Reiser du med bil?
©Kasper M. De Thurah

Reiser du med bil?

 

Nordfjord ligg lengst nord i Vestland fylke, i hjarte av Fjord Norge. Nordfjord er lett å nå, enten du kjem med bil, buss, båt eller fly. Reiser du med bil har du full friheit og er herre over di eiga reise. Her finne du praktisk informasjon om vegar som fører til Nordfjord, både med vanleg bil, el-bil og campingbil/vogn. 

Det er gratis parkering i alle sentrum i regionen, utanom Måløy. 

Avstandar til Nordfjord frå: 

  •  Oslo via Otta: ca 500 km
  •  Oslo via Fagernes: ca 470 km
  •  Bergen via Lavik: ca 250 km
  •  Trondheim via Otta: ca 450 km
  •  Ålesund: ca 150 km

Vegmeldingar finn du på https://www.vegvesen.no/. Her finn du også oversikt over kortid vinterstengde vegar opnar for sesongen. 

Om du kjem frå Otta, husk at siste bensinstasjon før Stryn er i Bismo. Det er kjedeleg å gå bensintørr når du køyrer over eit fjell ;) 

 

Kasper M. De Thurah

 

Køyrer du bubil?

 
I Nordfjord finn du mange flotte campingplassar, idyllisk plassert mellom høge fjell, ved fjorden, innsjøar og ved den flotte kyststripa vår. Vi oppfordrar sterkt om å nytte campingplassane i regionen, i staden for å parkere langs vegen. Dei fleste campingplassane har toalett, dusjar, moglegheter for vask av klede og avfallshandtering.

Bubil

 

Her er oversikt over tømmestasjonar i Nordfjord: 

Stryn kommune: 

Stryn sentrum ved Stryn Taxi 

Lodalen på Sande camping 

Oldedalen på Gytri camping 

Oldedalen på Melkevoll Bretun 

Innvik på Viking camping 

Vågsøy kommune:

Måløy, ved renseanlegg 

Refviksanden 

Måløy bobilhavn 

Stad kommune:

Circle K 

Nordfjord Ferie og Fritidsenter

Selje sentrum

Gloppen kommune:

Esso i Byrkjelo 

Gloppen Camping og Fritidssenter i

Hornindal kommune:

Grodås

Horndøla bru 

 

Allemannsretten

Allemannsretten gir alle rett til å ferdast fritt og opphalde seg der dei ønsker i naturen – uavhengig av kven som eige grunnen og er eit viktig grunnlag for eit aktivt friluftsliv. Det er ein del av den norske kulturarven og det er ein fellesgode alle kan nyte av. Norsk natur har plass til alle, om alle viser omsyn. 

  • Motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forbode. 
  • Når du parkerer bilen må du forsikre deg om at ingen blir sperra inne. Du må passe på at parkeringa ikkje er i strid med trafikkreglane eller lokale restriksjonar. 
  • Det er ikkje tillate med camping på rasteplassar langs vegen. Dei er berre berekna for kortarte opphald. 
  • Når du rastar må du rydde opp etter deg. Ta med avfallet til nærmaste søppeldunk – ikkje grav det ned eller legg det under ein stein. Forlat alltid plassen slik du ønskjer å finne den.
  • Eingongsgrillar skal leggast i nærmaste søppelcontainer. Ikkje sett eingongsgrillen direkte på gras eller tørt underlag. Vær ekstra obs i tørre periodar. 
  • Ikkje parker nær hus eller hytter slik at du forstyrrar for andre. Ikkje camp mindre enn 150 meter frå hus eller hytte. Set du opp camp nærmare, må du få løyve frå eigar. Det same gjeld om du oppheld deg meir enn to dagar på same plass.
  • Ikkje kast avfall i sjøen.

 

Thomas Sagvik