Hoven Restaurant

Hoven Restaurant

På kanten av fjellet med utsikt over fjorden - på toppen av Loen Skylift - ligg ein restaurant som tatt ut av ein James Bond-film. Her møter du turgåarar, klatrarar og feststemte menneske som alle yns...

På kanten av fjellet med utsikt over fjorden - på toppen av Loen Skylift - ligg ein restaurant som tatt ut av ein James Bond-film. Her møter du turgåarar, klatrarar og feststemte menneske som alle ynskjer å nyte eit måltid heilt på kanten.
Råvarene kjem hovudsakleg frå nærområdet, og det gjeld også drikkevarene; eplejuicen kjem frå bygda ved foten av fjellet, vatnet kjem frå den mektige Jostedalsbreen og Odin sitt eige øl vert brygga lokalt. På Hoven er det ulike arrangement gjennom året, blant anna konsertar og eksklusive middagar.

Inne i restauranten finn du ein bar med eit stort utval av alkoholhaldige og alkoholfrie drikkevarer. Du kan velge om du vil sitje i baren eller ute på vestterrassen.

I Skyshop på takterrassen

I Skyshop på takterrassen finn du kanelbollar og is, samt varm sjokolade, kaffe, te, cappuccino, espresso og mineralvatn. Her finn du også gåveartiklar og souvenirar.

Info: