Gardsbrenneriet

Gardsbrenneriet

Gardsbrenneriet ligg solrikt og lunt til på Hauge, på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. Gloppen er kjend for eit sterkt landbruk og eit levande lokalmatmiljø – her blir lokale råvarer foredla til...

Gardsbrenneriet ligg solrikt og lunt til på Hauge, på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. Gloppen er kjend for eit sterkt landbruk og eit levande lokalmatmiljø – her blir lokale råvarer foredla til unike smaksopplevingar.
Verksemda vart starta av Synnøve og Jann i 2012 på familiegarden Jørnbruket. Det som byrja med pressing av eigne eple, har utvikla seg til eit eplepresseri, sideri og handverksdestilleri med eit breitt spekter av drikkevarer. Sortimentet omfattar mellom anna alkoholfri sider, handverksbrus, briskeøl, tonic, sider, hard seltzer, handverkscocktailar, frukt- og bærlikørar, vodka, rom, gin, akevitt og fruktbrennevin.

Verksemda har ein sterk drivkraft for å utvikle nye produkt basert på norske
Verksemda vart starta av Synnøve og Jann i 2012 på familiegarden Jørnbruket. Det som byrja med pressing av eigne eple, har utvikla seg til eit eplepresseri, sideri og handverksdestilleri med eit breitt spekter av drikkevarer. Sortimentet omfattar mellom anna alkoholfri sider, handverksbrus, briskeøl, tonic, sider, hard seltzer, handverkscocktailar, frukt- og bærlikørar, vodka, rom, gin, akevitt og fruktbrennevin.

Verksemda har ein sterk drivkraft for å utvikle nye produkt basert på norske råvarer. Kombinasjonen av dyrkekompetanse, tradisjonshandverk lært av kårfolket på garden og fagutdanning som kjemikarar har gjort det mogleg å utvikle eige produksjonsutstyr og eigne metodar. Dette har resultert i innovative produkt som mysebrennevin – laga av ein restressurs frå osteproduksjon – rom basert på norske sukkerbetar og fermentert hard seltzer.

Det blir arbeidd aktivt med berekraft og god ressursutnytting. Utsorterte råvarer som pressfrukt, plommer, myse og potet får nytt liv. Heile verdikjeda, frå råvare til ferdig produkt, skjer innanfor eiga verksemd. Her får ein smaken av Nordfjord – frå jord til glas.

Jørnbruket – ein gard med lange tradisjonar

Jørnbruket er ein del av den gamle storgarden Hauge, med spor av busetnad heilt tilbake til eldre jernalder. Her har det vore dyrka frukt sidan 1800-talet, og sidan 1930-talet har planteoppal og grønsaksdyrking vore ein del av drifta. Det gode fjordklimaet gir ypparlege vekstvilkår for frukt, bær og grønsaker, og garden har til og med si eiga eplesort – Haugeeplet.

Måneskinshagen – økologisk dyrking og kulturarv

I dag blir det dyrka økologiske eple og rabarbra på Jørnbruket. Kulturarven blir teken vare på gjennom satsing på historiske sortar, og epletre blir poda og rabarbraplantar ala opp på garden. Det blir også dyrka andre vekstar til bruk i drikkevarene – mellom anna dill til sommarakevitt.

Om våren er det økologisk planteoppal med over 100 ulike sortar grønsaker og krydder. Det blir lagt særleg vekt på gamle kulturarvsortar som er godt tilpassa fjordklimaet.

To besøksstader:

● Gardsbrenneriet og Måneskinshagen – Øvre Nordstranda 96:

På garden finn ein frukt- og bærpresseri, sideri og destilleri. Her blir også utsorterte råvarer som pressfrukt, plommer, myse og potet vidareforedla og gjevne nytt liv som edle dråpar. I sommarsesongen kan ein bestille omvising på garden og lære meir om historia, råvarene og produksjonen.

Frå midten av april til midten av juni er det sjølvbetent utsal av økologiske grønsaks- og krydderplantar ved nedkøyringa til garden.

● Nordfjord Distillery – Industrivegen 12:

Her ligg det moderne tapperiet og eit heilårsope fabrikkutsal.

I fabrikkutsalet kan ein handle lokalmat og alkoholfrie og lågalkoholhaldige produkt. Om våren blir det tilbydd økologiske dyrkefrø, og om hausten finn ein utstyr og råvarer til vidareforedling av frukt og grønt.

Her kan ein også bestille omvising og smaking i Gildehallen – Nordfjord Distillery sin eigen bar.


Velkomne på besøk i 2026. Gardsbrenneriet tilbyr:
● Heilårsope fabrikkutsal
● Omvising og smaking hos Nordfjord Distillery
● Omvising på garden i sommarsesongen
● Sesongope utsal av økologiske grønsaksplantar om våren

Besøk nettsida for bestilling og meir informasjon om opplevingar og sesongtilbod.
Book no

Info:

Attributes

Sommer
Vinter
Vår
Høst