Julegåve sammen
©Saltnwax
Pepperkakehus
©Silje Reed

Vi har plukka ut 10 julegåvetips

Jul på Hotel Alexandra

Slit du med å finne på fornuftige og nyttige julegåver? Fekk far eit slips i fjor og? Fortvil ikkje, vi har mange flotte opplevingar i reiselivet som kan vere ei super gåve under treet. Det kan vere aktivitetar, arrangement, overnatting, mat, drikke og andre opplevingar som kan vere supert å få i gåve. Her er eit knippe forslag til deg, som du kan kan ta med deg inn i den hektiske førjulstida:

1. Gje eit gåvekort på overnatting til din kjære, så kan du no kanskje ta del i gåva sjølv under opphaldet. Velg ein av dei flotte overnattingsplassane i Nordfjord. Ønskjer du dobbelt så mykje for pengane kan du kjøpe Vestlandspakken. Med denne pakken får du 2 netter på Lærdal Hotel og 2 netter på Stryn Hotel. 

2. Ta med deg heile familien på ein weekend i Nordfjord. På Hotel Alexandra kan du fylle opp langhelga med ulike aktivitetar som passar for alle. Ete god mat på Hoven restaurant, slappe av i spa-avdelinga Alexandra Spa, leik i bassenget på Alexandra Bad eller ta Loen Skylift til toppen av fjellet Hoven, som er heile 1011 moh. Har du med deg born kan Loen Play berike leikestunda. Skøytebanen utanfor hotellet med utleige av skøyter passar for alle, enten du reiser med familien eller kjærasten. Her finn du gåvekort på dei nemnde produkta over.  

3. Kjøp aktivitetar for sommaren allereie no. Nordfjord er ein av dei mest besøkte regionane i Norge. Planlegg difor turen i god tid. Kjøp aktivitetar for neste sommar i julegåve til nokon som skal fylle opp sommarferien med spanande opplevingar. Finn sommaraktivitetar i Nordfjord.

4. Gje bort ei heit oppleving i julegåve. I Nordfjord finn du fleire flotte badestover i naturskjønne omgjevnader. Fleire av badestovene ligg ved eller på vatnet, slik at ein kan kjøle seg ned med eit kaldt bad før ein set seg inn i ein oppvarma sauna. Gje vekk ei overnatting på Sjøholt by Knutholmen saman med eit opphald i den flytande saunaen Kok og Bad. Nytt av året er badstova Malibu som passar fint å gje i julegåve saman med ei overnatting i Påldtun Hytte

Sauna
Pepperkakehus
Hotel Alexandra

5. Gje vekk ei unik oppleving i naturen med ein lokalkjent guide. Med guide blir ikkje berre sikkerheita ivareteken, men ein får også oppleve historieforteljing og lokalkunnskap. Guideselskapa i Nordfjord har turar både til fots, på sykkel og på vatn, der du kan oppleve dei finaste stadane som fins i regionen. Finn guideselskap og guida turer i Nordfjord.

7. Gje vekk ei sjarmerande oppleving. Kjøp eit gåvekort på Stryn Kaffebar og Vertshus i Stryn. Med gåvekortet kan ein få seg ein god og varm kaffi frå menyen i den populær kaffibaren med kvalifisert barista. Bruk også gåvekortet på overnatting eller restauranten der ein kan velje alt frå middagsmenyen.

8. Gje vekk ein smakebit av Nordfjord. Lokalmat frå Nordfjord kan opplevast både heime med lokalproduserte varer eller på eit av dei flotte spisestedene i Nordfjord, som tilbyr dette. Gje vekk lokalprodusert saft frå Påldtun, prisbelønna brunost frå Kandal ysteri og Gardsmat eller fruktbrennevin frå handverkdestelleriet Gardsbrenneriet i Gloppen. Her kan ein også oppleve smakane der dei høyrer heime med smaking på Gardsbrenneriet. 

9. Gje vekk ei luftig matoppleving. På Hoven Restaurant kan ein ete eit godt måltid heile 1011 meter over havet. Eit anna godt tips for ei lokalmatoppleving med panoramautsikt over vestlandslandskapet er Vestkapp Restaurant, som ligg på toppen av det vestlegaste fjellplatået i Norge, Vestkapp. 

Sjøholt by Knutholmen
Hoven Restaurant
Hjort

10. Gje vekk ei oppleving med dyr. Ta med heile familien på ein av dei mange besøksgardane i Nordfjord. Møt hjort på Nave Hjortefarm eller Hjortegarden i Bremanger. Ri på hest på Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid eller på Stall Rygg i Gloppen. Dyr er ikkje berre for små. Gje vekk ei unik oppleving til din kjære. Leig eit koseleg støylshus på Ryggjastølen. Er du eller den du tek med deg hestekyndig kan ein leige støylshus med hest. Då kan ein ri opp til huset på støylen og tilbringe dagen/dagane med hestane. 

 

Ønskjer du fleire julegåvetips frå Nordfjord? 

 

Finn fleire aktivitetar og overnattingsplassar på vår heimeside. Finn både sommeraktivitetar og vinteraktivitetar i Nordfjord. Vi har også overnattingsstader som passar for alle. Finn hotell, campingplassar, hytter og originale overnattingsplassar

Finn meir inspirasjon frå Nordfjord i vår heilt eigen guide

God jul frå Nordfjord

© Danielle Langedal
God jul