrategien, fylkesplanen for Vestland, kommuneplanane i Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn og besøksstrategiane for Jostedalsbreen nasjonalpark.
Innbyggjarundersøkinga skal gjennomførast og publiserast minst kvart tredje år. Vi måler i tillegg gjestetilfredsheit og korleis medlemmene opplever arbeidet.
Kva folk som bur i Nordfjord meiner om reiselivet. Bygd på den nasjonale malen, så tala kan samanliknast med andre reisemål.
Krav i standarden. Minst kvart 3. år og skal publiserast. For cruise skal delen som er positive rapporterast særskilt.
Kva dei besøkjande faktisk opplevde, kva som mangla og om dei ville kome att.
Krav at ho blir gjennomført minst kvart 3. år. Vi publiserer hovudfunna òg, sjølv om det ikkje er kravd.
Korleis aktørane opplever sesongen, marknaden og samarbeidet med oss.
Ikkje eit krav — men det er slik vi veit om vi gjer jobben vår.
Standarden krev at verksemda med hovudansvar for destinasjonssamarbeidet er miljøsertifisert. Visit Nordfjord er Miljøfyrtårn-sertifisert og rapporterer miljødata årleg innan 1. april.
Miljøfyrtårn krev at klima- og miljørapporten blir gjord tilgjengeleg for allmenta — anten på eiga nettside eller på førespurnad. Vi legg han ut.
Vi kan ikkje be aktørane våre om noko vi ikkje gjer sjølve. Det er heile poenget.